Karianne Arntzen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karianne Arntzen (fødd 1967 i Sandnes) er ein norsk musikar. Ho byrja å lage melodiar og eigne tekstar på dialekt på midten av 90-talet, og i 1999 fekk ho utgitt ein låt på ein samle-CD for kvinnelege artistar (Stiff Nipples vol. 2). Ho har samarbeida med ulike musikarar opp igjennom, og hausten 2004 starta ho Karianne Arntzen Band. Dei har mellom anna spelt på Norwegian Wood si talentscene "Underwood", Egersund Visefestival, Cementen m.fl.