Karl Fredrik av Holstein-Gottorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
CarlFriedrichErmitage.jpg

Hertug Karl Fredrik av Holstein-Gottorp (tysk Karl Friedrich, Herzog zu Holstein-Gottorp) (30. april 170018. juni 1739) var son av Fredrik IV av Holstein-Gottorp og kona hans, Hedvig Sophia, dotter til kong Karl XI av Sverige. Han vart regjerande hertug i som toåring då faren døydde i 1702, og heile livet sitt var han den rettmessige tronpretendenten til trona i Sverige, som pro forma arving til Karl XII.

Hertug Karl Fredrik var under regentskapet til mora, som han budde i lag med i Stockholm. Den daglege drifta av hertugdømet vart overlete til administratorar.

Danske troppar hadde herja landområda til hertugen under den store nordiske krigen og hadde erobra dei nordlege områda, mellom anna fedresetet til dynastiet Holstein-Gottorp, Gottorp slott.

Då onkelen på morssida, Karl XII av Sverige, døydde i 17 18, vart Karl Fredrik presentert som tronpretendent, men tanta Ulrika Eleonora d.y. (1688-1741) klarte å rive til seg trona for seg sjølv, og hevda at den elder systera ikkje hadde fått samtykke hos det svenske parlamemntet for å gifte seg med faren hans, slik det stod skrive i Norrköpings arvförening. Hertugen hevda at eineveldet i Sverige, som bestefaren kong Karl XI hadde skapt, gjorde denne klausulen irrelevant.

Karl Fredrik tapte trona og trekte seg frå Sverige, og slo seg etter kvart ned i Russland. Seinare heldt det såkalla Holsteiner-partiet i Sverige fram kravet til Karl Fredrik, men Sverige vedtok arvefølgjelover som spesifikt eksluderte Karl Fredrik og arvingane hans. Fetteren hans, Adolf Fredrik, av same Oldenburg-dynastiet, vart valt til kronprins av Sverige.

I 1720, skreiv Sverige og Danmark-Noreg under freden i Frederiksborg, der Sverige sa frå seg støtta til Holstein-Gottorp. Hertug Karl Fredrik var imot avtalen, som vart kom i stand av ei svensk regjering han meinte var i opprør mot han. Avtalen gjorde det nærast umogeleg å få tilbake dei tapte nordlege områda av hertugdømet, landområda i Schleswig. Dette var seinare motivasjonen for sonen Peter i 1762, då han var tsar i Russland, til å starte førebuingar for å nytte russiske soldatar til å gjenerobre dei tapte landområda frå Danmark.

Hertug Karl Fredrik vart gift med Anna Petrovna, tsesarevna av Russland og den eldste dottera til tsar Peter I og bondekona hans, Marta Skavronskaja (som seinare vart tsarina Katarina I av Russland).

Karl Fredrik, som då var kommandant for vakta i palasset i St. Petersburg, prøvde å sikre kona som arving til Russland då mora tsarina Katarina I av Russland døydde i 1727. Forsøket mislukkast, men sonen til Karl Fredrik og Anna Petrovna, Karl Peter Ulrik (som vart hertug av Holstein-Gottorp i 1739), vart til slutt russisk tsar i 1762, som Peter III.

Før familiemedlemmer av Holstein-Gottorp tok trona i både Sverige og Russland, døydde hertug Karl Fredrik i 1739 i den saksiske landsbyen Rolfshagen. Han er gravlagd i klosterkyrkja på Bordesholm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]