Karl-Günther Heimsoth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl-Günther Heimsoth
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 4. desember 1899
Berlin-Charlottenburg
Død

1934 (34 år)
Berlin

Yrke lege, gynekolog, skribent
Politisk parti NSDAP

Karl-Günther Heimsoth (4. desember 18991934) var ein tysk medisinar, forfattar og politikar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst, krigsdeltaking og studium (1919 til 1924)[endre | endre wikiteksten]

Karl-Günther Heimsoth var fødd i Charlottenburg i Berlin. Han voks opp i ein borgarleg heim i Dortmund, der han i juni 1917 tok artium. [1] Våren 1918 gjekk han med i første verdskrigVestfronten og oppnådde etterkvart graden løytnant. Han skal ha forlate hæren i april 1919 på grunn av "endra politiske tilhøve". Same året byrja han å studera medisin i Tübingen og Jena, og tok tilslutt sin avsluttande eksamen i Rostock. I åra 1920 og 1921 avbraut han fleire gonger studiane for som medlem av eit frikorps å delta i opptøyane i Ruhr-området og Oberschlesien.

I 1924 fullførte Heimsoth sin doktoravhandling som hadde tittelen Hetero- und Homophilie og som handla om likekjønna kjærleik og seksualitet.[2] På dette tidspunktet var «homofili» knapt noko kjent omgrep (i motsetning til «homoseksualitet»), sjølv om det viser seg at eit medlem av den tyske homorørsla nytta eit liknande omgrep allereie i 1904.[3]

I avhandlinga argumenterte Heimsot for at det i erotiske og venskaplege relasjonar finst særskilde lovbundne samanhengar der ein søkar etter det same. Denne homofili kan både finnast i bindingar mellom menn og mellom kvinner. I motsetnad til dette såg Heimsoth heterofili som relasjonar og samliv som var prega av motsetnader. Til heterofili rekna han også forhold mellom ein feminisert og ein mannleg mann.

Heimsoth si forståing av homoseksualitet og mannleg venskap knytar seg til førestillingar som var utvikla av Otto Weininger i Kjønn og karakter (1903) og Hans Blüher i Die Rolle der Erotik in der männlichen Gesellschaft (1919). Utgangspunktet var teorien til sistnemnde om den mannlege eros sin funksjon i samfunnet. Frå Weininger overtok han lova om den polære bindinga som drivkraft for seksuell sameining, men utfylde ho med ein andre lov om homopolar binding. Med dette freista han bevisa at ein mannleg mann kunne elska og vera seksuelt tiltrekt av ein annan mannleg mann.

Aktivist og publisist under Weimarrepublikken (1924 til 1928)[endre | endre wikiteksten]

Etter at han i 1924 hadde fått doktorgraden arbeidde Heimsoth som lege i Kiel, samtidig som han engasjerte seg i den tyske homorørsla.[4] Heimsoth tok avstand frå Wissenschaftlich-humanitäre Komitee (WhK) leia av Magnus Hirschfeld: Etter hans meining var teorien om homoseksuelle som eit tredje kjønn med biologisk og arveleg basis feil. I artikkelen „Freundesliebe oder Homosexualität“, som blei publisert i 1925 i tidsskriftet Der Eigene, kom antisemittismen til Heimsoth tydeleg fram: „Mannsheltens heroiske venskapskjærleik står idemessig og forståingsmessig framand overfor den jødiske ånda."[5] Heimsoths ideal var ein viril og arisk mann. Homoerotiske venskap mellom menn skulle binda samfunnet hierarkisk saman. [6] Døme på slike mannsheltar og slike venskapar meinte Heimsoth å finna mellom soldatane under første verdskrig og i miljøa kring frikorpsa.

Mellom 1925 og 1928 utdanna Heimsoth seg innan astrologi i Wien. I boka Charakter-Konstellation: Mit besonderer Berücksichtigung der Gleichgeschlechtlichkeit frå 1928 søker han å sameina psykoanalyse og astrologi samt å visa ein samanheng mellom stjernekonstellasjonar ved fødselen og homoseksualitet.

Relasjonen til Ernst Röhm (1928 til 1934)[endre | endre wikiteksten]

I 1928 skreiv Heimsoth til Ernst Röhm, som hadde vore dømd for landssvik grunna si deltaking i ølkjellarkuppet til Hitler. Heimsoth tolka passasjar frå Röhm si bok Historia til ein høgforrædar som løynde vedkjenningar om Röhms homoseksualitet. Med bakgrunn i dei pågåande parlamentariske debattane om § 175 i den tyske straffelova som forbaud seksuelle forhold mellom menn, der NSDAP gjekk inn for ein skjerpa forfølging av homoseksuelle, [7] håpa Heimsoth å vinna Röhm for saka. Röhm viste seg å stadfesta mistanken til Heimsoth. Han svarte at han i eit tidlegare utkast av boka hadde vore tydelegare om det homoseksuelle elementet, men var blitt frårådd å skriva ope om det. Han stadfesta også at han ville kjempa mot § 175.[8]

Röhm og Heimsoth trefte einannan på slutten av 1928, dei fekk eit venskapeleg forhold og besøkte saman homofile møtestader i Berlin.[9] I 1930 overtok Röhm leiinga av SA. Statsadvokaten i München undersøkte i april 1931 Röhm for "unaturleg utukt", og i juli 1931 kverrsette politiet i Berlin Röhm sine brev. Ved årsskiftet 1931/32 fekk den sosialdemokratiske publisisten Helmuth Klotz tak i breva, og han offentleggjorde dei i mars 1932.

