Karl Renner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minnesmerke over Karl Renner i Siegendorf

Karl Renner (14. desember 187031. desember 1950) var ein austerriksk sosialist, og høyrte til den særeigne venstresosialistiske retninga ein kallar austromarxismen. Han var rettslærd, og skreiv fleire viktige verk innan rettslæra, frå ein marxistisk synsstad, blant anna «Den sosiale funksjonen til rettsinstitusjonane», som blei utgitt i 1904.

I verket «Problema i marxismen» frå 1916 kom Renner med ei tidleg analyse av den statsregulerte forma for kapitalisme som kom tydeleg til syne i krigsøkonomien under første verdskrigen.

Etter Renner var død, blei verket hans «Endringane i det moderne samfunnet» utgitt, i 1953. Det dreiar seg om sosialistisk strategi i eit seinkapitalistisk samfunn.

Somme reknar Renner som ståande på høgre fløy innanfor austromarxismen, relativt nær revisjonismen til Eduard Bernstein. Det er iallfall sant at Renner stod eintydig på det parlamentariske demokratiet sin grunn, og han forsvarte ei parlamentarisk strategisk linje innetter i ordskifta i det austerrikske sosialdemokratiske partiet SDAP, no SPÖ.

Karl Renner var den første statsministeren i republikken Austerrike i 1918, hadde sia fleire ministerpostar, og frå 1945 til han døydde var han presidenten i landet.