Karl Marx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Marx, foto frå 1875

Karl Marx (5. mai 181814. mars 1883), fødd i den tyske byen Trier som då var i det prøyssiske storhertugdømet Niederrhein, død i London i Storbritannia, var ein tysk forfattar, intellektuell samfunnsgranskar, filosof og politisk økonom. Han blir rekna som den mest framståande tenkjaren i arbeidarrørsla og var saman med Friedrich Engels opphavsmannen til den økonomiske og revolusjonære teorien som blir kalla marxisme.

Sjølv om Marx var oppteken av ei rekkje spørsmål, er han mest kjend for analysen og kritikken av den kapitalistiske økonomien og handsaminga av klassekampen. Marxismen ligg til grunn for mykje av den sosialistiske og kommunistiske tankegangen. Marx var ein skarp kritikar av den kapitalistiske samfunnsordninga på 1800-talet.

Medan han levde var han ikkje like kjent som i dag; mange av verka hans blei heller ikkje utgjevne under levetida hans. Men kort tid etter at han døydde byrja tankane hans å få stor innverknad på ei større breidd av arbeidarrørsla i mange land. Bokverket Das Kapital blir rekna som det viktigaste verket hans. Ei viss tolking av marxismen fekk stor innverknad på den politiske utviklinga, spesielt i Russland. Aust-Europa, Kina, arbeidarrørsla i den vestlege verda og delar av den tredje verda elles har òg late seg inspirera av det som blei oppfatta som marxisme.

Innhaldsliste

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Karl Marx blei fødd i 1818 i Trier som den tredje i ei rekkje av sju barn av det velståande ekteparet Heinrich Marx (1777-1838) og Henrietta Marx (født Presborck, 1788-1863). Faren var advokat og stundom formann for advokatforeininga i byen. Han nedstamma frå ei lang rekkje av rabbinarar og forretningsmenn (opphavleg Marx Levi).

Gamlebyen i Trier

Trier, den eldste byen i Tyskland, var blitt ein av dei mest kosmopolitiske byane i Tyskland. Dette er bl.a. blitt forklart med reformer og impulsar frå den tida då Frankrike regjerte alt tysk land vest for Rhinen, frå 1794 til 1814. Då var Trier (Trèves) departementshovudstad i det franske departementet Sarre.

Allereie i 1819 flytta familien til dette huset i Trier, og her voks han opp.
Foto: Stefan Kühn

Landområda rundt Trier opplevde nedgangstider på grunn av fleire års feilslåtte vinavlingar. Ein fjerdedel av innbyggjarane overlevde på hjelp frå fattigkassen, og greve Henri dei Saint-Simons (1760-1825) og Charles Fouriers (1772-1837) sine sosialistiske teoriar fekk innpass.

I 1816, eller kanskje i 1817, hadde faren konvertert frå jødedomen til luthersk kristendom, og endra samtidig namn frå Hirschel Ha Levi til Heinrich Marx. Eigentleg tenderte livssynet til faren mot deismen, og han kjende seg tiltrekt av opplysningstidspersonar som Voltaire (1694-1778) og Rousseau (1712-1778). Når han gjekk over til kristendomen, var det fordi det ikkje ville ha vore mogleg for han å fortsetja som justisråd dersom han fortsette å vere jøde. Dette embetet hadde han fått under napoleonstida, men i 1815 var Trier blitt prøyssisk.

No var Rhinlandet, som Trier ligg i, eit katolskdominert område. Men lutherdomen (som tok opp i seg den reformerte kalvinismen) var statskyrkje i Preussen og såleis den trusretninga i den prøyssiske forvaltinga som var å føretrekke, og det innebar klåre fordelar for han å høyra til denne statsberande konfesjonen. Katolikkar blei diskriminerte i Preussen og hadde ingen utsikter til tilsetjingar i embetsverket eller i ei rekkje andre stillingar avhengige av det offentlege.

Kona hans Henrietta, ei kjøpmannsdotter, var òg av jødisk opphav. Ho òg gjekk noko seinare over til kristendomen.

Dåp[endre | endre wikiteksten]

I 1824 blei òg barna konvertert, sidan kristen vedkjenning var ein føresetnad for ei karriere i det statlege embetsverket på den tida. Karl Marx blei døypt, med dåpsnamnet Karl Heinrich Mordechai Marx. Han fekk altså inga jødisk oppseding, men heller ikkje nokon luthersk, i alle fall ikkje heimanfrå, der deismen var det dominerande livssynet. I staden voks han opp med ideala frå opplysningstida og fekk ei klassisk utdaning, både i heimen og på gymnaset. Han blei altså verken truande kristen eller truande jøde.

Skulegang[endre | endre wikiteksten]

Marx blei undervist heime til han var 13 år gamal. Deretter studerte han ved det kongeleg-prøyssiske gymnaset i Trier frå 1830 til 1835 og tok abitur i ein alder av 17 år.

Dette var eit av dei aller eldste gymnasa i Tyskland, og hadde fram til 1774 vore under leiing av jesuittane, før det i rask rekkjefølgje blei til eit kurfyrsteleg gymnas, eit fransk collège og så frå 1815 eit kongeleg prøyssisk. Læreplanen på tida til Marx var samansett lokalt, slik at den var prega av ei underleg blanding av lærestoff og undervisingsstil frå jesuittskulen. Den tida då Marx gjekk der prega liberale idear og påverknaden frå den franske revolusjonen samfunn og politisk tenking.

På gymnaset blei han kjend med kullkameraten sin, den lågadelege Edgar Freiherr von Westphalen (1819-1890), som seinare skulle bli svogeren hans. Året etter han tok eksamen, forlova han seg med Edgars syster, Jenny Freiin von Westphalen (1814-1881), men heldt det hemmeleg. Ho skulle få ein stor påverknad på måten Karl Marx tenkte på.

Studentåra (1835-1841)[endre | endre wikiteksten]

Bonn (1835-1836)[endre | endre wikiteksten]

Etter gymnastida byrja Marx i oktober 1835 ved universitet i Bonn for å studera jus. Han blei medlem av ei studentforeining for studentar frå Trier (Landsmannschaft der Treveraner), og fungerte ei stund som presidenten i foreininga. Mykje av verksemda foreininga dreiv med krinsa rundt gjesting i kneipene i byen. Dette gjekk ut over karakterane hans.

Karl Marx ville likevel heller ha studert filosofi og litteratur, men dette godtok ikkje faren hans som ikkje kunne førestilla seg at sonen kunne sikra seg sjølv eit godt nok livsutkome med ei slik utdaning. Dermed blei Karl det følgjande året tvinga av faren sin til å byte til det atskilleg meir seriøse og akademisk orienterte Friedrich-Wilhelms-universitetet i Berlin.

Berlin (1836-1841)[endre | endre wikiteksten]

I Berlin vende Marx for alvor interessene sine mot filosofien, trass i dei føringane faren hans hadde gjeve.

Til å byrja med var det diktarkunsten som blei hovudinteressa hans. Han blei med i eit diktarforbund og skreiv dikt som han sende til sin «Jenny» og faren sin. Dikta og essaya han skreiv hadde tema som krinsa om livet; han nytta ein deistisk-teologisk terminologi som han hadde frå den liberale og deistiske orienterte faren sin. Eitt av dei blei kalla «Guddommen».

Han sysselsette seg òg med filosofane Immanuel Kant (1724-1804) og Johann Gottlieb Fichte (1762-1814) sine tankar, men blei aller sterkast engasjert i den nyleg avdøydde filosofen Georg Wilhelm Friedrich Hegel (1770-1831) sin historiefilosofi og læra hans om dialektiske framsteg. Ved sida av interesserte han seg med naturvitskapane, gammal og moderne historie, kunsthistorie og estetikk.

Påverknaden til filosofen Hegel hadde etter at han døydde berre vakse ved universiteta og den fekk ein dominerande posisjon innan det intellektuelle livet i Tyskland. I Preussen var ein versjon av hegelianismen på det næraste blitt ein statsberande filosofi.

Det var i løpet av denne perioden at han blei begeistra for «Die Freien», ei gruppe unge filosofar og journalistar som henta inspirasjonen sin frå Hegel, men på ein annan måte enn den utgåva av hegeliansk filosofi som blei fremma av dei prøyssiske styresmaktene. Die Freien var eksponentar for ei rørsle han alt hadde stifta noko kjennskap til medan han studerte i Bonn. Ettertida gav dei nemninga unghegelianarar eller venstrehegelianarar. Det var ei samansett gruppe.

Nokre av dei best kjende namna frå litteraturen og filosofien på 1800-talet var medlemer av denne diskusjonsgruppa, blant dei var personar som Bruno Bauer (1809-1882), Friedrich Engels (1820-1895), Ludwig Feuerbach (1804-1872), Arnold Ruge (1802-1880) og Max Stirner (1806-1856). Dei møttest gjerne til diskusjonar i ei Weinstube (vinkro) i Friedrichstraße i Berlin. Marx var i utkanten av krinsen; det var fleire av unghegelianarane han ikkje eingong trefte før seinare, om nokosinne.

Det hegelianske «establishment» (som seinare skulle bli karakterisert som «gammal- eller høgrehegelianane) hadde kome til den konklusjon at dei historiske dialektiske utviklingsspranga som var del i den historisk-filosofiske teorien til Hegel var kome til sluttpunktet sitt i det prøyssiske samfunnet, med det effektive byråkratiet sitt, dei gode universiteta, industrialiseringa og låg arbeidsløyse. Men venstrehegelianarane såg for seg ytterlegare dialektiske endringar innan det prøyssiske samfunnet, som burde ta føre seg problemfelt som fattigdom, statleg sensur og diskriminering av ikkje-lutheranarar.

Ludwig Feuerbach hadde ein klår innverknad på Marx kva gjaldt utviklinga hans frå deisme og mot ateisme. Feuerbach, som var fråteken lærestolen sin av dei prøyssiske styresmaktene alt i 1832 og nekta å venda attende til universitetet i 1836, byrja det sistnemnde året å retta kritikk mot teologien og utvikla eit materialistisk verdsbilete (i motsetning til den hegelianske idealismen).

Marx blei òg i nokon grad påverka av Max Stirner, men det er faktisk ikkje heilt avklåra om dei to faktisk møttest - Stirner høyrde til ein eldre generasjon. Kor mykje Stirner i realiteten var influert av Hegel, er òg gjenstand for diskusjon. I alle fall var tenkinga hans nihilistisk, og det er klårt at Marx kjende til tankane hans frå skriftene hans. Sjølv om Stirner hadde få andre tilhengjarar blant kollegaene sine, var boka hans hovudårsaka til at Marx gjekk bort frå delar av det feuerbachianske synet. I staden utvikla han grunnkonseptet til det som han seinare formulerte som historisk materialisme.

Epikur (341–270 f.Kr.)

Doktor i filosofi, flytting til Trier (1841)[endre | endre wikiteksten]

I 1841 promoverte Marx per post til doktor i filosofi ved universitetet i Jena med eit arbeid som samanlikna dei greske filosofane Demokrit og Epikur sine naturfilosofiar (Differenz der demokritischen und epikureischen Naturphilosophie).

Eit moment var å drøfte dei to dei ateistiske filosofane sin aktualitet for utviklinga av ateistisk filosofi; Marx meinte at Epikur var viktigare, fordi i systemet hans med atomteorien sin var det rom for den fri viljen. At den fri viljen var viktig for Marx, blir også reflektert av at han ved ein seinare krossveg forkasta Carl Vogt (1815-1895) sine teoriar som gjekk ut på at mennesket og handlingane deira kunne tilbakeførast til komplekse biokjemiske prosessar.

Sjølv om det økonomiske systemet Marx seinare skulle utvikle hadde sterke deterministiske trekk, er det altså ikkje fullt så enkelt at Marx var gjennomført determinist. Han var ingen monist. Sjølv om han utvikla ein heilstøypt materialisme la han aldri heilt frå seg overtydinga si om verdien av den frie viljen eller avstanden han skapte til den biologiske determinismen til Vogt.

Grunnen til at han promoverte i Jena, var at han var blitt åtvara om at ryktet hans som unghegeliansk radikalar ikkje ville gjere han godt i akademiske krinsar i Berlin. Han dediserte doktorgradsoppgåva til faren til kjærasten sin, Johann Ludwig von Westphalen (1770-1842).

Som doktor rekna han med å få eit professorat ganske raskt. Men den prøyssiske regjeringa såg på han som ein leiande person blant dei opposisjonelle venstrehegelianarane, og nekta han – likesom Ludwig Feuerbach, Bruno Bauer og andre – ei vidare akademisk karriere. Marx reiste då til heimbyen sin, Trier.

Rheinische Zeitung

Journalistisk mellomspel (1842–1843, Bonn og Köln)[endre | endre wikiteksten]

Før han kom til Trier, hadde Marx fått eit tilbod om å skrive for ei avis som var i ferd med å bli lansert i Köln. Det var eit tilbod som interesserte han. Då mentoren hans, Bruno Bauer, blei avsett frå Friedrich-Wilhelms-universitetet sitt filosofiske fakultet i 1842, oppgav Marx sjølv å få ei stilling innanfor filosofiundervisning til fordel for journalistikken, og flytte til Bonn, som ikkje ligg mange kilometerane sør for Köln. Den 5. mars skreiv han sin fyrste artikkel for den nye radikale kølneravisa Rheinische Zeitung für Politik, Handel und Gewerbe. Avisa, som blei stifta av liberale kølnarar, hadde utkome med sitt fyrste nummer den 1. januar 1842, oppfatta seg som fellesorgan for dei forskjellige opposisjonelle straumdraga frå monarkistiske liberale og til radikale demokratar. Bruno Bauer begynte òg å arbeide i redaksjonen.

Hausten 1842 flytte Marx frå Bonn til Köln, og den 15. oktober blei Marx redaktør i avisa. Frå då av blei ho enda meir radikalt opposisjonell.

Ein av Marx sine viktigaste artiklar i Rheinische Zeitung var vigd til levekåra til vinbøndene i Moseldalen.

Den 16. november 1842 kom fabrikantsonen Friedrich Engels innom redaksjonen til avisa. Han var på veg til Manchester i England. Dette skulle bli det fyrste møtet mellom Marx og Engels.[1] Eit resultat av kontaktane til avisa med Engels blei ein serie artiklar om levekåra til den engelske arbeidarklassa. Faren til Engels var medeigar av ei bedrift der, og i 1842 hadde familien sendt han frå heimen deira i Bremen for å arbeide i firmaet. Engels skulle nytte opphaldet til å systematisk granske kåra til proletariatet i alt elendet.

Den prøyssiske pressesensuren såg med særleg merksemd til Rheinische Zeitung, og den prøyssiske styresmakta sende ein spesialsensor frå Berlin som skulle gjennomgå artikkelmanuskripta. Då det viste seg å vere utilstrekkeleg, blei det etablert ein ettersensur. Ikkje berre blei avisa førehandssensurert, men dei ferdige artiklane måtte også leggjast fram for Köln sitt regjeringspresidentsembete. Ettersom Marx sin redaksjon ofte klarte å omgå denne dobbeltsensuren, blei det lagt til ein trippelsensur.

Til slutt blei avisa forboden, den 1. januar 1843. Marx var blitt tvinga til å slutte som redaktør noko før det, men dette var ikkje nok til å redde avisa. Salet stansa i mars 1843.

Bryllaup (1843)[endre | endre wikiteksten]

Karl Marx si kone, Jenny

Det var òg i 1843 at Marx gifta seg med kjærasten sin Jenny von Westphalen, som var dotter av no avdøde friherre Johann Ludwig von Westphalen, som hadde vore prøyssisk regjeringsråd. Deira truloving hadde vore ein løyndom i fleire år, og både familiane Marx og Westphalen var motstandarar av forholdet deira og gifteplanane deira. Bryllaupet stod i den vakre gotiske Pauluskyrkja i kurbyen Bad Kreuznach i Rhinlandet den 19. juni 1843.

Dei skulle få sju barn: Jenny Caroline (1844–1883), Jenny Laura Marx (kalla Laura,1846–1911), Edgar (1847–1855), Henry Edward Guy (kalla Guido, 1849–1850), Jenny Eveline Frances (kalla Franziska, 1851–1852); Jenny Julia Eleanor (kalla Eleanor eller Tussy, 1855–1898) og eitt til som døydde før noko namn var bestemt (juli 1857). Det var altså berre tre av dei som voks opp.

Overgangen til kommunismen (1843–1848)[endre | endre wikiteksten]

Paris (fyrste opphald, 1843–1845)[endre | endre wikiteksten]

No gjekk Marx tilbake til filosofien og til politisk aktivitet mens han livnærte seg som frilansjournalist. Grunna synspunkta sine blei han nøydd til å flytte same år. Marx flytta med kona si fyrst til Paris, som på denne tida var tilhaldsstad for store grupper av tyske, britiske, polske og italienske revolusjonære. Dei kom til Paris i slutten av oktober 1843.

Manuskriptet Zur Kritik der Hegelschen Rechtsphilosophie[endre | endre wikiteksten]

Religionskritikk

Marx sine kjende utsegner om religion kom fyrst i eit upublisert manuskript:

« Kampen mot religionen er altså indirekte kampen mot den verda som har religionen som sin åndelege aroma. Det religiøse elendet er både eit uttrykk for det verkelege elendet, og ein protest mot dette verkelege elendet. Religionen er sukket til det undertrykte mennesket, ømheita til ei hjartelaus verd, og sjela til dei sjellause tilstandane. Han er opium for folket.  »

Rundt årsskiftet 1843/44 skreiv Marx eit manuskript som kritiserte Hegel sin rettsfilosofi. Det skulle bli upublisert under heile levetida hans, sjølv om mange av tankane frå det fann vegen inn i Dei tysk-franske årbøker (sjå nedanfor). I manuskriptet kommenterer Marx avsnitt for avsnitt Hegel si bok om rettsfilosofi frå 1819: Grundlinien der Philosophie des. Rechts. Ein av Marx sine viktigaste innvendingar var at så mange av Hegels dialektiske argument begynte i abstraksjonar. Dette verket inneheld for fyrste gong Marx sitt utsegn om at religion er «opium for folket». Det inneheld også formuleringar om Marx sine særeigne omgrep om framandgjering, som var inspirert av Feuerbach.

Passasjen om opium for folket fanst også i artikkelen i dei tysk-franske årbøkene, i eit avsnitt der Marx hevdar at religionskritikk er føresetnaden for kritikken av alle samfunn.

