Karma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Karma (fleirtyding).
Karma illustrert gjennom gjeving av gåver.

Karma (Sanskrit: कर्म av rota kri, å gjera, gjerning) er ein term i fleire austlege religionar. Karma er summen av alt eit individ har gjort eller gjer. Karma gjer innverknad på framtidige hendingar, og gjev individet ansvar for eige liv. I religionar med reinkarnasjon omfattar karma også tidlegare og framtidige liv.

Karma står sentralt i hinduismen, sikhismen, buddhismen og djainismen. Alle levande vesen har ansvar for sin karma og for si frelse eller frigjering frå samsara. Som omgrep kan karma sporast attende til dei tidlege Upanisjadane. Ein tidleg og dramatisk illustrasjon av karma finn ein i hinduverket Mahabharata. Ideen om karma vart popularisert i Vesten gjennom arbeidet til det teosofiske selskap og er vanleg i New Age-religionar.