Kari Kjønaas Kjos
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Kjønaas Kjos (fødd 25. januar 1962 i Oslo) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Akershus fylke i 2005 og valt på nytt i 2009.
Kari Kjønaas Kjos har yrkeserfaring som assistent i barnehage, som reiseleiar, sekretær og som dagleg leiar i Økonomisko 1995-2000. Ho studerte ved Handelshøyskolen BI 1993-95, og var fylkessekretær / rådgivar i FrP 2000-05.
I perioden 1999-2007 var ho var medlem av Lørenskog kommunestyre og formannskap.
Stortingskomitear [endre]
- 2005–2009 medlem av Arbeids- og sosialkomiteen.
- 2009–2013 medlem av Helse- og omsorgskomiteen.