Karikatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Heiberg (til venstre) og Hjalmar Christensen. Karikatur av Andreas Bloch i Korsaren (1897).

Ein karikatur er ei komisk framstilling av ein person, der spesielle trekk ved utsjånaden eller personlegdomen til personen vert trekte fram og latterleggjorte. Målet med ein karikatur kan vera uskuldig eller vondsinna humor, eller å latterleggjera synspunkta til folk ein er usamd med.

Ein karikaturteikning er ei teikning av ein person der visse trekk er svært overdrivne. Karikaturar er som ein parodi på eit portrett. Karikaturar blir ofte nytta i vitseteikningar, gjerne med politisk innhald, eller kan nyttast som uhøgtidelege illustrasjonar. Kjente personar vert det ofte laga karikaturar av, men det er også vanleg at karikaturteiknarar teiknar vanlege personar mot betaling.

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.