Karl XII av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl XII
Statue of Charles XII of Sweden at Karl XIIs torg Stockholm Sweden.jpg
Statue av Karl XII på Karl XIIs torg i Stockholm
Konge av Sverige og Noreg
Regjeringstid 5. april 169730. november 1718
(formyndarregjering til november 1697)
Fødd 27. juni 1682 i Stockholm
Død 11. desember 1718 ved Fredrikshald i Noreg
Føregjengar Karl XI av Sverige
Gift med Aldri gift
Motto Dominus protector meus (latin, 'Herren er min hyrde')
Med Guds hjälp

Karl XII , (fødd 17. junijul./ 27. juni 1682greg. i Stockholm, død 30. novemberjul./ 11. desember 1718greg. i Fredrikshald) latin Carolus Rex, var svensk konge frå 1697 til 1718. Han vart skoten ved Fredriksten festning i Fredrikshald (Halden). Han leidde Sverige gjennom ei rad erobringskrigar. Saman med Gustaf II Adolf er han den mest kjende svenske krigarkongen. I Sverige kan han verta omtala som «hjältekonungen» eller «krigarkungen».

Karl vart konge femten år gamal og reiste frå landet tre år seinare for å ta del i krigshandlingar i Europa. Ei stund vart Sverige ei leiande makt nord i Europa. Polen-Sachsen, Danmark-Noreg, og Russland allierte seg for å gå til åtak på Sverige. Slik byrja Den store nordiske krigen. Ein trudde at sidan Karl XII var så ung, ville han ikkje kunna makta å organisera eit forsvar av landet.

Barndom og slekt[endre | endre wikiteksten]

Karl XII vart fødd på slottet Tre Kronor den 27. juni 1682. Foreldra var Karl XI av Sverige og Ulrika Eleonora d.e.. Syskena var Ulrika Eleonora d.y.. Syskenborn var August II av Polen (August den sterke), Frederik IV av Danmark-Noreg og Frederik IV av Holstein-Gottorp.

Slag der Karl XII var med[endre | endre wikiteksten]

Karl XII fell[endre | endre wikiteksten]

Karl XII:s likfärd, måla av Gustaf Cederström 1884

Karl XII hadde oppnådd å få støtte frå den russiske tsaren i den store nordiske krigen. Våren 1718 forlet Karl XII og hærfølgjet hans Lund på veg mot den norske grensa, og i oktober byrja han ein ny offensiv. Sjølv leidde han 36 000 menn mot Sør-Noreg, medan 7 500 menn skulle angripe Trondheim lenger nord.

Det gjekk lenge bra for svenskane. Nordmennene viste lite motstand før dei kom til Fredriksten festning i Fredrikshald. Dette vart knutepunktet for svenskane. Dei beleira festninga og kjempa seg langsamt framover mot murane. Om dagen kjempa dei ope, medan dei brukte natta til å grave nye skyttergraver for å komme endå nærare nordmennene. Dei norske soldatane heldt fram å skyte på fienden sjølv etter at det var blitt mørkt, og det er sagt at mellom ti og tjue soldatar fall kvar natt.

Kvelden 11. desember 1718 var kongen ute og inspiserte. Mellom kl. 8 og kl. 9, medan han var i ei av dei gamle svenske skyttergravene, vart han treft av ei kule som gjennombora tinningen slik at han døydde momentant. Dei svenske troppane førte liket hans til Tistedalen og vidare heimover til Sverige. Han vart gravlagd i Riddarholmskyrkan den 26. februar 1719.

Kort tid etter at kongen hadde falle, byrja det gå rykte om at ein svensk løynmordar hadde skote kongen. Det er ført prov og motprov for denne påstanden, sist av Peter From, som i boka Karl XII:s död - gåtans lösning (2005) har undersøkt saka med hjelp av moderne rettsmedisin og ein kritisk analyse av kjeldematerialet. Etter From peikar alle fakta på at kula kom frå norsk hald, ettersom både retning og avstand til dei norske troppane stemmer overeins med såret.[1].

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl XII av Sverige

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]