Kari Traa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Traa


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. januar 1974 (50 år)
Voss herad
Idrett freestylekøyring
Tok del i

Vinter-OL 1992, freestyle skiing at the 1998 Winter Olympics – women's moguls, freestyle skiing at the 2002 Winter Olympics – women's moguls, freestyle skiing at the 2006 Winter Olympics – women's moguls

Utmerkingar

Årets nynorskbrukar, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Pillarguriprisen

Kari Traa (fødd 28. januar 1974) er ein norsk fristilalpinist. Ho byrja med skikøyring allereie som treåring, og med fristil som sekstenåring. Traa vann sitt fyrste internasjonale skirenn i 1997, og har sida den gong vorte olympisk meister, vunne den totale verdscupen fleire gonger og vunne fleire NM-titlar.

Traa fekk nasjonal merksemd i 2001 då ho stilte opp nesten naken til ein biletserie i bladet Ultrasport under tittelen «Uten en Traa».

Traa har òg sin eigen kleskolleksjon med fargerike sportsklede. Ho starta bedrifta Kari Traa AS i 2002, og spesialiserte seg då på huer. Etter kvart omfatta kolleksjonen hennar òg T-skjorter, genserar, jakker og bukser.

Kari Traa vart kåra til Årets nynorskbrukar i 2006.[1] I 2008 fekk ho Nynorsk næringslivspris.[2]

Saman med Egor Filipenko kom Kari til finalen i TV 2 si tevling Skal vi danse i 2011.[3]

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL i Torino 2006 - Sølvmedalje (singelkøyring)
  • VM i Ruka, Finland 2005 - Sølvmedalje (parallellkøyring)
  • VM i Deer Valley, USA 2003 - Gullmedalje (parallellkøyring)
  • VM i Deer Valley, USA 2003 - Gullmedalje (singelkøyring)
  • OL i Salt Lake City 2002 - Gullmedalje (singelkøyring)
  • VM i Whistler, Canada 2001 - Gullmedalje (parallellkøyring)
  • VM i Whistler, Canada 2001 - Gullmedalje (singelkøyring)
  • VM i Meiringen, Sveits 1999 - Sølvmedalje (parallellkøyring)
  • VM i Meiringen, Sveits 1999 - Sølvmedalje (singelkøyring)
  • OL i Nagano 1998 - Bronsemedalje (singelkøyring)

Ho har òg vunne verdscupen i fristil totalt 3 år, og har til saman 33 fyrsteplassar i verdscuprenn. I tillegg har ho teke heim 8 noregsmeisterskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kari Traa er «Årets nynorskbrukar»», Firda (på norsk), 21. juni 2006, henta 20. januar 2022 
  2. Noregs Mållag, 05.12.08: Nynorsk næringslivspris 2008 til Kari Traa AS, arkivert frå originalen 12. januar 2014, henta 19. januar 2022 
  3. AS, TV 2 (12. november 2011), «Atle Pettersen vant «Skal vi danse 2011»», TV 2 (på norsk), henta 20. januar 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kari Traa