Karin S. Woldseth
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karin S. Woldseth (fødd 9. august 1954 i Oslo) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Hordaland i 2001.
Woldseth tok Valdres folkehøgskule 1972-1973, Vidaregåande, Oslo språkskole 1973-1975, Studentfagkurs ved Wang 1978-1979 og Handelsakademiet (økonomi) 1979-1983.
Woldseth var revisormedarbeidar 1983-1984, økonomi og personalansvarleg ved Åsane Senter 1987-1991, timelærar ved Hellen skole 1991-1992, gjeldsrådgjevar ved Fana sosialkontor 1992-1993 og gjeldsrådgjevar ved Fjell sosialkontor 1993-1997.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–2013: medlem av Utanriks- og forsvarskomiteen; leiar av den norske delegasjonen til Europarådet 2009 - 2013;
- 2005–2009: medlem i Familie- og kulturkomiteen; varamedlem av den norske delegasjonen til Europarådets parlamentarikerforsamling
- 2001–2005: medlem i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
- 2001–2005: andre nestleder i Valkomitéen
Anna [endre]
- Medlem av Nordisk Råd 2005-2009 forbrukerkommiteen
- Medlem av den norske delegasjonen til Europarådet, i komiteane for likestilling og for overvaking
- Leder av den norske delegasjonen til Europarådet 2009 - 2013 og medlem av den politiske komiteen, overvakingskomiteen ( her nestleiar i komiteen) og Standing committee