Karnatisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den kjende karnatiske songaren K.B. Sundarambal.

Karnatisk musikk er ein sør-indisk klassisk musikktradisjon som byggjer på ragam- og talamsystema. Karnatisk musikk skil seg frå den nord-indiske klassiske hindustani-musikken mellom anna ved den større vekta på samsvar mellom praksis og musikkteori og ved den mykje meir stringent strukturerte musikkteorien. Den karnatiske musikken er først og fremst av religiøs natur, med hinduiske lovsongar som hovudsjanger. Sekulære verk inkluderer først og fremst humoristiske komposisjonar, filmmusikk eller barnesongar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia åt karnatisk musikk går attende til om lag 2000 føre den moderne tidsrekninga og til opphavet som andeleg ritual i tidleg hinduisme. Den karnatiske musikken og den nordindiske musikken utvikla seg saman or Sama Veda-tradisjonen fram til den mongolske invasjonen av Nord-India kring byrjinga av 1200-talet. Frå da av vart utviklinga av indisk musikk splitta i to hovudgreiner og den nord-indiske musikken (både i si muslimske og hinduiske form) kom til å bli mykje påverka av arabisk musikk.

Det er fleire teoriar om opphavet åt namnet karnāṭaka sangītam (sanskrit कर्नाटक संगीतं). Hovudteorien er, logisk nok, at det heng saman med at denne musikkforma har sitt direkte opphav i Karnataka. Andre teoriar inkluderer samanheng med sanskritord med tydingane ‘å gleda øyra’ og ‘tradisjonell’.

Teori[endre | endre wikiteksten]

Karnatisk musikkteori kan vera vanskeleg for dei som har bakgrunn i vestleg musikktradisjon å skjøna og blir ofte misforstått. Grunnen til det er at karnatisk musikk ikkje er basert på den same oppfatninga som europeisk musikk er. Mange omgrep i europeisk musikk har ikkje liketydige omgrep i karnatisk musikk. Dei fleste orda frå europeisk musikk sin grunnterminologi kan derfor ikkje brukast for å skildra karnatisk musikk.

Karnatiske tonar og den karnatiske skalaen er basert på to omgrep, śruti og svara, som står i samhøve til kvarandre. Karnatiske melodiar er basert på rāga, og rytmen i karnatisk musikk er basert på tāla.

Karnatiske tonar og melodiar[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til vestleg musikk har moderne karnatisk musikk ikkje kategoriar som er liketydige med tonika eller tonearten. Karnatisk musikk har berre ein grunnskala som er basert på den karnatiske tonen 'śadjam', forkorta til 'sa' (som liknar tonen 'C' på vestleg musikk). Skalaen har tre toneregister, som grovt sett svarar til dei tre oktavane låg C, høg C, og normal C.

Śruti, svara og svarasthāna

Sjå òg śruti, svara

Ordet 'śruti' er i dag brukt for å tyda eit av dei tre toneregistra eller, meir presist, tonen 'sa' i det registret, som stemmer andre tonar i skalaen. I gammal indisk musikkteori var kvart register delt opp i 22 einingar som òg heitte śrutiar. Desse śrutiane var ikkje tonar, men berre eit mål av avstanden frå ein tone til den neste. Setjinga til kvar tone i den gamle skalaen var rekna i høve til kor mange śrutiar kom imellom den tonen og den føre. Mange indiske teoretikarar hevdar at śruti-omgrepet berre var nyttig i gammal indisk musikk og ikkje har noko samband med moderne karnatisk musikk, men det er ganske vanleg å bruka śrutiar i musikkteoribøker for å skildra den moderne karnatiske skalaen også.