Dei tysk-franske årbøkene[endre | endre wikiteksten]

Han var komen til Paris med det føremålet å samarbeide med venen sin Arnold Ruge.[2] Dei begynte å utgi dei såkalla tysk-franske årbøker (Deutsch-Französische Jahrbücher). Men det blei berre med eitt einaste nummer og berre på tysk; dei katolskprega franske sosialistane og kommunistane ønskte nemleg ikkje å samarbeide med dei tyske ateistane, leidde av Marx.

Også som tysk prosjekt stranda det heile, delvis på grunn av problema med å få til den nødvendigvis hemmelege distribusjonen i Tyskland og delvis fordi det snart kom for dagen prinsipielle meiningsskilnader mellom dei to redaktørane. Ruge held fram med å vere knytt til den hegelianske filosofien og til det borgarlege demokratiet. Men Marx begynte å sysselsetje seg med politisk økonomi. Artiklane Marx skreiv i tidsskrifta dei tysk-franske årbøkene vitnar om at han på dette tidspunktet hadde utvikla ei overtyding om at ein væpna revolusjon av proletariatet var naudsynt. Vinteren 1844 var samarbeidet over.

Manuskriptet Teser om Feuerbach: I løpet av 1845 forfatta Marx essayet Thesen zur Feuerbach, men offentleggjorde det ikkje. Det skjedde ikkje før i 1888, altså posthumt, på Friedrich Engels sitt initiativ. I dette oppgjeret med Feuerbach finn ein blant anna Marx sin fyrste gjennomarbeidde og heilskaplege religionskritikk. Essensen var at religion er eit samfunnsprodukt. Det er altså noko mennesket og berre mennesket gjer, seier og tenkjer.

Så langt var Marx og Feuerbach på linje, men Marx bygde vidare på denne kritikken. Marx tykte godt om religionskritikken til Feuerbachs, men problemet for Marx er at behova til menneska for religion kjem av samfunnsvilkåra, og det er derfor sjølve samfunnet som ein må gå inn å kritisere. Så langt strakk Feuerbach sin kritikk seg ikkje og derfor var han ikkje fullenda, meinte Marx. Teksten kulminerer i den 11. tesen: «Filosofane har berre fortolka verda forskjellig, men det det kjem an på er å forandre ho.»

Om jødespørsmålet[endre | endre wikiteksten]

Eit sentralt bidrag til dei tysk-franske årbøkene var essayet Zur Judenfrage («Om jødespørsmålet», 1844). Skriftet kritiserte to studiar av Bruno Bauer om framstøyten til jødane for å oppnå politisk emansipasjon (fridom og like rettar) i Preussen. Bauer meinte at jødane berre kunne oppnå politisk emansipasjon dersom dei gav avkall på den særeigne religiøse sjølvforståinga si.

Marx kritiserte Bauer for å gjere dette til eit religiøst spørsmål. Størstedelen av skriftet til Marx er ein argumentasjon for at alle har rett til politisk frigjering og like politiske rettar, same kva religion dei har. Og så til slutt tek han opp rolla til profittjaget i samfunnet, og kritiserer denne, same om det er jødar eller kristne som har denne haldninga. Altså eigentleg ein kritikk av kapitalismen.

Somme av formuleringane til Marx i siste del av skriftet har vorte oppfatta som antisemittiske, sidan han talar om «praktisk judaisme» som det same som moderne kapitalistisk profittjakt. Men poenget hans synest å vere at denne gjennomsyrer heile samfunnet, både jødar og kristne, og at ei sosial frigjering for jødane attåt den politiske, som han alt har argumentert sterkt for, inneber at alle må frigjere seg frå systemtvangen til profittenking.

Det nære samarbeidet med Engels tek til[endre | endre wikiteksten]

Den 28. august 1844 knytte Marx det som skulle bli det viktigaste vennskapen i det politiske livet hans. På Café de la RégencePlace du Palais møtte han Friedrich Engels. Engels, som per post hadde vore med på det feilslåtte prosjektet med dei tysk-franske årbøkene, var kome på gjesting til Paris med det for auge å treffe Marx og foreleggje for han det som skulle bli eit av dei viktigaste verka hans, Die Lage der arbeitenden Klasse in England.[3] Dette verket var ei frukt av Engels sitt opphald i Manchester, og som også hadde resultert i ein artikkelserie i Marx' gamle avis i Köln.

Den heilage familie[endre | endre wikiteksten]

Engels blei nokre dagar i Paris, og dette blei starten på eit livslangt tett samarbeid. Det fyrste resultatet var stridsskriftet Die heilige Familie. Gegen B.[runo] Bauer und Konsorten (mars 1845, Engels sitt bidrag var rett nok berre på ti sider). På dette tidspunktet var dei begge framleis tilhengjarar av Ludwig Feuerbach. Det oppsiktsvekkjande med dette skriftet er også at Marx, som polemiserte mot Berlin sine unghegelianarar og sin tidlegare mentor Bruno Bauer, men unngjekk å nemne eitt av medlemene i denne gruppa: Max Stirner, som hadde gitt ut boka Der Einzige und sein Eigentum i oktober 1844. Engels hadde i eit brev til Marx den 19. november kome med ein særs positiv vurdering av denne boka.

Vorwärts![endre | endre wikiteksten]

Etter at prosjektet med dei tysk-franske årbøkene slo feil, begynte Marx å skrive for avisa Vorwärts!Vorwärts. Ho var stifta og utgitt av eit hemmeleg selskap ved namn Forbundet til dei rettferdige, som Marx seinare skulle bli medlem av og nytte til å fremje overtydingane sine. Avisa blei med Marx sine bidrag raskt den mest radikale av alle dei tyske avisene i Paris (og Europa). Avisa, som agiterte mot den preussiske monarkiske absoluttismen, fekk ein tydeleg sosialistisk profil.

Interesse for Proudhon[endre | endre wikiteksten]

Han las også den franske anarkisten Pierre-Joseph Proudhon (1809-1865) sine skrifter[4], som Qu'est-ce qua la propriété? Ou recherches sur le principe du droit et du gouvernement («Kva er eigedom?» frå 1840). Det var i denne boka ein finn Proudhons berømte anarkistiske svar: La propriété, c'est le vol, «eigedom er tjuveri». Seinare skulle Marx rette skarp kritikk mot Proudhon.

Notata Parisardokumenta[endre | endre wikiteksten]

Privateigedom og kommunisme

I eit av Parisardokumenta, Privateigedom og kommunisme (1844), hintar Marx til ein slags marxistisk humanisme:

« ... kommunisme som fullt utvikla naturalisme, er lik med humanisme, og som fullt utvikla humanisme er lik naturalisme.  »

Samtidig fordjupa Marx seg i historia til Den franske revolusjonen. Kritikken hans av standpunkta til dei tidlege franske sosialistane vitnar om utviklinga hans av eit nytt og eige kommunistisk standpunkt. Marx brukte elles mykje tid til å gjere seg kjend med ei side av realiteten han ikkje tidlegare hadde interessert seg for; leveforholda til dei store byproletariata. I dei såkalla Parisardokumenta, som er dei fragmenta av Marx sine notat frå Paris som framleis er i behald, finn ein hans fyrste utkast til eit økonomisk system som vitnar om den filosofiske inspirasjonen som ligg bak hans system. Her utvikla Marx for fyrste gong utførleg teorien sin om «framandgjerande arbeid», og den hegelianske inspirasjonen er tydeleg. Dokumenta blei ikkje offentleggjorde før i 1932.

Vidare vurderer han det slik at humanismen ikkje kan lyfte seg høgare opp enn det sosiale medvitet i den epoken han er del av. Den borgarlege humanismen har som grunnlag den private eigedomen ettersom han er den sentrale verdien for bursjoasiet, mens proletær humanisme er grunnlagd på kooperativ sosial verksemd, understrekar han i manuskriptet. Desse tankane kunne likevel ikkje utviklast eller gripast fatt i av samtida, ettersom dei ikkje blei kjende. Det er òg vanskeleg å sjå at tankane blei vidareutvikla av Marx sjølv, verken i publisert eller upublisert materiale frå han.

Brussel (1845-1848)[endre | endre wikiteksten]

Etter at Vorwärts hadde gitt den heilhjarta stønaden sin til det feilslåtte attentatet mot Pressens kong Friedrich Wilhelm IV blei Marx og mange andre i januar 1845 etter prøyssisk påtrykk beordra til å forlate Paris. Saman med Engels drog han då til Brussel i Belgia. Under ei studiereise dei to hadde til England sommaren 1845 knytte dei kontaktar med den revolusjonære fløya av chartistane.

Manuskriptet Den tyske ideologi[endre | endre wikiteksten]

I Brussel skreiv Marx og Engels manuskriptet Den tyske ideologi, men dei lét vere å offentleggjere det. Det blir rekna i dag som eit av dei viktigaste filosofiske verka til dei to. Det blei skrive rundt 1845, men fyrst i 1932 blei det meste av manuskriptet, som ikkje lenger var komplett, utgitt av Marx-Engels-Instituttet i Moskva (samtidig som Pariserdokumenta). Det var forma som ein dels giftig kritikk av Ludwig Feuerbach, Max Stirner og Bruno Bauer og var ei fyrste omfattande utlegging av Marx og Engels si historieteori, som seinare er blitt kalla historisk materialisme. Særleg brodd hadde det mot Stirner.[5]

I manuskriptet forkasta også forfattarane den i samtida og også seinare rådande oppfatninga av omgrepet kommunisme som eit utopisk mål i det fjerne. Dei såg på kommunismen som eit resultat av ei pågåande rørsle som ikkje kan sjåast lausriven frå den realiteten ein til ei kvar tid oppheld seg i.

I desember 1845 fråsa Marx seg det prøyssiske statsborgarskapet sitt, etter at han hadde fått nyss om at den prøyssiske regjeringa ville prøve å få han utvist frå Belgia.

Elendet i filosofien[endre | endre wikiteksten]

Elendet i filosofien

I innleiinga skriv Marx:

« I Frankrike kan han (Proudhon) passere som dårleg økonom fordi han gjeld for å vere ein god eksponent for tysk filosofi. I Tyskland får han passere som ein slett filosof fordi han går for å vere ein dyktig økonom. Men eg, i eigenskap av å vere både tyskar og økonom, vil protestere mot denne doble forvekslinga.  »

Deretter skreiv Marx Elendet i filiosofien (1847, fransk originaltittel: Misère de la philosophie. Réponse à la philosophie de la misère de M. Proudhon). Det var ein kritikk av dei franske sosialistane si, og spesielt Pierre-Josephh Proudhon si politiske tenking. Proudhon hadde i mellomtida utgitt eit nytt verk, Système des contradictions économiques, ou Philosophie de la misère (1846), som Marx likte dårleg.

Den tyske korrespondansekomitéen[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1846 grunnla Marx og Engels Den kommunistiske korrespondansekomité (Kommunistische Korrespondenz-Komitee) i Brussel. Den skulle arbeide for at dei tyske kommunistane og arbeidarane i andre land blei samstemde ideologisk og samkøyrde organisatorisk, for å førebu grunnen for skipinga av eit proletarisk politisk parti.

Huset der dei to tyske revolusjonære budde frå januar 1847 til februar 1848, rue Jean d' Ardenne 50 i Brussels-forstaden Ixelles, blei ein møtestad for politisk opposisjonelle av mange slag. Marx deltok i Brussel si demokratiske foreining (Association Démocratique dei Bruxelles), som han blei visepresident for. Han skreiv også av og til artiklar for den tyskspråklege avisa Deutsche-Brüsseler-Zeitung.

Forbundet til dei rettferdige - Forbundet til kommunistane[endre | endre wikiteksten]

Våren 1847 blei Marx og Engels med i ei lita hemmeleg politisk gruppe kalla Forbundet til dei rettferdige. Det var blitt grunnlagt av den tyske radikalaren skreddarlærlingen Wilhelm Weitling (1808-1871) i Paris i 1836 og bygde på Gracchus Babeuf si (1760-1797) tenking, og var opphavleg prega av utopisk sosialisme og kristen kommunisme. I 1839 flytte gruppa sitt hovudsete til London. Forbundet bestod for det meste av tyskarar som var flytta frå landet.

Tittelsida til den opphavlege utgåva av Det kommunistiske manifestet

På den fyrste kongressen til forbundet, i London juni 1847, fekk Marx og Engels saman med den samtidig innmeldte Wilhelm Wolff (1809-1864) vesentleg endra på forbundet; dei fekk det grunnlagt på nytt som eit revolusjonært sosialistisk hemmeleg forbund med internasjonale ambisjonar, under namnet Forbundet til kommunistane.

Det kommunistiske manifestet

Både innleiinga og sluttappellen har blitt ståande som nokre av dei mest kjende kampropa til marxismen:

« Eit spøkjelse går omkring i Europa - spøkjelset til kommunismen. Alt det gamle Europa sine styresmakter har gått saman om ei heilag klappjakt på dette spøkjelset, paven og tsaren, Metternich og Guizot, franske radikalarar og tyske politispionar.  »
« Arbeidarar i alle land, samein dykk!  »

Det nye forbundet heldt ein ny kongress i London nokre månader seinare, frå den 29. november til den 8. desember 1847. Det deltok utsendingar frå 30 lokalgrupper i Frankrike, Nederland, ei rekkje statar i Det tyske forbund, Sverige, Sveits, Storbritannia og USA. Under denne kongressen spelte Marx og Engels ei endå meir framståande rolle.

Det kommunistiske manifestet[endre | endre wikiteksten]

Under kongressen blei Marx og Engels bedte om å forfatte ei programerklæring for forbundet. Det blei til Det kommunistiske manifestet (eigentlege Manifestet til det kommunistiske partiet), som blei offentleggjord den 21. februar 1848, på tysk (Manifest der Kommunistischen Partei). Dei aller fyrste utgåvene melde ikkje nokre forfattarnamn, men det blei snøgt endra. Sjølv om både Marx og Engels sine namn skulle bli oppførte som forfattarar, var det berre heilt fyrst at dei hadde noko konkret samarbeid om teksten. Allereie i desember drog dei til kvar sin stad, Marx til Brussel og Engels til Paris. Det blir rekna at det var Marx som aleine stod for manifestet. Han blei ferdig med det i januar 1948 og sende det same månad til London for trykking.

Manifestet blei raskt omsett til ei rekkje språk, til engelsk, fransk, italiensk, nederlandsk og dansk. I Noreg blei delar av manifestet utgjeve allereie i Arbeiderforeningernes Blad, redigert av Marcus Thrane (1817-1890).

I september 1850 blei Marx og Engels ekskluderte frå Forbundet til kommunistane, ettersom dei i strid med statuttane hadde oppretta eit eige sentralorgan i Köln og skulda forbundet sine andre medlemer for å liggje under for «halvlært politiske drøyming».

Under 1848-revolusjonane og samanbrotet deira (1848-1849)[endre | endre wikiteksten]

Barrikadene i Paris i 1848. Måleri av Emile Jean Horace Vernet

Til Paris under revolusjonen (1848)[endre | endre wikiteksten]

I 1848 opplevde Europa ei rekkje revolusjonære opprør i fleire land. Fyrst ute var Frankrike i februar, då ei arbeidarrørsle greip makta frå kong Ludvig Filip og dreiv han i eksil til England i det som blir kalla «februarrevolusjonen». Marx stod då i fare for å bli utlevert frå Belgia til Prøyssen. Då det snart etter utbraut opptøyar også i Brussel blei han arrestert og så utvist, men blei invitert av den franske provisoriske arbeidarregjeringa til å kome tilbake til Paris. Der kom han den 4. mars.

Avisredaktør i Köln igjen (1848-1849)[endre | endre wikiteksten]

Neue Rheinische Zeitung - Organ der Demokratie

Etter at revolusjonen spreidde seg til Tyskland (den såkalla marsrevolusjonen), drog han og Engels til Köln. Dei kom der den 3. april, og grunnla den revolusjonære demokratiske foreininga. Slik blei Marx den viktigaste leiaren for den revolusjonære rørsla i den prøyssiske Rhinprovinsen. Snart etter blei han sjefsredaktør for den nye avisa Neue Rheinische Zeitung - Organ der Demokratie som starta å kome ut frå 1. juni 1848. Engels var òg med på avisprosjektet og hjelpte til med viktige artiklar.

Avisa såg på seg sjølv som arvtakar etter Rheinische Zeitung som Marx også hadde redigert. At avisa i det heile teke kunne bli gjenoppliva var på grunn av at pressesensuren var blitt oppheva som følgje av marsrevolusjonen, både i Preussen og i dei fleste andre av statane i Det tyske forbundet. Dei fleste av medarbeidarane til avisa var medlemer av Forbundet til kommunistane. Om arbeidsforholda skreiv Engels seinare at «redaksjonsførsla var rett og slett eit diktatur under Marx».

Etterpå stramma styresmaktene til. Men Marx visste å utnytte dei nye presselovane til fulle: Til dømes kunne særleg provoserande artiklar dukke opp blant annonsane i avisa, og dermed hadde ikkje styresmaktene noko brukbart utgangspunkt for å gripe inn.

Men politiet kunne også vise kreativitet: Då ein utropte unnatakstilstand etter uroa blant arbeidarane i Köln den 25. september blei dei fleste av skribentane til avisa rettsforfølgde - formelt ikkje for journalistikken sin men for talar dei hadde halde i forskjellige forsamlingar. Nesten alle av medredaktørane, Heinrich Bürgers (1820-1878), Ernst Dronke (1822-1891), Friedrich Engels, Wilhelm Wolff og Ferdinand Wolff (1812-1895), kom seg unna arrestasjon ved å flykte frå Köln. Dei kunne vende tilbake seinare, ettersom rettssakene mot den eine etter den andre gradvis blei innstilte. Engels var ute av spel heilt til ut i januar 1849.

Berre ein av dei seks medredaktørane flykta ikkje, Georg Weerth (1822-1856), men han var til gjengjeld blitt arrestert etter at fyrst Felix Lichnowsky (1814-1848) var blitt myrda i Frankfurt i september 1848. Han blei skulda for sverting av den døde og etter det dømd til fengselsstraff i fem år og tap av borgarrettane.

Nederlaget til den revolusjonære rørsla fekk konsekvensar over heile Europa. Dei borgarlege liberalarane såg no langt meir alvorleg på kommunistfaren, og fann det best å prøve å skipe felles front med den halvføydale absoluttismen. Etter statskuppet i Preussen i november reagerte Neue Rheinische Zeitung med å oppmode folk til skattestreik og til å gjengjelde vald med motvald.

