Karl Schwarzschild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Schwarzschild

Karl Schwarzschild (9. oktober 187311. mai 1916) var ein tysk astronom. Han er mest kjend for det teoretiske arbeidet sitt; og då særskilt for å finna den fyrste løysinga på likningane i den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein. Han er far til astronomen Martin Schwarzschild.

Schwarzschild leidde dei to observatoriuma Göttingen og Potsdam dei siste fem åra før den fyrste verdskrigen braut ut. I 1914 melde han seg for frivillig hærtenesta og døydde to år seinare av ein hudsjukdom han fekk på austfronten.

Relativitetsteori[endre | endre wikiteksten]

Schwarzschild hadde so tidleg som i 1900 kome med eit framlegg om at geometrien i universet ikkje var evklidsk. I 1916, kort tid etter at den generelle relativitetsteorien vart offentleggjord og i det siste leveåret hans, hadde Schwarzschild funne den fyrste eksakte løysinga på feltlikningane åt Einstein. Frå denne løysinga kom han fram til konsepta til det som i dag vert kalla svarte hòl og Schwarzschild-radius.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Karl Schwarzschild» s. 358 i Philip's Astronomy Encyclopedia gjeven ut i 2002.