Dei tolv karnatiske svarasthanaene
Namn Symbol Vestleg tone
Shadjam Sa C
Suddha Rishabham Ri1 D♭
Chathusruthi Rishabham el.
Suddha Gandharam
Ri2 /
Ga1
D
Sadharana Gandharam el.
Shatsruthi Rishabham
Ga2 /
Ri3
D♯
Anthara Gandharam Ga3 E
Shuddha Madhyaman Ma1 F
Prathi Madhyamam Ma2 F♯
Panchamam Pa G
Shuddha Daivatham Da1 A♭
Chathusruthi Daivatham el.
Suddha Nishadham
Da2 /
Ni1
A
Kaisiki Nishadham el.
Shatsruthi Daivatham
Ni2 /
Da3
A♯
Kaakali Nishadham Ni3 B

Den karnatiske skalaen er laga av sju svaraer, som ein kan samanlikna med dei sju tonane i vestleg musikk. Svaraene blir kjent med namna sine, og med forkortingane til namna som er brukt som solfege. Namna og forkortingane er śadjam (sa), riśabham (ri), gāndhāram (ga), madhyamam (ma), pañcaman (pa), dhaivatam (da), og niśādham (ni). Eit gammalt sanskrit-vers fortel kva svaraene sine lydar er baserte på:

षड्जं मयूरो वदति गावो ऋषभभाशिणः |
अजाविकंतु गांधारं क्रौंचः क्वणति मध्यमं ||
पुष्पसाधारणे काले पिकः कूजति पंचमं |
धैवतं हेषते वाजी निषादं बृंहते गजः ||

Śadjam er påfuglen si røyst, kyr sin tale er riśabham,
geiter mekrer gāndhāram, traner kvittrar madhyamam.
Nattergalen syng pañcaman når blomane vaknar
hestar sitt knegg gjev dhaivatham, og elefantar rumlar niśādham.

Sjølv om ordet 'svara' kan samanliknast med 'tone' tyder dei ikkje det same. Ein svara omfattar mange ulike tonar med bestemte lydar som ligg mellom han og den neste svaraen. Desse tonevariantane heiter 'svarasthāna'. Den karnatiske skalaen har 12 svarasthāna, som også grovt sett svarar til dei 12 tonane i den vanlege kromatiske skalaen. Som tabellen viser har kvar svara tre svarasthānaer, med unntak av 'sa' og 'pa' som berre har ei form, og 'ma' som berre har to former (som er veldig like 'rein' og 'forstørra' kvart på vestleg musikk).

Namna til svaraene blir brukt i undervisinga og til utanattlæring og sitat av melodiar og melodiformlar på liknande vis som i klassisk europeisk musikkundervising, men i mykje større grad. I tillegg blir dei brukt som grunnlag for meir omfattande musikknotasjon. Namna og symbola til svarasthānaene blir berre brukt til å skildra rāgaer (sjå nedanfor). I songnotasjon blir berre namna til svaraene brukt. Ein som vil syngja ein song i ein ukjent rāga må slå opp rāgaskildringa for å finna ut kva for nokre svarasthānaer han bruker.

Rāgam (raga): tonalt modus

Hovudartikkel: raga

Melakarta-rāgamar I karnatisk musikk er sampurna-rāgamane (dei med sju tonar i skalaen) klassifiserte i melakarta-systemet — eit system som grupperer dei etter typane tonar dei har. Det finst 72 melakarta-ragamar. 36 har rein kvart (suddha madhyanam) som fjerdetrinn og 36 har forstørra kvart (prati madhyanam) som fjerdetrinn. Ragamane er vidare klassifiserte i grupper med 6 ragamar i kvar som blir kalla chakraer (‘hjul’ — sjølv om dei konvensjonelt blir attgjevne som sektorar) baserte på andre og tredje trinnet i skalaen.

Hierarki Det høgste nivået i ragam-hierarkiet er melakarta, ettersom melakartaene har sju tonar i skalaen og brukar kvar tone éin gong i arohanam (oppgang) og éin gong i avarohanam (nedgang). Ragamar som manglar noko trinn i skalaen (varja-ragamar, med fem eller seks trinn i skalaen) eller som har ulik opp- og nedgang (vakra-ragamar) blir med ein samleterm kalla janya-ragamar — eller «barneragamar».

