Karl Olivecrona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Knut Hans Karl Olivecrona, (fødd 25. oktober 1897 i Norrbärke sokn, død 5. februar 1980), var ein svensk jurist og rettsfilosof.

Han var son till heradshøvdingen Axel Olivecrona og grevinna Ebba Christina Mörner af Morlanda og bror til hjernekirurgen og bandyspelaren Herbert Olivecrona. Han studerte jus ved Uppsala universitet i perioden 1915 til 1920, og var elev av Axel Hägerström – som vert rekna som grunnleggjaren av den skandinaviske rettsrealismen. Han fullførte doktorgraden i 1928 ved Uppsala universitet. I 1933 vart han professor i prosessrett ved Lunds universitet der han var fram til 1964. Gjennom arbeidet sitt vidareførte han den rettsrealistiske teorien og vart sett på som ein framståande representant for Uppsalaskolan. Han var sterkt påverka av Axel Hägerström og Vilhelm Lundstedt.

Olivecrona var kjend for sine uttalte nazistsympatiar, og motiverte haldninga vitskapleg: for han vart retten skapt av lova og lovas opphav er makta[1]. Hustrua og forfattaren Birgit Lange støtta hans syn og paret tok aktivt del i den offentlege debatten. [2]

Nokre publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Law as Fact (London: Oxford University Press, 1939)
  • England eller Tyskland (1940)
  • "Is a Sociological Explanation of Law Possible?", Theoria (1948)
  • The Problem of the Monetary Unit (1957)
  • Law as Fact, 2. utg. (London: Steven & Sons, 1971) (ISBN 0-420-43250-7)
  • "Locke's Theory of Appropriation", Philosophical Quarterly (1974)
  • "Appropriation in the State of Nature: Locke on the Origin of Property", Journal of the History of Ideas (1974)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Karl Olivecrona: ENGLAND ODER DEUTSCHLAND, utgjeven 1941 i Lübeck av Reichskontor der Nordischen Gesellschaft
  2. Sverker Oredsson: Ny bok kartlägger nazismen i Lund under kriget: De intellektuellas förräderi. LUM - Lunds Universitet Meddelar, nr 6 1996