Karesuando

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 68°26′22.520″N 22°28′5.0556″E

Karesuando
Land  Sverige
Areal 74 km²
Folketal 279 (31. desember 2020)
Kart
Karesuando
68°26′27″ N 22°28′50″ E
Wikimedia Commons: Karesuando

Karesuando (finsk Kaaresuvanto, nordsamisk Gárasavvon) er nordlegaste tettstaden, kyrkjebyen og soknet i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 313 innbyggjarar. Staden fekk sin første faste busetnad i 1670, då Måns Mårtensson Karesuando, òg kalla Hyvä Maunu Martinpoika, kjøpte samen Henrik Nilsson Nikkas' jord, fiskevatn, utmark og beitemarker. Den første kyrkja på staden blei bygd 1816. Staden ligg i Kiruna kommun.

Soknepresten, vekkingspredikanten og botanikaren Lars Levi Læstadius virka i Karesuando frå 1826 til 1846, der han starta den vekkinga som er kjend som læstadiansmen, oppkalla etter han. Frå 1828 var han busett i Laestadiuspörtet i Karesuando.

Denne artikkelen om Karesuando gjeld den svenske sida. Det svenskspråklege namnet Karesuando kan òg sikte til tettbusetnaden i Kaaresuvanto på finsk side av elva, sjølv om han primært brukar den finske eller samiske namneforma om seg sjølv. Dei vert vanlegvis rekna som to ulike tettstader, då det heiter at same tettstad eller by ikkje kan ligge i to ulike land. I Finland har enkelte derimot framleis den oppfatninga at det er éin tettstad, sidan busetnaden på begge sider av elva tradisjonelt var finskspråkleg, og dei begge har namnet Kaaresuvanto på finsk. Ved grunnskulane heller ein på den finske sida til sør-finske dialektar, medan ein på den svenske sida lærer svensk.

E8 går gjennom finske Kaaresuvanto og er det nordlege endepunktet for E45. Karesuando er endepunkt for den svenske Riksväg 99. Brua over elva blei opna i 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]