Under avisa sin korte levetid blei Marx to gonger stilt for retten, fyrste gongen den 7. februar 1849 for eit mindre brotsverk, og andre gongen dagen etter fordi han hadde oppfordra til væpna opprør. Begge gongene blei han frikjend. Under forsvaret sitt erklærde han føre juryen blant anna:

Det er den fremste plikta til pressa å undergrave fundamenta til det noverande politiske systemet.[1].

Avisa stod ganske snart heilt isolert i presseverda i opposisjonen sin mot dei nye maktforholda i Tyskland. Ho freista å samle til ein tysk arbeidarkongress i Leipzig. Deretter, og også som følgje av innmarsjen til russarane i Ungarn, opprøra i Dresden, Iserlohn, Elberfeld, Pfalz og Baden, såg den prøyssiske hæren seg nøydd til å «gjenopprette den borgarlege ordenen» i mai. Neue Rheinische Zeitung blei til slutt stansa den 19. mai 1849. Marx blei kjend statslaus.

Lønnsarbeid og kapital[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei varige resultata av Marx si verksemd som redaktør blei skriftet Lønnsarbeid og kapital. Det kom ut som ei rekkje leiarartiklar i Neue Rheinische Zeitung frå og med 5. april 1849 og til avisa blei innstilt. Det byggjer på dei forelesingane som Marx i 1847 hadde halde i den tyske arbeidarforeininga i Brussel. At det er blitt sett som ein ufullstendig eining, skuldast at Friedrich Engels gav dei ut samla i 1891, etter at Marx døydde. Marx hadde nok klart framhaldet av serien av leiarartiklar, men Engels fann ikkje dei manuskripta blant Marx sine attverande papir.

I Paris igjen etter revolusjonen (1849)[endre | endre wikiteksten]

Marx blei utvist frå Preussen, og vende då fyrst tilbake til Paris, der også revolusjonen var blitt slått ned og kontrarevolusjonen hadde innført eit strengare styre. Etter demonstrasjonane den 13. juni gav den franske regjeringa han valet mellom å bli internert i Vannes i Morbihan i Bretagne, eller forlate Frankrike heilt. Han valde då å ta med seg familien og reise i eksil til London i juni, og der skulle han bu resten av livet sitt.

Eksilåra i London (1849-1883)[endre | endre wikiteksten]

Stor naud: Sjukdom, barnedød, isolasjon (1849-1861)[endre | endre wikiteksten]

Brev til Engels

I eit brev til Engels den 4. september 1852 skriv han:

« Mi kone Jenny er sjuk, Leni har ein slags nervøs feber. Eg verken kunne eller kan tilkalle lege, for eg har ikkje pengar til medisinar. I åtte dagar har eg livnært familien på brød og potetar, og lurt på om eg kan få fatt i noko til dei i dag  »

Åra i eksil i London skulle bli svært vanskelege for familien Marx, noko som breva hans også vitnar om. Trass i pengehjelp frå Engels måtte familien gjennom den eine prøvinga etter den andre.

I løpet av nokre få år mista han tre av barna sine: Heinrich Guido (1849-1850) og Franziska (1851-1852) døydde av svolt, og Edgar (1847-1855) av tuberkulose.[6] Karl Marx var svært nedbroten.

Marx hadde litt inntekter frå journalistisk arbeid, men det hjelpte ikkje nok på økonomien til å berge familien ut av elendet. Han skreiv hundrevis av avisartiklar for inntekta si skuld, blant anna for New York Tribune, som engasjerte han i 1852. Den var ei av dei leiande avisene i USA, og det som i dag er International Herald Tribune. I mange år var han Europaredaktøren til avisa. Artiklane var ikkje som vanlege reportasjar: Han skreiv omfattande analysar, ofte som lange artikkelseriar, om den politiske og økonomiske situasjonen i forskjellige europeiske land. Engasjementet varte heilt til utbrotet av den amerikanske borgarkrigen.

Det var ikkje før i 1861 at økonomien betra seg noko, takka vere auka stønad frå Engels. I 1864 fekk familien eit lyft takka vere Marx si morsarv som kom då. Men nokon rikdom blei det ikkje; det blei berre ei forandring frå armod til dårlege kår.

Studium og nye verk[endre | endre wikiteksten]

Politisk vigde Karl Marx seg under alle London-åra til internasjonal agitasjon for kommunismen og den kritiske analysen sin av kapitalismen. Nesten kvar dag brukte han i lesesalen på British Museum.

Der achtzehnte Brumaire des Louis Bonaparte[endre | endre wikiteksten]

Tittelblad til fyrsteutgåva av Der achtzehnte Brumaire des Louis Bonaparte (1852)

Fyrst gav han ut i form av ein artikkelserie 1849-50 ei skildring om klassekampane i Frankrike 1848-1850 (Klassenkämpfe in Frankreich 1848 bis 1850). Den omarbeidde og utvida han og fylte opp med Der achtzehnte Brumaire des. Louis Bonaparte (1852). Her analyserte han Den andre franske republikk som den 4. november 1848 avskaffa juli-monarkiet og blei til den blei styrta ved det bonapartistiske statskuppet i Frankrike den 2. desember 1851, då Napoleon III (1808-1873) kom til makta og innleidde Det andre franske keisardømmet.

Analysen av dei fortetta hendingane desse få åra gav Marx høve til å vidareutvikle tesane sine. For han framstod februarrevolusjonen og det seinare statskuppet som tydelege illustrasjonar på kva klassekamp verkeleg handlar om. Marx vidareutvikla i dette verket si oppfatning av klasseomgrepet og av historiefilosofien sin, som hevda at samfunnet uavvendeleg stemnar framover mot det klasselause samfunnet.

Dette verket er ei viktig framvising av marxistisk samfunnsanalyse og historisk teori, og inneheld ei rekkje av Marx sine mest kjende og siterte formuleringar.

Der achtzehnte Brumaire skulle få stor innverknad på seinare marxistisk totalitarianisme- og fascisme-forsking. Innan politisk vitskap blir det sett på som eit framståande verk innan politisk teori. Noko som skulle bli særleg lagt vekt på innanfor seinare marxisme og marxisme-leninisme var tesen verket framstilte om at ein sigerrik revolusjon av proletariatet måtte knuse det borgarlege statsapparatet i staden for berre å overta det.

Grundrisse[endre | endre wikiteksten]

I 1857-58 blei Marx ferdig med eit gigantisk 800 sider langt manuskript som dekte alle seks delane av den marxske økonomiske teorien: kapital, landeigedom, lønnsarbeid, staten, utanrikshandel og verdsmarknaden. Men verket føyer seg inn i rekkja av skrifter som ikkje blei utgitt under levetida hans. Det var ikkje før lenge etter han var død, i 1941, at det såg dagens lys, under tittelen Grundrisse der Kritik der Politischen Ökonomie.

Karl Marx i 1861

Av dei seks felta var det berre det om kapitalen som Marx nokosinne rakk å gi ei ferdig utforming (storverket Kapitalen, Marx sitt magnum opus). Grundrisse blir ofte skildra som eit utkast til Das Kapital, sjølv om det herskar stor usemje om det nøyaktige forholdet mellom dei to tekstane, spesielt kva gjeld metodologispørsmålet.

Zur Kritik der politischen Ökonomie[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste av Marx sine sentrale og utvikla økonomiske hovudverk følgde så. I 1859 kom Zur Kritik der politischen Ökonomie. Eigentleg var det tenkt som fyrste hefte i ein serie, men Marx slo snart fast at han ikkje var heilt nøgd med detaljane. Derfor begynte han på nytt, og dermed kan ein også sjå Zur Kritik... som eit utkast til Kapitalen, som begynte å kome åtte år seinare.

Den fyrste internasjonalen (1864-1872)[endre | endre wikiteksten]

Mens han arbeidde på Kapitalen fekk Marx igjen høve til å engasjere seg praktisk for arbeidarrørsla: I 1864 var han den leiande organisatoren av Den internasjonale arbeidarane si foreining (kort: Den fyrste internasjonalen). Støytet til organisasjonen var den store solidaritetsdemonstrasjonen i London den 22. juli for polakkane som hadde gjort opprør mot Tsar-Russland. Franske og engelske arbeidarleiarar møttest då og blei einige om å organisere seg internasjonalt. Den store konferansen fann stad i St. Martin's Hall, og heldt det gåande frå den 28. september og i over ein månad. Representantar for engelske, franske, italienske, polske, irske, sveitsiske og tyske arbeidarforeiningar deltok, blant dei også Marx. Marx tok raskt ei leiande rolle. Han forfatta statuttane og prinsipprogrammet, som blei einstemmig vedtekne den 1. november 1864, og blei Internasjonalen sin leiar. I innleiingstalen sin tok Marx utgangspunkt i dei britiske erfaringane og framheva særleg to hendingar: (1) lova om 10-timars arbeidsdag og (2) kooperativrørslene. Slike reformer blei karakteriserte som ein siger for den økonomiske utviklinga til arbeidarklassa.

Den 26. juni 1865 presenterte Marx for generalrådet teksten Om lønning, pris og profitt der han argumenterte imot tesen om den tette samanhengen mellom lønnsaukingar og inflasjon.

Den fyrste internasjonalen femnde så vidt forskjellige grupperingar som tyske kommunistar, britiske fagforeiningsfolk, britiske liberale, tyske lassallister og franske proudhonister, og personar som den kommunistiske franskmannen Louis Auguste Blanqui (1805-1881), den anarkistiske russaren Mikhail Bakunin (1814-1876) og italienaren Giuseppe Mazzini (1805-1872).

