Karl X av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Karl X Gustav)
Karl X Gustav

Karl X Gustav måla av Sébastien Bourdon 1652-53
Konge av Sverige
Periode6. juni 1654-13. februar 1660
Fødd8. november 1622Nyköpings slott i Södermanland
FødestadNyköping
Død13. februar 1660 i Göteborg
DødsstadGöteborg
MorKatarina Karlsdotter Vasa
FarJohann Kasimir
EktefelleDronning Hedvig Eleonora av Holstein-Gottorp (frå oktober 1654)
Barnmed Brita Allerts, før ekteskapet:
  1. Gustaf Carlson

med dronning Hedvig Eleonora:

  1. Karl XI av Sverige (1655-1697)
MedlemDet Fruktbringende Selskab
FøregangarKristina av Sverige
EtterfølgjarKarl XI av Sverige

Karl X Gustav (8. november 162213. februar 1660) var konge av Sverige frå 1654. Kroninga fann stad den 6. juni 1654. Han var son av pfalzgreven Johan Kasimir av Pfalz-Zweibrücken og prinsessa Katarina av Sverige, dotter av kong Karl IX av Sverige. Karl X vart gift i oktober 1654 med Hedvig Eleonora av Holstein-Gottorp.

Karl X Gustav var ikkje konge lenge, men han utretta relativt mykje. Store delar av regjeringstida var han leiar av dei svenske styrkane i Polen, Tyskland og Danmark. Krigstoget var framgongsrikt og ein vann fleire sigrar. Toget over Storebelt, og deretter freden i Roskilde, er rekna som ein av Sverige sine største sigrar i krig.

Karl X Gustav døydde i 1660 i Göteborg. Han blei gravlagd utpå hausten same året.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.