Karl Jenkins
Karl William Pamp Jenkins, CBE (fødd 17. februar 1944) er ein walisisk musikar og komponist.
Det meste av den tidlege karrieren hans var han kjend som jazz og jazz-rock-musikar og spelte mellom anna baryton- og sopransaksofon, klaverinstrument og obo, eit uvanleg instrument i jazz-samanheng. Han vart med i gruppa til jazzartisten Graham Collier og var seinare med på å grunnlegge jazzrockgruppa Nucleus, som vann den første prisen på Montreux Jazz Festival i 1970. Han vart med i Canterbury scene-progrockbandet Soft Machine i 1972 og spelte med dei til dei gav seg i 1984.
I november 1973 spelte Jenkins på konsertframføringa av Mike Oldfield sin Tubular Bells for BBC.[1]
Jenkins har laga mykje musikk for reklame og har to gonger vunne prisar på dette området. Som komponist kom gjennombrotet hans med prosjektet Adiemus. Jenkins har vore dirigent for Adiemus i Japan, Tyskland, Spania, Finland, Nederland og Belgia, samt Royal Albert Hall og Battersea Power Station i London. Adiemus: Songs of Sanctuary (1995) toppa den klassiske albumlista i Storbritannia.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Karl Jenkins» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell heimeside
- Biografi på Calyx (Canterbury music website)
- Karl Jenkins på MySpace
- Karl Jenkis sin musikk i reklamar på ADmusicDB.com
|
|
|
|---|---|
| Kevin Ayers · Elton Dean · Hugh Hopper · Mike Ratledge · Robert Wyatt Daevid Allen · Roy Babbington · John Etheridge · Karl Jenkins · John Marshall Marc Charig · Nick Evans · Jimmy Hastings · Allan Holdsworth · Phil Howard Ric Sanders · Alan Skidmore · Andy Summers · Alan Wakeman |
|
| Studioalbum | The Soft Machine (1968) • Volume Two (1969) • Third (1970) • Fourth (1971) • Fifth (1972) • Six (1973) • Seven (1973) • Bundles (1975) • Softs (1976) • Land of Cockayne (1981) |
| Konsertalbum | Alive & Well: Recorded in Paris (1978) • Live at the Proms 1970 (1988) • BBC Radio 1967-1971 (2003) • BBC Radio 1971-1974 (2003) • Soft Machine and Heavy Friends (2005) • Softstage (2005) |
| Tilknytte artiklar | Canterbury scene • Jazz-fusion • The Wilde Flowers · Progressiv rock |