Konfliktar var ikkje til å unngå. Den største gjaldt anarkistane. Men fyrst gjaldt det for Marx å trenge tilbake innverknaden til mazzinianarane, proudhonianarane og særleg owenianarane. Dei siste var eksponentar for det som er blitt kjent som utopisk sosialisme, ei retning innan tidlegsosialismen som framleis var sterk i engelske fagforeiningskrinsar. Det lukkast Marx langt på veg å nøytralisere desse innverknadene under Internasjonalen sin konferanse i Genève i september 1866.

Deretter tok Marx eit uforsonleg oppgjer med anarkistane, representert spesielt med Bakunin som han kjende frå tida i Paris i 1844 og som no budde i Sveits. Sjølv om Marx vann kampen mot anarkistfløya, som blei ekskludert under kongressen i Haag den 2. september 1872, blei sigeren hol. Flyttinga av generalrådet frå London til New York i 1872, som Marx støtta, leidde raskt til samanbrot og praktisk oppløysing av Internasjonalen. Den formelle oppløysinga følgde den 15. juli 1876 i Philadelphia.

Verket Kapitalen[endre | endre wikiteksten]

Fyrsteutgåva av Kapitalen sitt fyrste bind, 1867.

Arbeidet med Kapitalen (Das Kapital) tok lang tid. Det var ikkje før i 1867 at fyrste bind av det som skulle bli eit sett på tre bind blei publisert. Forleggjaren var Otto Meissner i Hamburg, som også skulle gi ut dei følgjande (posthume) binda i 1885 og 1894.

Dei ferdige setta som er blitt dei som skulle prege seinare marxisme, blei fyrst redigert av Engels og fekk forord skrive av han (1895). Seinare blei verket noko overarbeidt av den sosialdemokratiske partiideologen Karl Kautsky (1854-1938) og med forord av han (1910); Kautsky føyde også til ei såkalla fjerde bok, med «Teoriar om meirverdien» på grunnlag av eit manuskript funne i Marx sine leivningar. Både Engels og Kautsky sitt ferdiggjeringsarbeid er blitt utsette for kritikk frå forskjellig hald.

Det fulle namnet til verket var Das Kapital. Kritik der politischen Oekonomie (Kapitalen. Kritikk av den politiske økonomien). Det bindet som kom ut i 1867, Der Produktionsprocess des. Kapitals, tok føre seg produksjonsmidla. Dei to posthume binda hadde temaa (Bind II:) Der Cirkulationsprocess des Kapitals (Kapitalen sin sirkulasjonsprosess) og (Bind III: Der Gesamtprocess der kapitalistischen Produktion (Den kapitalistiske produksjonen sin samla prosess).

Marx sa sjølv at målet hans var «å utvikle ein vitskap [dvs. politisk økonomi] ved kritikk til det punktet der den kan fremjast dialektisk», og på dette viset «avdekkje rørslelovane til det moderne samfunnet». Ved å påvise koss kapitalistisk utvikling var ein forløpar for ein ny og sosialistisk produksjonsmåte ville han leggje eit vitskapleg fundament for den moderne arbeidarrørsla.

Eit klart trekk ved Kapitalen er at framstillinga reflekterer den dialektiske metodologien som var utvikla av Georg Wilhelm Friedrich Hegel i bøkene hans Wissenschaft der Logik (1812/16) og Phänomenologie des. Geistes (1807). Ein finn også klare resultat av den innverknaden franske sosialistar som Charles Fourier, comte de Saint-Simon og Pierre-Joseph Proudhon hadde hatt på Marx.

Aristoteles og gresk filosofi generelt var òg ein viktig innverknad på Marx sin analyse av kapitalismen. Marx si utdanning i Berlin gjorde han fortruleg med greske og romerske diktarar og filosofar, og doktorarbeidet hans frå yngre år hadde samanlikna to filosofar frå antikken i Hellas.

Karl Marx i 1869

Marx bygde arbeidet sitt i stor grad på verk frå klassiske økonomar som Adam Smith (1723-1790, forfattar av «[[Wealth of Nations|The Wealth of Nations»), David Ricardo (1772-1823, med verket «Principles of Political Economy and Taxation»), John Stuart Mill (1806-1873, som skreiv «The Principles of Political Economy») og til og med Benjamin Franklin (1706-1790, blant anna «The Way to Wealth»). Nesten alt det han nytta som empirisk underbygging kom også frå engelske kjelder, særleg frå økonomidelen i tidsskrifta The Economist og rapportar frå The Royal Commission of Inquiry.

Frå lesesalen i British Museum
Foto: Robert Swinney

Når han som relativt fattig mann kunne setje seg inn i slike kjelder, skuldast det at han tilbringa lange dagar i den kjelderike lesesalen i British Museum, som han lettvint kunne kome seg til frå den nærliggjande bydelen Chelsea, der han budde i delar av sitt Londoneksil. Men i tillegg til å byggje på desse økonomane, omarbeidde han materien på ein slik måte at verket hans blei ein syntese som var hans eige originale verk og ikkje berre var ei vidareføring av føringane til nokon annan økonom.

Eitt særtrekk er at Marx i motsetning til dei forfattarane han las gjennomførde ei integrering av økonomiske og sosiale forhold. Både Smith og Ricardo tenderte mot å halde desse frå kvarandre. Marx tok over Ricardo si inndeling i tre klassar (landeigarar, kapitaleigarar/kapitalistar og arbeidarar). Ricardo hadde i seinare arbeid påpeika negative sosiale følgjer av industrialiseringa på ein måte som Marx ikkje reflekterer over i Kapitalen.

Dei økonomiske studia Marx utførde overtydde han om at store framsteg var innanfor rekkjevidde; ja, at det ved hjelp av stadig forbetra teknologi absolutt ville vere mogeleg å nå fram til eit stadium der alle menneskelege behov kunne dekkjast godt for alle og ein kvar. Men for å få til denne rette fordeling av goda ville det vere heilt nødvendig å gestalte samfunnet sosialistisk eller kommunistisk.

Dei liberale var kritiske til Marx sin modell fordi den oppfordra til klassekamp. Det var ifølgje Marx sin modell heilt nødvendig at arbeidarane greip all makt, elles ville ein ikkje nå dette målet, og framandgjeringa ville berre bli verre.

Nøkkelomgrepet framandgjering fekk brei plass i Kapitalen. Dette er eit konsept som går tilbake til Hegel. Unghegelianarane hadde gripe fatt i det, og Feuerbach og Marx vidareutvikla det. Marx gjorde det om frå eit reint filosofisk fenomen til ein karakteristikk av ein sosial mekanisme. Marx nyttar framandgjering (Entfremdung eller Entäusserung) på grunn av den kapitalistiske produksjonsprosessen og eigedomsstrukturen, når arbeidarane ikkje har kontroll med produksjonsmidla og kapitalistane får brorparten av den meirverdien som blir tilførd eit produkt ved virket til arbeidarane. Produktet framstår derfor for arbeidaren som noko framand, og som han ikkje har kontroll over.

Manuskriptet Borgarkrigen i Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Barrikade i Paris den 18. mars 1871, bemanna av kommunarder

Den viktigaste politiske hendinga for kommunismen og sosialismen i desse åra blei Parisarkommunen i 1871, då parisiske borgarar gjorde opprør og klarde å kontrollere byen i to månader. Marx skreiv i april/mai same år ein av sine i ettertida mest kjende tekstar om den blodige undertrykkinga av opprøret, Borgarkrigen i Frankrike, der han kom med eit entusiastisk forsvar av Kommunen. Igjen dreier det seg om eit verk som ikkje blei offentleggjort då; det blei fyrst kjent i 1930-åra. I manuskriptet trekte Karl Marx igjen sin tidlegare konklusjon om at proletariatet ikkje må slå seg til ro med å få grep om maktapparatet til staten, det må rykkje det opp med rota. Marx priste den nye forma for folkestyre som «kommunardane» etablerte.

Kritikk mot Gothaprogrammet[endre | endre wikiteksten]

Under det siste tiåret av livet sitt gjekk det raskt nedover med Marx si helse, og han var ikkje lenger i stand til å oppretthalde det trykket på forfattarskapen sin som hadde kjenneteikna han før. Tida til maratonløpet var forbi. Men han makta å engasjere seg tungt i einskilde dagsaktuelle spørsmål, særleg i Tyskland og i Russland.

Kritik des Gothaer Programms

Eit brev kjend for si utdjuping av prinsippet:

« Frå kvar etter evne, til kvar etter behov.  »

Brevet avsluttar med setninga:

« Eg har talt og redda sjela mi.  »

Tidleg i mai 1875 skreiv Marx med stønad frå Engels eit brev til Eisenach-fraksjonen av den tyske sosialdemokratiske rørsla. Brevet blei ikkje utgitt før i 1891, altså etter døden hans. Marx og Engels hadde lenge stått denne rørsla nær. Brevet gav kanskje dei mest detaljerte tilvisingane og kommentarane frå Marx si hand om programmatiske forhold for revolusjonær strategi. Her drøfta han «diktaturet til proletariatet», overgangsfasen mellom kapitalisme og kommunisme, proletarisk internasjonalisme og partiet til arbeidarklassa.

Dette brevet blei det siste større verket frå Marx si hand.

