Karl Rolvaag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Karl Fritjof Rolvaag (18. juli 191320. desember 1990) var ein US-amerikansk politikar. Han var guvernør i Minnesota frå 1963 til -67, innvald for Democratic-Farmer-Labor Party. Rolvaag var fødd i Northfield og døydde i same byen. Far hans var forfattaren Ole Edvart Rølvaag.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Rolvaag budde og arbeidde i heimbyen til han under 2. verdskrigen kjempa i denne. Han steig til løytnant, med kommando over ei stridsvogn. Etter krigen budde han ei tid i Noreg for å lære seg om politikk og samfunnsstyring. Vel heimkomen til Minnesota vart han formann i Minnesota sitt Democratic-Farmer-Labor Party (DFL). I 1954 vart han vald til viseguvernør, eit embete han skjøtta i åtte år. Han stilte då til val av guvernør.

Guvernørvalet vart halde 6. november 1962, men utfallet vart ikkje kjent før etter ei omteljing og ein rettsprosses som det tok 139 dagar å fullføre. Fyrst i mars 1963 var det klart at Rolvaag hadde vunne guvernørvalet med den lågaste margin nokon gong. Av over 1,2 millionar avgjevne stemmer fekk Rolvaag 91 fleire enn Elmer L. Andersen.

Rolvaag var den fyrste guvernøren i Minnesota som sat ein heil fireårsperiode. Grunna vedvarande krangling mellom guvernøren og den konservativt-styrte lovgjevande forsamlinga, vart få viktige tiltak iverksett i perioden med Rolvaag var guvernør. Men han vert hugsa for sin leiarskap i å få reformert statens institusjonar for mentalt tilbakeståande. Dette førte til forbetringar i tilhøva for og stellet av folk med utviklingshemjingar. Den populist-innstilte guvernøren fekk også endra organiseringa av dei vidaregåande skulane i staten. Tidlegare hadde kvar enkelt skule hatt eit eige styre. Rolvaag utvikla eit samkøyrt statsomfattande system med målsetjing om at kvar enkelt minnesota-buar skulle ha tilgang til høgare utdanning innan ein overkomleg distanse frå heimen.

Rolvaag fekk ikkje støtte frå partiet, DFL, då det gjekk mot nytt val. I staden innstilte dette på at viseguvernøren Sandy Keith skulle vere partikandidaten. På nominasjonsmøtet entra Rolvaag talarstolen og ropte ut ”lat folket bestemme!” og vann greitt over Keith. Ved guvernørvalet i november 1966 tapte han mot republikanaren Harold LeVander.

I 1967 vart Rolvaag utnemnd til USA sin ambassadør til Island. Han returnerte til Minnesota i 1970 og vart vald inn i Minnesota sin kommisjon for offentlege tenester. Denne posten forlet han i 1975 for å søkje hjelp mot alkoholisme. Sidan arbeidde han for å hjelpe andre alkoholikarar og tala om alkoholisme, både i heimbyen og så langt unna som i Sverige.