Karl Ludvig Reichelt (1933)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Karl Ludvig Reichelt (fødd 28. november 1933) også kjent som Kalle Reichelt, er ein norsk lege (inntil pensjonsalder på 70 år), og dr.med.. Han er mest kjend for forskinga si på dei opiode peptidane i gluten og kasein som han meiner viser seg ved proteinintoleranse (hyperpeptiduri). Han har òg forska på chalonar og kreft.

Etter teorien til Reichelt er det når dei opioide peptidane går gjennom tarmbarrieren og inn i blodbana at det er et problem om ein har mangelfull aktivitet i enkelte enzym. Dette kan medføre at ein person mellom anna får ADHD, autisme, schizofreni, asperger syndrom eller depresjon. Reichelt har forska fram ein urinpeptid-prøve som ein kan ta for å påvise om ein har proteinintoleranse. På bakgrunn av denne testen og eventuell blodprøve, kan ein så forsøksvis gå fram med å prøve ut gluten og kaseinfri diett. Det er ikkje brei semje om teorien[1].

Mykje av forskinga er gjort i samarbeid med Madlavoll skule i Stavanger og professor Ann-Mari KnivsbergLesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

Norsk Protein Intoleranse Forening (NPIF), er oppretta på bakgrunn av Reichelt si forsking.

Reichelt har sidan 1978 arbeidt ved Pediatrisk forskningsinstituttRikshospitalet. Inntil medio 2012 som seniorforskar og rådgjevar.

Karl Ludvig Reichelt fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]