Utgangspunktet var ein planlagd partidannande kongress i byen Gotha. To grupper eller parti skulle her tilnærme seg kvarandre: Etter planen ville eisenacherfraksjonen faktisk slå seg saman med lasallefraksjonen og saman skipe eit sameint parti, det som etter endå nokre år blei til Det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD). Eisenacharane (namnet kjem frå byen Eisenach der dei hadde vedteke det dei meinte var eit strengt marxistisk program i 1869) hadde sendt eit programutkast, «Gothaprogrammet», til Marx for kommentar. Marx meinte det var negativt påverka av ider frå den avdøde tyske sosialistpolitikaren Ferdinand Lassalle (1825-1864), ein mann som Marx hadde sett som ein opportunist som var villig til kompromisse med regjeringa om krava til arbeidarrørsla.

Karl Marx i 1882

Då kongressen blei halden i Gotha seint i mai, blei det kritiserte programmet derimot vedteke med berre mindre endringar.

Sassulitsch-Brief - Brev til Vera Sassulitsj[endre | endre wikiteksten]

Hans noko mindre intense arbeid med Russland avdekte ein interessant ideologisk fleksibilitet. Det dreiar seg om Marx sin korrespondanse med Vera Ivanovna Sassulitsj (1849-1919), ei russisk narodnika som var på full fart til å bli marxistisk revolusjonær.

I det som er blitt kjent som Sassulitsj-brevet (8. mars 1881) drøfta han sjansen for at situasjonen i Russland kunne vere slik at dette føydalsamfunnet kunne hoppe over det kapitalistiske utviklingsstadiet og gå rett over til å byggje kommunismen på grunnlag av felleseigetradisjonar i russiske jordbrukslandsbyar.

Ein annan fleksibilitet frå det normalmønsteret han hadde teikna opp med så stor styrke viste han òg på ein annan måte: Han ville ikkje utelukke at visse land med sterke demokratiske institusjonelle strukturar, som Storbritannia, USA og Nederland, kunne klare overgangen frå kapitalisme til kommunismebygging ved ein fredeleg veg. I land med sterke sentraliserte statsorienterte tradisjonar som Frankrike og Tyskland derimot, såg han ei valdeleg omvelting som heilt uunngåeleg.

Død og gravferd[endre | endre wikiteksten]

Gravmælet i London
Foto: Markus Nilsson

Marx levde i fattigdom i dei siste åra av livet sitt, heilt avhengig av økonomisk stønad frå vennene og særleg den spesielle vennen og medforfattaren Engels som hjelpte familien med dei daglege utgiftene og gjelda. Sjukdomssvekkinga hans gjorde at framdrifta med økonomiske arbeid heilt stoppa opp; han leid blant anna av kronisk bronkitt.

Den 2. desember 1881 døydde kona hans, Jenny. Marx var for sjuk til å gå i gravferda. Den 11. mai 1883 døydde dottera, som òg heitte Jenny. Sjølv døydde Karl Marx den 14. mars 1883. Han blei 64 år, og var framleis statslaus.[7] Tapet av kona, og sikkert også av dottera Jenny, hadde ført han inn i ein djup depresjon som sannsynlegvis framskunda døden hans.

Han blei gravlagd tre dagar etter i Highgate Cemetery i London. Ni personar var til stades ved gravferda. Det var Engels, Eleanor, svigersønene Charles Longuet og Paul Lafargue, og fem andre med nære band til dei avdøde - Wilhelm Liebknecht, Friedrich Lessner, G. Lochner, Carl Schorlemmer og Ray Lankester - som òg var overtydde sosialistar.

Innskrifta på gravstøtta, eit monument reist i 1954 av Det britiske kommunistpartiet, er «Workers of all lands, unite!». Den opphavlege gravsteinen var i utgangspunktet enkelt utsmykka.

Barna til Marx[endre | endre wikiteksten]

Jenny d.y. (1844-1883) med mannen sin Charles Longuet
Eleanor Marx (1855-1898)
Laura Marx (1845-1911)

Berre tre av barna til familien voks opp. Det var døtrene Eleanor, Jenny Caroline og Laura, som liksom foreldra sine engasjerte seg i den sosialistiske rørsla. Laura gifte seg i 1868 med Paul Lafargue (1842-1911), Jenny gifte seg i 1872 med Charles Longuet (1839-1903), og Eleanor levde frå 1883 saman med Edward Aveling (1849-1898). Alle tre svigersønene var aktive som sosialistiske agitatorar; dei to fyrstnemnde i Frankrike og den siste i Storbritannia. Ingen gav faren sin nokre barnebarn.

Begge dei to døtrene som overlevde faren, Laura og Eleanor, var språkintelligente og engasjerte seg i omsetjingsarbeid. Eleanor omsette til og med to stykke av Ibsen til engelsk: Fruen fra Havet og En folkefiende. Noko anna dei skulle få til felles var at dei skulle gjere sjølvmord. Ved begge tilfelle var det i sjølvmordspakter med respektive makar, men i Laura sitt tilfelle blei ho lurt til det - Edward hadde aldri tenkt å ta gift sjølv.

Ifølgje eit gjenstridig rykte hadde Marx ein son utanfor ekteskapet: Frederick Demuth, fødd 1851, sonen til hushalderska hans Lenchen Demuth (1820-1890). Ho hadde arbeidt hos familien heilt sidan 1843. Ungkaren Engels tok ansvaret for farskapet og spara tilsynelatande Marx for ansvaret. Etter Marx døydde flytte ho til Engels og blei hushalderska hans. Dei to i fellesskap tok seg av Karl Marx sine historiske leivningar. Ho døydde av kreft i november 1890, og etter eit ønske frå Jenny blei ho gravlagd i familiegrava til familien Marx.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Verka og tenkinga til Karl Marx blei sterkt gjeldande etter at han døydde. Blant politikarar som meinte seg påverka av tankane hans finn ein Eduard Bernstein, Karl Kautsky, Rosa Luxemburg, Otto Bauer, Julius Martov, Lev Trotskij, Martin Tranmæl, Einar Gerhardsen, Johan Nygaardsvold, Olav Oksvik, Vladimir Lenin, Josef Stalin, Mao Zedong, Pol Pot, Kwame Nkrumah, Fidel Castro, Enver Hoxha og Kim Il-sung.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Zur Kritik der Hegelschen Rechtsphilosophie / Einleitung / Zur Judenfrage / Briefe an Ruge, alle fyrste gong publisert i: Deutsch-Französische Jahrbücher, Paris 1844.
  • Die heilige Familie oder Kritik der kritischen Kritik. Gegen Bruno Bauer & Consorten. Literarische Anstalt, Frankfurt am Main 1845.
  • Die deutsche Ideologie, 1845 til 1846, kom ut posthumt, Berlin 1932.
  • Thesen über Feuerbach, 1845, utgjeve fyrste gong og i revidert form i: Friedrich Engels: Ludwig Feuerbach und der Ausgang der klassischen deutschen Philosophie, Dietz Verlag, Stuttgart 1888.
  • Misère de la philosophie. Réponse à la philosophie de la misère de M. Proudhon. A. Frank/C. G. Vogler, Paris/Brussel 1847.
  • Manifest der Kommunistischen Partei (kort: Das Kommunistische Manifest), saman med Friedrich Engels, kom ut anonymt, Bildungs-Gesellschaft für Arbeiter, London Februar 1848
  • Lohnarbeit und Kapital, 1849
  • Die Klassenkämpfe in Frankreich 1848–50, kom ut i fyrste hefte av Neue Rheinische Zeitung 1850.
  • Der achtzehnte Brumaire des Louis Bonaparte, kom ut fyrste gong i avisa Die Revolution, New York 1852
  • Enthüllungen über den Kommunistenprozess zu Köln og Die großen Männer des Exils, kom ut i New-York Daily Tribune, 1852.
  • Die britische Herrschaft in Indien / Die ostindische Kompanie, ihre Geschichte und die Resultate ihres Wirkens / Die künftigen Ergebnisse der britischen Herrschaft in Indien, alle i New-York Daily Tribune, 1853.
  • Lord Palmerston, 1853.
  • Das revolutionäre Spanien, 1854.
  • Lord John Russe, 1855
  • Grundrisse der Kritik der politischen Ökonomie. Rohentwurf. Sju hefte, materialet frå 1857 og 1858, utgjeve posthumt i Verlag für fremdsprachige Literatur, Moskva 1939 til 1941.
  • Zur Kritik der politischen Ökonomie, 1859.
  • Herr Vogt, 1860.
  • Inauguraladresse und Statuten der Internationalen Arbeiterassoziation, 1864.
  • Lohn, Preis, Profit, 1866.
  • Das Kapital. Kritik der politischen Oekonomie. Norsk: Kapitalen 1-4, omsett av Erling Kielland og Stein Rafoss, Oktober, 1983-84
    • Bind 1: Der Produktionsprocess des Kapitals. Otto Meissners forlag, Hamburg 1867.
    • Bind 2: Der Circulationsprocess des Kapitals. Utgjeve av Friedrich Engels, Otto Meissners forlag, Hamburg 1885
    • Bind 3: Der Gesammtprocess der kapitalistischen Produktion. Utgjeve av Friedrich Engels, Hamburg 1894.
  • Konfidentielle Mitteilung om Bakunin, 1869.
  • Der Bürgerkrieg in Frankreich. Adresse des Generalrats der Internationalen Arbeiterassoziation an alle Mitglieder in Europa und den Vereinigten Staaten, Leipzig 1871.
  • Kritik des Gothaer Programms, 1875, utgjeve posthumt 1891.
  • Sassulitsch-Brief, 1881.
  • Marx/Engels Briefwechsel, Dietz, Berlin 1949. Brevveksling frå 1844 til 1883; fire bind

