Karl Brjullov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Brjullov

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 12. desember 1799
St. Petersburg
Død

11. juni 1852 (52 år)
Manziana

Yrke kunstmålar, arkitekt, grafikar
Språk russisk
Medlem av Accademia delle Arti del Disegno
Far Paul Bruleau
Ektefelle Emilie Timm
Karl Brjullov på Commons

Karl Pavlovitsj Brjullov (russisk Карл Павлович Брюллов) (12. desember 179911. juni 1852) var ein internasjonalt anerkjend russisk målar. Han vert rekna for å vere ein nøkkelfigur i overgangen i russisk kunst frå nyklassisisme til romantikk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Som son av franske innvandrarar i St. Petersburg følte Carlo Brulleau (namnet hans fram til 1822) dragning mot Italia i sine unge år. Trass i si utdanning ved Det keisarlege kunstakademiet (1809–21), tok Brjullov aldri heilt etter den klassisistiske stilen han vart opplært i av sine lærarar, og som broren hans, Aleksandr Brjullov, måla i. Etter å ha utmerkt seg som ein lovande og skapande elev flytta han til Roma, der han arbeidde fram til 1835. Han måla portrett og sjangermåleri, men kjend som kunstnar vart han ikkje før enn han tok til å lage historiemåleri.

Pompeiis siste dagar,1830–33

Hans best kjende verk, Pompeiis siste dagar (1830–33), er ein veldig komposisjon. Verket fekk mykje merksemd i Italia og etablerte Brjullov som ein av dei fremste, samtidige kunstnarane i Europa. Etter å fullført verket reiste han heim til Russland og busette seg i den russiske hovudstaden. I Moskva fekk han innpass i aristokratiet og hos den intellektuelle eliten. Han fekk ei framskoten stilling i St. Petersburgs kunstakademi.

Medan han underviste ved akademiet (1836–48) utvikla han ein portrettstil som kombinerte enkel neoklassisistisk stil med ein romantisk tendens som smelta dei to stilartane saman på ein vellukka måte. Hans drag mot realisme kom til syne og vart tilfredsstilt gjennom grundig avdekking av psykologiske trekk. Medan han arbeidde med himlingen i Isakskatedralen, forverra helsa hans seg brått. På råd frå doktoren sin forlet Brjullov Russland i 1849 og reiste til Madeira. Sine tre siste leveår budde han i Italia. Han døydde i Roma og vart gravlagd ved Cemeterio degli Inglesi i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]