Karlsruhe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karlsruhe
Flyfoto av Karlsruhe og slottet
Flyfoto av Karlsruhe og slottet
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Karlsruhe
Karlsruhe is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Karlsruhe
Kreisfri by
Grunnlagd 1715
Geografi
Flatevidd
 - By

173,46 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik

285 812
  1 648/km²
Koordinatar 49°0′0″N 8°24′0″EKoordinatar: 49°0′0″N 8°24′0″E
Høgd over havet 115 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 76131–76229
Telefon-retningsnummer 0721
Bilnummer KA
Heimeside: www.karlsruhe.de

Karlsruhe er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg nær grensa til Frankrike med om lag 285 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Rhinen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Breiddegradslinja 49ºN i Karlsruhe Stadtgarten

Byen ligg i ei høgd på mellom 100 meter (på vestbreidda av Rhinen) og 322 m (nær TV-tårnet). Sentrum av byen ligg akkurat på 49º00'00''N, noko som er markert av ein stein og ei måla linje i Stadtgarten (byparken).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Karlsruhe slott om natta

Byen har fått sitt namn frå markgreve Karl Vilhelm av Baden-Durlach, som grunnla byen i 1715, etter ein krangel med innbyggjarane i sin tidlegare hovudstad, Durlach. Grunnlegginga av byen er knytt til bygginga av palasset. Karlsruhe var hovudstad i Baden-Durlach fram til 1771, og så hovudstad i Baden fram til 1945. Ständehaus vart bygd i 1822 og var den første parlamentsbygningen i ein tysk stat. Etter den demokratiske revolusjonen vart ei republikansk regjering vald her.

Byen vart planlagt med tårnet på slottet (Schloss) i sentrum og 32 gater som går ut frå sentrum som spiler på eit hjul, eller som spilene i ei fjærvifte, slik at kallenamnet på Karlsruhe i Tyskland er Fächerstadt, «viftebyen». Nesten alle desse gatene finst framleis.

Sentrum av byen var den eldste delen av byen og ligg sør for slottet i ein del som utgjer ni av gatene. Den sentrale delen av slottet går frå aust til vest, og det er to fløyar på slottet som kvar går 45° ut frå sentrum, slik at dei peikar mot søraust og sørvest og går parallelt til gatene som definerer sentrum av byen.

Markedsplassen ligg ved gata som går sørover frå slottet til Ettlingen. På marknadsplassen ligg rådhuset (Rathaus) i vest, den evangeliske kyrkja (Evangelische Stadtkirche) i aust, og grava til markgreve Karl Vilhelm ligg i ein pyramide i sentrum. Arkitekten Friedrich Weinbrenner teikna mange av dei viktigaste bygningane. Dette er årsaka til at Karlsruhe berre er ein av tre store tyske byar der ein framleis kan finne bygningar i neoklassisk stil. Mykje av sentrum, inkludert slottet, vart lagd i grus av bombetokta til dei allierte under den andre verdskrigen, men vart raskt bygd opp att etter krigen.

Dei nordlege områda av slottet var og er framleis ein park og ein skog. Aust for slottet vart det opphavleg hagar og meir skog, og noko av dette er her framleis, men Universitetet, Wildparkstadion og bustadområde har vorte bygd her i seinare tid. Vest for slottet er det stort sett bustadområde.

Panorama av Karlsruhe frå tårnet av slottet og sørover. Universitetet til venstre, markedsplassen i midten, den føderale forfatningsdomstolen til høgre. Merk at fløyene til slottet går på linje med gatene, som alle stråler ut frå sentrum av byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karlsruhe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]