Verkutgåver[endre | endre wikiteksten]

Das Kapital, del av serien «Dei blå binda» (Marx-Engels-Werke), utgjeve i Aust-Tyskland i 1970-åra.
  • «Marx-Engels-Werke» (MEW), Berlin (DDR), Dietz-Verlag 1956–1990 (43 bind)
  • «Marx-Engels-Gesamtausgabe» (MEGA), Berlin (DDR), Dietz-Verlag 1975 ff. / Berlin: Akademie-Verlag 1990 ff.
  • «Marx: Verker i utvalg», Pax, Oslo 1970

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Biografiar[endre | endre wikiteksten]

På norsk
Anna etter alder
  • Franz Mehring: Karl Marx – Geschichte seines Lebens. Berlin, 1918
  • W.I.Lenin: Karl Marx, Dietz Verlag, Berlin 1952
  • Willem Banning: Karl Marx. Het Spectrum, 1960 (Obs - nederlandsk)
  • Isaiah Berlin: Karl Marx: His Life and Environment (Oxford University Press, 1963) ISBN 0-19-520052-7
  • Maximilien Rubel: Marx-Chronik. Daten zu Leben und Werk. Hanser, München 1968, Same på engelsk: Marx Without Myth: A Chronological Study of his Life and Work (Blackwell, 1975) ISBN 0-631-15780-8
  • Boris Nicolaevski & Otto Maenchen-Helfen, Karl Marx: Man and Fighter (Penguin Books, 1976) ISBN 0-14-021594-8
  • Heinrich Gemkow: Karl Marx und Edgar von Westphalen – Studiengefährten in Berlin, i: Beiträge zur Marx-Engels-Forschung, Hefte 1 og Hefte 3, Marx-Engels-Abteilung im Institut für Marxismus-Leninismus beim ZK der SED, Berlin 1977 og 1978.
  • David McLellan: Karl Marx: His Life and Thought (Harpercollins, 1978) ISBN 0-06-090585-9
  • Richard Friedenthal: Karl Marx. Sein Leben und seine Zeit. Piper Verlag, München 1981, ISBN 3-492-02713-X

Andre bøker[endre | endre wikiteksten]

Norsk
  • Jon Elster: Hva er igjen av Marx? Universitetsforlaget, 1988. ISBN 82-00-18492-7 Omarbeiding av engelsk original, søkjer å omsetje Marx til moderne samfunnsvitskapleg omgrepsapparat for å teste kva for nokre av teoriane hans som ifølgje Elster framleis er haldbare.
  • Det kommunistiske manifest og andre ungdomsskrifter utval og redigert av Dag Østerberg. Bokklubben, 2000. ISBN 82-525-6174-8
  • Fredrik Engelstad (red.): Det beste av Karl Marx: tekster i utvalg Pax, 1992 ISBN 82-530-1580-1. Med biografi
  • Rius. Marx for begynnere. Bracan forlag, 1995. ISBN 82-7822-007-7 (Også: Gyldendal, 1981)
  • Dag Østerberg. «Karl Marx». I: Vestens tenkere, bd 2. Aschehoug, 1993
  • Dag Østerberg. Karl Marx og Emile Durkheim. Oslo, 1974. Doktoravhandling i 4 bind
Engelsk
  • Shlomo Avineri: The Social and Political Thought of Karl Marx (Cambridge University Press, 1968) ISBN 0-521-09619-7
  • Wal Buchenberg: Karl-Marx-Lexikon. Von Abfall bis Zusammenbruch. Berlin 2005. ISBN 3-89700-425-9
  • Alex Callinicos: Die revolutionären Ideen von Karl Marx. ISP-Verlag, Frankfurt am Main 2005, ISBN 3-89900-114-1
  • G. A. Cohen: Karl Marx's Theory of History: A Defence (Princeton University Press, 1978) ISBN 0-691-07068-7
  • Hal Draper: Karl Marx's Theory of Revolution (4 volumes) Monthly Review Press
  • Ronald Duncan & Colin Wilson (red): Marx Refuted, (Bath, U.K., 1987) ISBN 0-906798-71-X
  • Stephen Jay Gould: A Darwinian Gentleman at Marx's Funeral - E. Ray Lankester, Page 1, Find Articles.com (1999)
  • Daniel Little: The Scientific Marx, (University of Minnesota Press, 1986) ISBN 0-8166-1505-5
  • Philip Mansel: Paris Between Empires, (St. Martin Press, New York), 2001
  • Francis Wheen, Marx's Das Kapital, (Atlantic Books, 2006) ISBN 1-84354-400-8
  • Irving M. Zeitlin: Marxism: A Re-Examination. D. Van Nostrand Company, 1967.
Tysk
  • Eugen Dühring: Cursus der Philosophie als streng wissenschaftlicher Weltanschauung und Lebensgestaltung. London 1875
  • Irving Fetscher: Marx. Herder Verlag, Freiburg/Basel/Wien 1999, ISBN 3-451-04728-4
  • Karl Flechtheim: Karl Liebknecht: Gedanke und Tat. Schriften, Reden und Briefe zur Theorie und Praxis der Politik. Wien 1976
  • Ossip K. Flechtheim, Hans-Martin Lohmann: Marx zur Einführung. 4. Auflage, Junius, Hamburg 2003, ISBN 3-88506-378-6
  • Helmut Fleischer: Marx und Engels. Die philosophischen Grundlinien ihres Denkens. 2. Auflage, K. Alber, Freiburg/München 1974
  • Eberhard Gockel: Karl Marx in Bonn – Alte Adressen neu entdeckt. Ein Beitrag zum 2000-jährigen Bonn-Jubiläum sowie zum Bicentenaire der Französischen Revolution. Bonn 1999
  • Wolfgang Fritz Haug (utg.): Historisch-Kritisches Wörterbuch des Marxismus in 15 Bänden. Argument Verlag, Hamburg 1994 ff. (Band 1: 'Abbau des Staates bis Avantgarde, bisher (03/2006) erschienen: Bd.1,2,3,4,5,6 I. und 6 II.)
  • Michael Heinrich: Kritik der politischen Ökonomie. Eine Einführung. Zweite durchgesehene und erweiterte Auflage, Schmetterling Verlag, Stuttgart, ISBN 3-89657-588-0
  • Robert Kur: Marx lesen – Die wichtigsten Texte von Karl Marx für das 21. Jahrhundert. Eichborn Verlag, Frankfurt am Main 2000
  • Rosa Luxemburg: Gesammelte Werke, Bd. 1-5. Berlin 1974
  • Thomas Masaryk: Die philosophischen und soziologischen Grundlagen des Marxismus. Studien zur sozialen Frage. 1899.
  • Izumi Omura og andre (utg.): Familie Marx privat – Die Foto- und Fragebogen-Alben von Marx’ Töchtern Laura und Jenny – kommentert faksimileutgåve, Akademie Verlag 2005, ISBN 3-05-004118-8
  • Helmut Reichelt: Zur logischen Struktur des Kapitalbegriffs bei Karl Marx. Diss. v. 10. Juli 1968, Wirtschafts-- u. sozialwissenschaftliche Fakultät. Universität Frankfurt (Main), Frankfurt 1968, 265 S.
  • Helmut Reichelt: Zur logischen Struktur des Kapitalbegriffs bei Karl Marx. Mit einem Nachwort von Iring Fetscher. 4., durchgesehene Auflage. Zugleich: Diss. 1970, Wirtschafts- u. Sozialwiss. Fak. Universität Frankfurt (Main), Frankfurt am Main: Europäische Verlagsanstalt, 1973, 265 S., ISBN 3-434-45027-0
  • T.Rockmore: Fichte, Marx and the German Philosophical tradition. Illinois 1980
  • Wolfdietrich Schmied-Kowarzik: Die Dialektik der gesellschaftlichen Praxis. Zur Genesis und Kernstruktur der Marxschen Theorie. Alber Verlag, Freiburg/München 1981, ISBN 3-495-47446-3
  • H.Stuke: Philosophie der Tat. Studien zur Verwirklichung der Philosophie bei den Junghegelianern und den Wahren Sozialisten. Stuttgart 1963.
  • Predrag Vranicki: Geschichte des Marxismus. Suhrkamp, Frankfurt am Main 1974

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Karl Marx
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl Marx
Biografiar og tekstar på verdsveven
Biografiar

Kjelder og referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Francis Wheen: Karl Marx: A Life, s. 75. Nokre stader kan ein lese at det var møtet i Paris i 1844 som var det fyrste, men det er altså ikkje heilt rett.
  2. Mansel, s. 389.
  3. Philip Mansel: Paris Between Empires, s. 390 (St. Martin Press, New York) 2001
  4. Mansel, s. 390.
  5. Mange forskarar har forklart dette lenge neglisjerte ombrotet i Marx si teoretiske utvikling; blant dei er Ernie Thomson i The Discovery of the Materialist Conception of History in the Writings of the Young Karl Marx, New York, The Edwin Mellen Press 2004. For ei kort framvising, sjå Max Stirner in a. nutshell
  6. D. McLellan: Karl Marx: His Life and Thought, s. 274.
  7. D. McLellan, s. 451.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]