Karl Seglem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Seglem
Fødenamn Karl Seglem
Fødd 8. juli 1961, Årdalstangen, Sogn og Fjordane
Instrument tenorsaksofon og bukkehorn
Aktive år 1980-talet og til i dag
Yrke tenorsaksofonist, bukkehornist, komponist, poet og produsent
Plateselskap NORCD
Nettstad www.karlseglem.no

Karl Seglem (fødd 8. juli 1961 på Årdalstangen) er ein norsk musikar (saksofon og bukkehorn), komponist og plateprodusent. Seglem er kjend frå ei rekkje innspelingar med jazz og folkemusikk i kombinasjon og som leiar av sitt eige plateselskap, NORCD, sidan 1991.

Seglem vart utdanna ved musikklinja på Voss folkehøgskule (1978–80), før han i Bergen samarbeida med Arvid Genius, Jan Grieg kvartett, Kenneth Sivertsen (1980–92) og Knut Kristiansen på 1980-talet. Han leia og sitt eige orkester «Growl», skreiv for Jazznytt og var politisk aktiv i Foreningen norske jazzmusikere.

Som soloartist har han gjeve ut åtte album. Det lange samarbeidet hans med perkusjonist Terje Isungset har hatt form av duoen Isglem og trioen Utla der også hardingfelespelar Håkon Høgemo bidreg. Båe har resultert i fleire utgjevingar på eige selskap. Med poeten Jon Fosse har han to utgjevingar. Seglem har turnert omfattande for Rikskonsertene og Den norske jazzscene.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • NyeSongar.no (2013)
  • Ossicles (2010)
  • NORSKjazz.no (2009)
  • Skoddeheimen (2009)
  • Draumkvedet (2009) (med Berit Opheim Versto)
  • Urbs (2007)
  • Dikt (2006) (med Jon Fosse)
  • Reik (2005)
  • Femstein (2004)
  • New north (2004)
  • Nye nord (2002)
  • Spir (1998)
  • Struggle for life (1998) (filmmusikk Norsk Villakssenter)
  • Tya (1997) (med Reidar Skår)
  • Prosa (1996) (med Jon Fosse)
  • Rit (1994)
  • Sogn-a-Song (1991)
  • Poems for trio (1988)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Kvit frekvens, stille spor (2013) (Skald forlag)
  • Historia Ologningane på det blå fjellet i Trøystboka (2011) (Skald forlag)
  • Artikkelen Om naturlyd, scenelyd - og audmjuk undring i Koreografi ute (2009) (Teater & eftf.)
  • Fabelen Første fabel om Opus i Eventyrboka (2009) (Skald forlag)
  • Historia Syng ein song i Godnattboka (2008) (Skald forlag)
  • Stilla er ein åker (2006) (Samlaget)

Prisar, utmerkingar og stipend (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]