Karmsundet

Koordinatar: 59°16′4.7496″N 5°20′16.735″E / 59.267986000°N 5.33798194°E / 59.267986000; 5.33798194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°16′4.7496″N 5°20′16.735″E / 59.267986000°N 5.33798194°E / 59.267986000; 5.33798194

Karmsundet ligg på austsida av Karmøy og strekker seg nordover og forbi Haugesund

Karmsundet er eit sund som ligg på austsida av Karmøy og som går rett gjennom Haugesund. Sundet strekker seg om lag 33 km frå Boknafjorden i sør til Røværsfjorden rett nordom Haugesund i nord. I sør har sundet innløp mellom Skudeneshavn på Karmøy og Bokn i aust. Sundet går rett nordover og passerer etter kvart vestsida av Fosen. Tvers over sundet for Fosen ligg Kopervik. Litt lenger nord ligg Avaldsnes på Karmøy med Vormedal på andre sida av sundet. Avaldsnes var ein av kongsgardane på Vestlandet og eit eldgammalt maktsenter.

Karmsund bru over Karmsundet

Riksveg 47 kryssar sundet over Karmsund bru nord for Avaldsnes og rett sør for Haugesund. Delen av sundet som brua kryssar vert kalla Salhusstraumen. Like nord for Salhusstraumen ligg sjølve hamnebassenget ved Haugesund.

Opphavet til namnet Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det er mogeleg at Karmsundet har gjeve namn til landet Noreg. På tida då dei første kongane av Noreg regjerte og Vestlandet var eit maktsentrum, var Karmsundet ei særs viktig skipslei, og hadde på denne tida namnet «Nordvegen». Dette kan etter kvart ha utvikla seg til namnet på det norske kongeriket.[1][treng kjelde]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Olsen, Magnus (1915). Hedenske kultminder i norske stedsnavn. I.. Kristiania.