Karl VII av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl VII av Det tysk-romerske riket. Måleri av G. Desmarees, ca. 1766

Karl VII Albrecht (fødd 6. august 1697 i Brussel, død 20. januar 1745 i München) av huset Wittelsbach var kurfyrste av Bayern og tysk-romersk keisar frå 24. januar 1742 til han døydde i München i 1745.

Han var son av kurfyrste Maximilian II Emanuel av Bayern. Familien hans vart splitta under den spanske arvefølgjekrigen og var i mange år i husarrest i Austerrike. Først i 1715 vart familien gjenforeint. Bror hans Klemens August av Bayern, seinare erkebiskop og kurfyrste av Köln, som i hovudsak støtta Habsburg-Lothringen gjennom Habsburg-suksesjonane, støtta broren og krona han personleg som romersk keisar i Frankfurt am Main.

Spire Denne historieartikkelen som har med Tyskland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.