Karl I av Noreg og VIII av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Knutsson (Bonde)

Karl I av Noreg

Karl VIII av Sverige
Karl Knutsson Bonde.jpg
Konge av Sverige og Noreg
Riksforstandar av Sverige
Regjeringstid Svensk konge: 1448-1457, 1464-1465 og 1467-1470

Norsk konge: 1449-1450

Svensk riksforstandar: 1438-1440
Fødd 1408 eller 1409
Død 14. mai 1470
Føregjengar I Sverige:
  1. Erik av Pommern
  2. Bengt Jönsson (Oxenstierna) og Nils Jönsson (Oxenstierna)(riksforstandarar)
  3. Kettil Karlsson (Vasa) (riksforstandar)
  4. Erik Axelsson (Tott)(riksforstandar)
I Noreg: Kristoffer av Bayern
Gift med  
  1. Birgitta Turesdotter Bielke (før 1429)
  2. Katarina Karlsdotter (10. mai 1438 i Stockholm)
Born med Birgitta Turesdotter:

med Katarina Karlsdotter:

  1. Margareta Karlsdotter (Bonde).
  2. Magdalena Karlsdotter (Bonde).
  3. Birgitta Karlsdotter (Bonde).

med Kristina Abrahamsdotter:

  1. Anna Karlsdotter (Bonde)
  2. Karl Karlsson (Bonde)

Karl Knutsson (Bonde) var svensk riksforstandar og tre gonger teken til konge av Sverige. Han var også konge av Noreg.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Karl var fødd i Finland til riddaren Knut Tordsson (Bonde) og Margareta Karlsdotter (Sparre av Tofta). Etter at faren døydde voks han opp hjå stefaren Sten Turesson (Bielke). I oppveksten drog Karl på fleire reiser utanlands og lærte seg både krigskunst og framande språk. Karl var herre til Fogelvik, Bona gård, marsk. Han høyrde til slekta Bonde, men slektsnamnet blei ikkje teke i bruk før seinare.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Karl Knutsson blei riksmarsk i 1434 og slegen til riddar og riksdrotsKristoffer av Bayern blei krona i september 1441. Han gjekk av som riksdrots i oktober det året og blei riksmarsk igjen. Frå 1442-1448 var han høvedsmannViborg i Finland.

Han fekk stadig høgare stillingar i Sverige og blei riksforstandar i 1438. Då Kristoffer av Bayern døydde i 1448 blei han vald til konge av Sverige og krona den 28. juni. Året etter til konge av Noreg. Han blei krona i Trondheim den 20. november. Eit anna norsk parti støtta derimot danskekongen Kristian, og han erstatta Karl i 1450.

Avsett[endre | endre wikiteksten]

I 1455 braut det ut krig mellom Sverige og Danmark, og samstundes låg Karl Knutsson i strid med kyrkja. Etter nokre år med krig leia erkebiskopen Jöns Bengtsson (Oxenstierna) eit folkeopprør og tvinga kongen til å flykta frå landet. Han budde i Danzig (Gdansk) fram til 1464.

Under eit nytt folkeopprør i 1463 reiste det seg eit folkeleg krav om å få kongen tilbake, og Karl VIII blei gjeninnsett året etter. Han fekk berre lita støtte frå høgadelen, og erkebiskopen byrja snart ein ny kampanje for å få han avsett. Dette nye opprørert førte til at Karl måtte gå av den 30. januar 1465. Ny strid mellom høgadelen og erkebiskopen gjorde at Karl fekk meir støtte, og då riksforstandaren Erik Axelsson (Tott) braut med danskekongen og partiet som ønskte å gjenoppliva Kalmarunionen. Dermed blei Karl VIII gjeninnsett i 1467, og drog inn i Stockholm den 12. november det året. Han måtte stadig kjempa mot unionspartiet, og striden var fortsatt i gang då kongen døydde i mai 1470 etter kort tids sjukdom.

VåpenVåpen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]