Kari Hotakainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kari Hotakainen (2009)

Kari Hotakainen (fødd 9. januar 1957) er ein finsk forfattar. Han er fødd i Pori (Björneborg) men blei utdanna ved universitetet i Helsinki og har sidan 1986 budd fast i byen.

Kari Hotakainen har arbeidd som journalist og reklamemann og debuterte som lyrikar i 1982. I 1996 tok han til å skriva på heiltid. Hotakainen har skrive fleire diktsamlingar og romanar, men også barnebøker og radio- og fjernsynsdramatikk. I tillegg er nokre av bøkene hans vorte filmatiserte.

Romanane til Hotakainen skildrar gjerne middelaldrande, middelmådig menn med ein lidenskap, som i Juoksuhaudantie (2002, norsk På hjemmefronten 2004), der Matti Virtanen, ein mann med det vanlegaste føre- og etternamnet i Finland, gjer alt for å få tak i ein einebustad.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

På norsk: 2004 På hjemmefronten, omsett av Tor Tveite (Cappelen, Oslo) ISBN 82-02-23219-8
På norsk: 2006 Isakskatedralen, omsett av Tor Tveite (Cappelen, Oslo) ISBN 82-02-24858-2
På norsk: 2009 De skjødesløse, omsett av Tor Tveite (Cappelen Damm, Oslo) ISBN 978-82-02-27400-9

Filmar som byggjer på Kari Hotakainens romanar[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]