Karius og Baktus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete frå 1958-utgåva av boka. I 1949-utgåva hadde begge raudt hår.

Karius og Baktus er ei forteljing av Torbjørn Egner om to små tanntroll som gjer livet surt for ein gut, Jens, fordi dei hakkar og lagar hol i tennene hans. Forteljinga var eit ledd i å forbetre tannhelsa blant barn og unge i etterkrigstida, og gjorde eit varig inntrykk på mange born og unge.

Soga om Karius og Baktus er ein moraliseranede fabel om kva som kan skje om ein ikkje tek vare på tennene sine, men ho skil seg ut ved å vera fortald frå dei ganske likandes skurkane si side.

Forteljinga om Karius og Baktus var først eit høyrespel, men kom ut som illustrert barnebok i 1949. Ivo Caprino gjorde henne seinare om til animasjonsfilm. Ei nynorsk omsetjing av Halldis Moren Vesaas kom i 2006.

Namna på dei to trolla er inspirert av karies og bakterie. Karius har svart hår og Baktus har raudt hår.