Karl IV av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl IV av Noreg
Karl XV av Sverige
Karl XV i mitten av 1860-talet.jpg
Karl IV av Noreg
Foto: Mathias Hansen
Konge av Sverige og Noreg
Regjeringstid 8. juli 1859-18. september 1872
Fødd 3. mai 1826, Stockholms slott
Død 18. september 1872 (46 år), Malmö
Gravlagd Riddarholmskyrkan i Stockholm
Føregjengar Oskar I
Etterfølgjar Oskar II
Ektefelle Lovisa av Nederland
Motto «Land skal med Lov bygges»
Hus Bernadotte
Far Oskar I
Mor Josefina av Leuchtenberg
Born Lovisa av Sverige
Karl Oskar Vilhelm Fredrik, (1852-1854)

Karl Ludvig Eugen (3. mai 182618. september 1872) var konge av Noreg og Sverige som Karl IV av Noreg og Karl XV av Sverige frå 1859 til 1872.

Karl var son av Oskar I og Josefina av Leuchtenberg. Han gifta seg 19. juni 1850 med Lovisa av Nederland. Då han blei døypt blei han utnemnd til hertug av Skåne.

Han blei krona til konge i Sverige den 3. mai og i Noreg den 5. august 1860.

Lovisa og Karl fekk to born; Karl Oskar Vilhelm Fredrik som døydde to år gamal og Lovisa. Lovisa blei seinare dansk dronning, gift med Fredrik VIII av Danmark. Ho blei mellom anna mor til Kristian X av Danmark av Danmark, Haakon VII av Norge og prinsesse Ingeborg, som blei gift med Carl Bernadotte av Sverige og var mor til kronprinsesse Märtha.

Broren Oskar II tok over trona etter Karls død.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl IV av Noreg
Spire Denne historieartikkelen som har med Noreg og Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.