Karlsøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 69°57′40″N 19°37′00″E

Karlsøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Hansnes
Areal 1 091,59 km²
 - land 1 051,09 km²
 - vatn 40,5 km²
Folketal 2 237  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Mona Pedersen (LL)
Kommunenr. 5534
Kart
Karlsøy kommune
70°7′48″ N 19°25′51″ E
Wikimedia Commons: Karlsøy
Nettstad: www.karlsoy.kommune.no

Karlsøy kommune (nordsamisk Gálssa suohkan) ligg i Troms fylke. Karlsøy er ein rein øykommune som femner om lag 600 øyar, holmar og skjer. Dei største øyene er Vanna (eller Vannøya), Karlsøya, Helgøya, Reinøya, Nord-Kvaløya og Nord-Fugløy, tillegg høyrer store delar av Rebbenesøya og Ringvassøya til kommunen. Karlsøy har mot sør grense mot Tromsø kommune, og over fjordane i aust ligg kommunane Lyngen og Skjervøy. Karlsøy høyrer til regionen Nord-Troms.

Landarealet til kommunen er 1003 km². Arealfordelingan viser at 7 % er jordbruksareal, ca. 10 % er skog, og dei attståande 83 % er uproduktive område.

Hamna i Torsvåg.

I nord og vest grensar kommunen mot havet, og fiskeri er hovudnæringa i Karlsøy kommune, både når det gjeld arbeidsplassar og omsetjing. Fiskeindustrien er hovudsakleg lokalisert til Vannavalen, Kristoffervalen, Vannvåg og Torsvåg på Vanna og Dåfjord og Dyrsfjord på Ringvassøya. I tillegg til tradisjonelle fiskebruk, vert det drive fiskeoppdrett og klippfiskproduksjon. Karlsøy er mellom dei viktigaste eksportørane av saltfisk i verda, med Portugal, Spania og Brasil som viktigaste avtakarar.

Det finst også anna industri i kommunen, mellom anna eit brønnbåtselskap, isoporkassefabrikk, pallefabrikk og turistanlegg.

Karlsøy kommune har tre skular: Vannvåg skole (20 elevar i 2019) og Vanna montessoriskole på Vannøya, og Hansnes skole (118 elevar i 2019) på Ringvassøya.[1][2] Skuleavdelinga ved Stakkvik oppvekstsenter på Reinøya vart nedlagt hausten 2011, og sidan har det berre vore barnehage der.[3]

Kommunen har eit rikt fugle- og dyreliv med spesielt store havørnkoloniar. Øyene har gode forhald for jakt, fiske og friluftsliv. Naturen spenner frå karrige kystlandskap med bratte fjell ytst i kommunen til skogkledde dalar og fiskerike elver lenger inne mot fastlandet.

Vanna sett frå ferja.
SkogsfjordvatnetRingvassøya.

Kommunesenteret Hansnes, med 472 innbyggjarar per 1. januar 2023, ligg på nordaustsida av Ringvassøya, ytst i Langsundet. Hansnes er ein tettstad med butikkar, overnattingstilbod, lækjarsenter, kyrkje, skule, barnehage og sjukeheim. Ringvassøya har fastlandssamband via Kvalsundtunnelenriksveg 863, som går frå Kvaløysletta i Tromsø kommune. Frå Hansnes er det ferjesamband med Vanna, Reinøya og Karlsøya. Mikkelvik på nordsida av Ringvassøya har ferjesamband med Rebbenesøya. Finnkroken på Reinøya og Vannvåg på Vanna har også snøggbåtsamband med Tromsø. Midt på Ringvassøya ligg Skogsfjordvatnet, som er den største innsjøen på ei øy i Noreg.

Nord-Fugløy, som er eit av dei mest kjende fuglefjella i Noreg, finn ein ein av dei største havørnbestandane i Europa, og her hekkar også store mengder lundefugl og alker. Grunneigarane sankar molter og egg frå klippene i sesongen.

Sjølve Karlsøya, som kommunen har fått namnet frå, har ei lita grend med kyrkje frå 1800-talet.

Helgøya, med kyrkjestaden Helgøy, var tidlegare kommunesenter for Helgøy kommune, som vart slegen samann med Karlsøy kommune i 1964. Helgøy kommune femnde den vestlege delen av dagens Karlsøy kommune. Helgøya er i dag fråflytt, men kyrkja vert framleis brukt ved særskilde høve. Då vert det sett opp ferje til Helgøy for passasjertrafikk.

Vanna har fleire grender, med Vannvåg og Vannareid som dei største. I Burøysund er det eit bygdemuseum, og i Torsvåg er det utsikt over Atlanterhavet frå Torsvåg fyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Skole - Karlsøy kommune», www.karlsoy.kommune.no, henta 4. juni 2019 
  2. «Oppvekst i Karlsøy : Om våre skoler og barnehager», www.karlsoyoppvekst.no, henta 4. juni 2019 
  3. «Stakkvik barnehage - Karlsøy kommune», www.karlsoy.kommune.no (på norsk), henta 4. juni 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karlsøy kommune