Karlshamns kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karlshamns kommun
Karlshamn vapen.svg
Kommunevåpenet til Karlshamns kommun
Len Blekinge län
Landskap Blekinge
Centralort Karlshamn
Areal 511,08 km²
 – Landareal 491,33 km²
 – Vassareal 19,75 km²
Folketal 31 179
Folketettleik 63,5/km²
Kommunenummer 1082
Nettside www.karlshamn.se
Kart
Karlshamn Municipality in Blekinge County.png

Karlshamns kommune er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar i vest til Olofströms kommun og Sölvesborgs kommun, i aust til Ronneby kommun og i nord til Tingsryds kommun i Kronobergs län. Administrasjonssenteret i kommunen er Karlshamn.

I kommunen finn ein ein av dei største skjergardane i Blekinge, Hällaryds skärgård. Nord for skjergarden ligg det eit eit platålandskap med markerte sprekkedalar i retning nord–sør.

Kommunen har fleire typar industri, som produksjon av sprit (spesielt punsj), sanitærutstyr, elektrisk og elektronisk utstyr og sportsfiskeutstyr (ABU Garcia). Han inneheld òg eit stort varmekraftverk.

Adminstrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

I 1863, då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft, var området samansett av Karlshamns stad og fem sokn. I år 1881 kom endå ein landkommune til, Ringamåla, gjennom utbryting frå Asarum. Ved kommunereforma i 1952 vart «storkommunane» Hällaryd (av kommunane Hällaryd og Åryd), Asarum (gjennom gjenforeining av Asarum och Ringamåla) og Mörrum (av kommunane Elleholm og Mörrum) oppretta. I 1967 vart Karlshamns stad slått saman med Asarum, Hällaryd og Mörrum. Allereie fire år før einskapleg kommunetype vart innførd, hadde altså Karlshamns kommun fått si noverande form.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: Eit skjold med bølgjedeling i gull, der ei oppstigande svart løve med raud tunge og raude klør held eit ståande svart anker med begge frampotane, samt i grønt.[1]

Byvåpenet til Karlshamn vart fastsett allereie i privilegiebrevet frå 1666. Det same våpenet vart i 1974 registrert for Karlshamns kommun. Asarum og Mörrum hadde begge våpen frå 1940-talet, og desse vart ugyldige.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er seks tettstader i Karlshamns kommun. Ein mindre del av tettstaden Pukavik ligg også i kommunen, men den største delen ligg i Sölvesborgs kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Karlshamn 18 768
2 Mörrum 3 655
3 Svängsta 1 742
4 Hällaryd 553
5 Åryd 362
6 Torarp 273

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sköld av vågskura delad i guld, vari ett uppstigande svart lejon med röd beväring, vilket med båda framtassarna håller ett stolpvis ställt svart ankare, samt i grönt».