Karim Masimov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karim Masimov

Karim Qazjymqanuly Masimov eller Kärim Qazjymqanuly Mäsimov (kasakhisk Кәрім Қажымқанұлы Мәсімов), fødd 15. juni 1965 i Tselinograd (no Astana), er ein kasakhstansk politikar som var statsminister i Kasakhstan frå 10. januar 2007 til 24. september 2012.

Masimov er etnisk uigur. Han vart utdanna mellom anna på Patrice Lumumba-universitetet for folka sitt venskap i Moskva og i Beijing og Wuhan i Kina. I 1991 jobba han i arbeidsministeriet i Kasakhstan. Frå 1992 til 1995 jobba han i Kina og Hong Kong for kasakhstanske kommersielle strukturar. Frå 1995 til 2000 hadde han leiarstillingar i fleire bankar i Kasakhstan. Han gjekk inn i regjeringa i 2000 som samferdselsesminister. I 2001 vart han visestatsminister, 2003 rådgjevar for presidenten. I 2006 vart han igjen visestatsminister. President Nursultan Nazarbajev utnemnte han som statsminister i januar 2007 etter at forgjengaren, Danial Akhmetov, gjekk av.

Masimov beherskar russisk, engelsk, kinesisk, arabisk og uigurisk. Han er gift og har tre born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell heimeside på engelsk og russisk.