Karl Akre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Akre
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. mars 1840
Alta
Død

14. mars 1912 (71 år)
Vadsø kommune

Yrke politikar, redaktør, lærar
Språk norsk, nynorsk
Politisk parti Venstre

Karl Akre (26. mars 184014. mars 1912) var ein norsk lærar og stortingsmann frå Alta i Finnmark. Han representerte Venstre.

Akre var son til ein gardbrukar. Han var lærar i Alta frå 1859, lærar og kyrkjesongar i Kjelvik i 1862. Året etter vart han uteksaminert frå Tromsø seminar. I 1865 vart han tilsett som andrelærar ved folkeskulen i Vadsø, fyrstelærar frå 1884. Styrar ved skulen i 1911.

Akre var medlem av bystyret i Vadsø frå 1869 til 1910. Han var formann i skulestyret og forlikskommissær. I 1875 gav han og Ananias Brune ut to nummer av bladet Finnmarkingen på eit landsmål prega av nordnorsk dialekt. Ottar Grepstad meiner Akre «må ha vore ein av dei første folkevalde som sette landsmålet på prent».[1]

Perioden 1886-88 var Akre valkrinsen Hammerfest, Vardø og Vadsø sin representant på Stortinget. Der var han medlem av konstitusjonskomiteen.

Akre døydde i Vadsø i 1912.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Grepstad, Ottar: Avisene som utvida Noreg. 2010
  • Biografisk informasjon om Karl Akre NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grepstad, Ottar:Avisene som utvida Noreg, s. 44