Karl Evang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Evang, 1964.
Foto: Rigmor Dahl Delphin

Karl Evang (19. oktober 19023. januar 1981) var ein norsk lege, folkeopplysar og helsedirektør.

Evang var fødd i Kristiania. Han var eit sentralt medlem av Mot Dag-krinsen, var leiar av Socialistiske Lægers Forening, Evang vart i 1938 utnevnt til medisinaldirektør og sjef for Medisinaldirektoratet. Etter andre verdskrig vart namnet endra til Helsedirektoratet og tittelen til helsedirektør. Evang sat i embetet i 34 år, til 1972. Som helsedirektør var han både sjef for fagorganet Helsedirektoratet og sjef for den avdelinga i Sosialdepartementet som utvikla og gjennomførte helsepolitikk på vegne av statsråden. Slik var det mogleg med stor innverknad på utviklinga av norsk helsevesen, noko som Evang nytta seg av.

I 1932 var han med på å starta Populært Tidsskrift for seksuell opplysning. Tidsskriftet var ein stor suksess (første nummer kom i 120.000 eksemplar) og tok opp kontroversielle tema som homoseksualitet og abort. Tidsskriftet gjekk inn etter 1934-årgangen.

Gjennom stillinga som helsedirektør var Evang med på å setja sine politiske ideal om eit offentleg helsevesen og ein velferdsstat ut i livet, eit ideal som etterkvart fekk brei konsensus i alle dei politiske partia.

Karl Evang stod til venstre politisk, han var motstandar av Nato- og EU-medlemsskap, og i 1973 meldte han seg ut av Arbeidarpartiet og inn i SV.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]