Karjol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karjol på tysk frimerke frå 1852

Karjol er eit tohjula hestedrive køyretøy til persontransport. Nemninga karjol skriv seg frå fransk carriole, som er ei avleiing frå det keltiske carrus, og som beytr 'lett vogn'.

Karjolen romma ein kusk og ein til to passasjerar som alle sat i eit sete, plassert beint over hjulakslingen. Vogna hadde ein skvettskjerm i forkant, til vern mot sprut og hestelort, og ein polstra benk for passasjerane som vende framover. Karjolen var ofte utstyrt med nedfellbar kalesje for dei reisande. Karosseriet var lett, for å gjere farten høgst mogleg og spare hesten for kraftbruk.

Karjolen vart brukt av skyssbønder og postbønder til transport av embets- og bestillingsmenn og andre som var på reise. Postsendingar som var for store til å gå i ein sadelsekk vart ofte frakta med karjol. Mange hesteeigarar hadde ikkje karjol, men andre, og for dei nyttigare, farkostar på både to og fire hjul.

Karjolen var i Noreg i bruk frå kring 1800 til 1940-åra. I tiåra frå fyrste verdskrigen fram til 1940-talet vart han som framkostmiddel meir og meir bytta ut mot bilen.

Lenke[endre | endre wikiteksten]