Karl den store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Karl den store i Frankfurt

Karl den store eller keisar Karl I var konge av Frankarriket frå år 771, konge av Lombardia frå 774, og tysk-romersk keisar frå 800 . Han vart fødd om lag den 2. april 747, og døydde den 28. januar 814. Lenge meinte ein at den mest trulege fødselsdatoen var 1. april 742. Fødselsdatoen vart då rekna ut frå den alderen som vart oppgjeven då han døydde. Mellom anna gifta foreldra hans seg fyrst i 744. Om Karl hadde vorte fødd utanom ekteskap ville han ha vorte rekna som ein bastard, og kunne mellom ikkje ha arva foreldra sine. Andre igjen meiner at Karl vart fødd i 748.

Karl den store kan verta omtala med ei heil rad av namnevariantar og titlar. Her kan nemnast tysk Karl der Große, latin Carolus Magnus, italiensk Carlomagno. Det franske namnet Charlemagne vert brukt på mange andre språk, mellom anna engelsk, og nokre gonger på norsk. På norsk kan han verta omtala som Karlamagnus, på norrønt språk Karlamagnús. Karlamagnús saga er ei prosaomsetjing av franske heltekvad om Karl den store, mellom anna Rolandskvadet. I sogene vert Karl den store framstilt som ein idealisert kristen riddar. Heilag-Olav kalla opp son sin Magnus I etter Karlamagnus. Magnus er eit latinsk adjektiv som tyder stor. Namnet Magnus er nytta av fleire norske kongar.

Karl den store var eldste son av kong Pippin den stutte. Stamfar for kongeætta karolingarane var farfar av Pippin, Pippin av Heristal.

Han budde i Aachen og er gravlagd i katedralen der. Karlsprisen er oppkalla etter han.

Sjå og den karolingiske renessansen.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl den store