Karl Ditters von Dittersdorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Ditters von Dittersdorf
Dittersdorf.jpg
Karl Ditters von Dittersdorf
Verkeleg namn August Karl Ditters von Dittersdorf
Fødd 2. november 1739, Wien i Austerrike
Død 24. oktober 1799, Neuhof i Tsjekkia
Periode Klassisismen
Sjanger Solkonsertar, kammermusikk, symfoniar
Yrke Komponist
Plakett for Karl Ditters von Dittersdorf i Jeseník

August Carl Ditters von Dittersdorf (2. november 173924. oktober 1799) var ein austerriksk komponist og fiolinist.

Dittersdorf levde samstundes med Joseph Haydn og var ein av dei mest populære komponistane i Europa på si tid.[1] Han var ein virtuos fiolinist og var ein populære komponist i fleire forskjellige hofforkester. Det vart sagt at han var like populære som Haydn, Gluck og Mozart.[1] Han komponerte over 120 symfoniar, 45 operaer, mykje kyrkjemusikk og kammermusikk og skreiv ferdig sjølvbiografien sin berre dagar før han døydde. Sjølv om musikken hans sirkulerte kring Europa, fann han aldri ein fast vernar, slik Haydn gjorde, og døydde visstnok med økonomiske vanskar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ditters starta karrieren sin som fiolinvirtuos. Han var tilsett i eit kyrkjeorkester då han var 10 eller 11, og flytta så til hofforkesteret til prinsen av Sachsen-Hildburghausen. Der studerte han komposisjon under Giuseppe Bonno, som var hoffkomponist og Kapellmeister. Han møtte òg Gluck, som òg var fiolinist, og Haydn. I 1761, 21 år gammal, vart Ditters utpeikt som hoff-fiolinist. To år seinare, i 1763, reiste han utanlands for første gong, då han i lag med Gluck reiste til Italia for å spele.

Ditters forlet hoffet i 1764 etter ein krangel. Han vart så kapellmeister i hoffet til biskopen av Grosswardein, i det som i dag er Romania, og produserte hovudsakleg kyrkjemusikk dei neste fem åra. Etter ein krangel med keisarinne Maria Teresia forlet biskopen kapellet sitt, og Ditters stod utan jobb. Året etter vart Ditters kjend med fyrstebiskopen av Breslau, Schaffgotsch, som gav Ditters stillinga som hoffkomponist i 1770. Hoffet heldt til i den vesle grenda Johannisberg og for å overtale Ditters til å verte verande på ein slik avsidesliggande plass, gav prinsen han mange prisar og titlar, mellom anna Ordenen av den gylne sporen og stillinga som skogsforvaltar og dommar. I 1772 fekk Ditters status som adelsmann og la til «von Dittersdorf» til etternamnet sitt.

I løpet av åra i Johannisberg, komponerte Ditters mange symfoniar, kammerverk og operaer. Denne perioden vert rekna som den mest kreative perioden hans og ei stund var han på veg til å overta for Gassmann som kapellmeister i hoffet til keisar Josef II. I midten av 1780-åra vart fleire av verka hans framførte i prestisjefulle omstende. Seks av dei 12 Ovid-symfoniane hans vart framførte ved keisarpalasset. Med symfoniane sine fekk Ditters ry for humor og nyskaping.

I 1786 hadde den komiske operaen hans, Der Apotheker und der Doktor (Farmasøyten og legen) premiere i Wien til overveldande suksess.[1]. Det vart raskt ein av dei mest populære operaene i Europa, og spreidde seg raskt til operahus over heile kontinentet.[1] Ditters reid på denne popularitetsbølgja og komponerte åtte komiske operaer til i løpet av dei neste fem åra, og desse syngespela, verk med talt dialog og folkelege element, fekk stor påverknad det neste halve hundreåret. Av dei direkte etterfølgjarane var Mozart sin Tryllefløyten.[1]

I midten av 1790-åra gjekk stillinga med fyrstebiskop Schaffgotsch ut. Ein kjenner ikkje til kvifor. Populariteten til Ditters var òg på veg nedover. Ditters fekk ei ny stilling hos baron Ignaz von Stillfried, som i 1795 gav komponisten ly i slottet sitt i det sørlege Böhmen. Dei siste åra sine brukte han på å redigere verka sine og skrive sjølvbiografien Lebenbeschreibung (Leipzig, 1801).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Karl Ditters von DittersdorfAllmusic av Bruce Lundgren. Henta 24. juli 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Media[endre | endre wikiteksten]

Sonate i A-dur av Karl Ditters Von Dittersdorf (1739-1799). Publisert av Doblinger Music Publishers (DB.DM-01196)