Heimsoth blei medlem av NSDAP 1. mai 1933. Det er likevel mogleg - slik utsegner frå til dømes Otto Strasser tyder på, at han var ein «glødande nasjonalsosialist» også før 1933.[10] I 1930 og 1931 høyrde Heimsoth til Strasser si gruppe av nasjonalsosialistar utanfor NSDAP Kampfgemeinschaft Revolutionärer Nationalsozialisten, der han dels fekk viktige posisjonar. [11] I august 1931 gjekk han ut av Strasser sin organisasjon. I staden slutta Heimsoth seg til nasjonalistgrupperinga innan KPD kring Beppo Römer. Heimsoth var i tillegg informant for det militærpolitiske appratet til KPD.[12]

Etter at nasjonalsosialistane tok over makta, gav Heimsoth framleis informasjon til KPD, sjølv om han no offisielt høyrde til NSDAP.[13] Heimsoth blei truleg likvidert i samband med Röhm-putsjet ("Dei lange knivars natt") i juli 1934 i Berlin.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Hetero- und Homophilie. Eine neuorientierende An- und Einordnung der Erscheinungsbilder, der „Homosexualität“ und der „Inversion“ in Berücksichtigung der sogenannten "normalen Freundschaft" auf Grund der zwei verschiedenen erotischen Anziehungsgesetze und der bisexuellen Grundeinstellung des Mannes, Dortmund 1924. (Dissertation)
  • Charakter-Konstellation. Mit besonderer Berücksichtigung der Gleichgeschlechtlichkeit, München 1928.
  • Freikorps greift an! Militärpolitische Geschichte und Kritik der Angriffs-Unternehmen in Oberschlesien 1921, Berlin 1930.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bernd-Ulrich Hergemöller: Mann für Mann. Biographisches Lexikon zur Geschichte von Freundesliebe und mannmännlicher Sexualität im deutschen Sprachraum. MännerschwarmSkript Verlag, Hamburg 1998, ISBN 3-928983-65-2, S. 331f.
  2. Sjå: Nieden: Freundesliebe, S. 329ff.
  3. Treng referanse.
  4. Susanne zur Nieden: „Aufstieg und Fall des virilen Männerhelden. Der Skandal um Ernst Röhm und seine Ermordung“, in: Susanne zur Nieden (Hrsg.): Homosexualität und Staatsräson. Männlichkeit, Homophobie und Politik in Deutschland 1900−1945, Campus Verlag, Frankfurt am Main 2005, ISBN 3-593-37749-7, S. 147−192, hier S. 149.
  5. Karl Günther Heimsoth: „Freundesliebe oder Homosexualität. Ein Versuch einer anregenden und scheidenden Klarstellung“, in: Der Eigene, 1925, S. 415-425. Sitert av Nieden: Freundesliebe, S. 332.
  6. Nieden: Freundesliebe, S. 333.
  7. Talen til parlamentsmedlemmet Wilhelm Frick (NSDAP) 22. Juni 1927, sjå Reichstagsprotokoll
  8. Brev frå Röhm til Heimsoth frå 3. desember 1928, sitert av Nieden, Aufstieg, S. 154.
  9. Nieden, Aufstieg, S. 155.
  10. Otto Strasser: Flight from Terror, 1943, S. 189.
  11. Patrick Moreau: Nationalsozialismus von links. Die »Kampfgemeinschaft Revolutionärer Nationalsozialisten« und die »Schwarze Front« Otto Straßers 1930-1935. Deutsche Verlags-Anstalt, Stuttgart 1985, ISBN 3-421-06192-0, S. 60.
  12. Bernhard Kaufmann, Eckhard Reisener, Dieter Schwips, Henri Walther: Der Nachrichtendienst der KPD 1919−1937. Dietz Verlag, Berlin 1993, ISBN 3-320-01817-5, S. 230.
  13. Kaufmann, Nachrichtendienst, S. 291.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Claudia Bruns, Susanne zur Nieden: »Und unsere germanische Art beruht bekanntlich zentnerschwer auf unserem Triebleben …« - der arische Körper als Schauplatz von Deutungskämpfen bei Blüher, Heimsoth und Röhm. In: Paula Diehl (Hrsg.): Verkörperung – Entkörperung. Körperbilder und Körperpraxen im Nationalsozialismus. Fink, München 2006, ISBN 3-7705-4256-8, S. 111-128.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]