Karlstads universitet

Koordinatar: 59°24′20″N 13°34′55″E / 59.40556°N 13.58194°E / 59.40556; 13.58194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°24′20″N 13°34′55″E / 59.40556°N 13.58194°E / 59.40556; 13.58194

Karlstads universitet

MottoSapere Aude, våga vara vis
Grunnlagt1977
StadKarlstads kommun
Studentar12 935 (2020)
MedlemskapORCID
Nettstadhttps://www.kau.se (svensk)
Karlstad universitet, nedre plan i 1-huset.
Karlstads universitetsbibliotek

Karlstads universitet (KAU) er eit statleg universitet i Karlstad i Sverige. Universitetet vart oppretta den 1. januar 1999 då den tidlegare Högskolan i Karlstad vart tildelt universitetsstatus. Høgskulen var opphavleg ein filial av Göteborgs universitet.[1] Universitetet har om lag 50 utdanningsprogram, 20 påbyggingsprogram og 900 kurs innanfor områda humaniora, samfunnsvitskap, naturvitskap, teknikk, undervising, helse og musikk. Musikhögskolan Ingesund i Arvika er sidan 2002 ein del av universitetet og er den einaste avdelinga som ikkje ligg i Karlstad.

Frå 2006 er universitetet inndelt i fire fakultet:

  • Fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT
  • Fakultetet for teknikk- og naturvitskap
  • Fakultetet for samfunns- og livsvitskap
  • Estetisk-filosofisk fakultet

Sidan 26. mars 2009 har økonomifakultetet også hatt namnet Handelshögskolan vid Karlstads universitet og Karlstad Business School.[2]

Internasjonalisering av utdanning og forsking er eit viktig område ved Karlstads universitet. I år 2006 vart lærestaden Sverige sitt fyrste ECTS-akkrediterte læresete.[3]

Det nye biblioteket stod klart i januar 2002.[4] Etter det har universitetsområdet vakse ytterlegare med eit nytt bygg for teknikk og naturvitskap, som vart innvigd i september 2008.[5]

Ved universitetet finst det fleire studentforeiningar, Karlstads universitets Idrottsförening (KAUIF) og to aktive kor, Sällskapet CMB og Söt Likör. Der finst eit studentbustadsområde nær universitetet. Det heiter Campus Futurum.

Fakultet[endre | endre wikiteksten]

  • Fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT
  • Fakultetet for teknikk- og naturvitskap
  • Fakultetet for samfunns- og livsvitskap
  • Estetisk-filosofisk fakultet

Fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT[endre | endre wikiteksten]

Fakultetet har fem program på grunnivå. Kvart program omfattar 180 høgskulepoeng eller tre års heiltidsstudiar: Økonomi, fastighetsekonomi, matematikkøkonomi, turisme og IT-design retta mot forretningssystem og økonomi. I tillegg finst der fleire påbyggingsprogram på avansert nivå - eit år for magister-eksamen og to år for master-eksamen.

I dag har fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT nær 2 000 heilårsstudentar, 58 doktorandar og 15 professorar.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Økonomutdanninga i Karlstad starta på slutten av 1960-talet ved lærestaden som då var ein filial av Göteborgs universitet. På den tida las ein grunnkursa i Karlstad for så å halde fram og avslutte utdanninga si i Gøteborg. Verksemda vart suksessivt utvida, og ti år seinare kunne ein ta heile utdanninga og få eksamen frå Høgskulen i Karlstad.

På 1970- og 1980-talet ekspanderte økonomiutdanningane i Sverige og òg i Karlstad. På forskingssida valde Høgskulan i Karlstad å samle kreftene kring tensteforsking og skapte i 1986 Centrum för Tjänsteforskning, eller CTF.

Det var òg på 1990-talet visjonen om at Høgskulen i Karlstad skulle bli universitet vart utvikla vidare. Karlstadsmodellen for forsking vart etablert og gjesteprofessorer vart knytt til dei ulike forskingsfelta. Doktorgradsstudentar fekk si utdanning i Karlstad gjennom samarbeid med svenske og utanlandske universitet.

Rektorar[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Foreningar og kor[endre | endre wikiteksten]

Studentkoret ved Karlstad universitet heiter Karlstads studentkår. Ved Karlstads universitet finst det ikkje nasjonar, men det er studentforeningane som tar hand om nasjonane sine oppgåver.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Meyer-Lie, Anita; Per Berggren (November 1999), Karlstads Fasader (på svensk), Karlstad: Berggren&Meyer-Lie, s. 78, ISBN 91-973720-0-5 
  2. http://www.student.kau.se/aktuellt/artiklar/artikeldetalj.lasso?artID=6337
  3. Internationellt arbete, Karlstads universitet, arkivert frå originalen 17. september 2008, henta 6. juli 2008 
  4. Ett modernt universitetsbibliotek, Karlstads universitet, arkivert frå originalen 5. april 2008, henta 8. februar 2008 
  5. Hus 21, Karlstads universitet, arkivert frå originalen 17. september 2008, henta 6. juli 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Karlstads universitet

Fakultet: