Karianne Arntzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karianne Arntzen
Fødd19. mai 1967 (56 år)
FødestadSandnes
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Karianne Arntzen (fødd 19. mai 1967) er ein norsk musikar frå Sandnes. Ho byrja å lage melodiar og eigne tekstar på dialekt på midten av 90-talet, og i 1999 fekk ho utgitt ein låt på ein samle-CD for kvinnelege artistar (Stiff Nipples vol. 2). Ho har samarbeida med ulike musikarar opp igjennom, og hausten 2004 starta ho Karianne Arntzen Band.[1] Dei har mellom anna spelt på Norwegian Wood si talentscene Underwood,[1] Egersund Visefestival, Cementen m.fl.

Arntzen fekk fonogramstøtte frå Fond for utøvende kunstnere i desember 2006,[2] og gav ut albuma I går kveld (2007) og Sant (2011), begge på Via Music.[1] Karianne Arntzen har også arbeidd som tekstforfattar for ei rekkje andre norskspråklege artistar. I 2016 blei Hilde Selvikvåg nominert til Spellemann i visekategorien, med albumet Slepp meg fri, der Arntzen hadde skrive sju av tekstane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Karianne Arntsen Band Arkivert 2010-01-27 ved Wayback Machine. Aftenbladet.no
  2. Visepop på Sandnesmål[daud lenkje] Aftenbladet.no