I kvar rāgam er det oftast berre ein variant av kvart trinn, men i «lette» rāgamtypar som Behag er det ulike trinnvariantar for arohanam (oppgang) og avarohanam (nedgang). Ein rāgam kan elles ha 5, 6 eller 7 skalatrinn i arohanam og 5, 6 eller 7 skalatrinn i avarohanam.

Rytmen i karnatisk musikk: thālam og jāthi[endre | endre wikiteksten]

Mridangam er eit viktig rytmeinstrument.

På same måte som ragamane gjev rammeverk til melodiane i karnatisk musikk gjev thālam (tala) rammeverk til rytmen. Talamane er meir strukturerte enn rytmen i vestleg musikk og har meir innverknad på stemninga i ein song.

Vanlege talamar bruker tre slags takter med forskjellige lengder: kort (anudrtam), middels (drtam) og lang (laghu). Den grunnleggjande eininga for å måla lengd til taktene i karnatisk musikk heiter aksharam. Korttakta er eit aksharam lang, middelstakta er to aksharam lang og langtakta kan vera tre, fire, fem, sju eller ni aksharam lang.

Karnatisk musikk har sju grunnleggjande talamar, som bruker forskjellige kombinasjonar av desse tre taktene. Frå kvar av desse talamane kan ein laga fem variantar, ein for kvar av dei fem lengdene som langtaktslaget kan ha. Desse variantlengdene heiter jathi (sjå boks 2 og 3). Rytmen som er brukt i ein karnatisk song er skildra med bruk av både talam og jathi, som «Chatushra Jathi Triputa Talam». Karnatisk musikk har derfor til saman 35 talamar.

Boks 2: Karnatiske talamar   Boks 3: Karnatiske jathiar
Talam Takter   Jathi Lengd til laghu
Dhruva lang, middels, lang, lang      
Matya lang, middels, lang   Thisra 3
Rupaka middels, lang   Chatusra 4
Jampa lang, kort, middels   Kanta 5
Triputa lang, middels, middels   Mishra 7
Ata lang, lang, middels, middels   Sankeerna 9
Eka lang      

Musikkformer[endre | endre wikiteksten]

Karnatiske komponistar er tradisjonelt inspirerte av religiøs tilbeding og er tradisjonelt solid skolerte i telugu eller sanskrit. Andre språk, som til dømes tamil og kannada kan òg stundom bli bruka. Komponistane har tradisjonelt inkludert ein mudra (signatur) i komposisjonane sine. Til dømes inneheld alle songar av Tyagaraja ordet Tyāgarāja, og alle songar av Muthuswami Dikshitar inneheld orda guru guha.

Karnatiske songar varierer i oppbyggjing og stil, men dei inneheld oftast tre strofer:

  1. Pallavi (पल्लवि). Dette svarar til refreng i vestleg musikk. Pallavien er på to liner.
  2. Anupallavi (अनुपल्लवि). Andre strofa. Er òg på to liner.
  3. Caraṇam (चरणं). Denne siste (og lengste) strofa avrundar og konkluderer songen. Caranam låner gjerne element frå anupallavi og er oftast på tre liner.

Denne songtypen er kalla kīrthanam (sanskrit कीर्तनं kīrtanaṃ). Men dette er berre éi av fleire moglege former av kīrthanam; — nokre kīrthanam-songar, slik som “Sārasamuki sakala bhāgyadē”, har ei ekstra strofe mellom anupallavi- og caraṇam-strofa. Denne strofa blir kalla ciṭṭaswaram (sanskrit चिट्टस्वरं ciṭṭasvaraṃ). Denne strofa inneheld berre melodi utan vanlege ord. Andre songar att, slik som t.d. “Rāmacandram bhāvayāmi”, har ei ekstra strofe etter caraṇam. Denne strofa blir kalla madhyamakālam. Ho blir sungen rett etter caraṇam og i dobbelt tempo.

Andre typar songar inkluderer gītham og swarajati.

Karnatiske konsertar[endre | endre wikiteksten]

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Indiske musikkinstrument

Karnatiske konsertar vert vanlegvis framførde av ei lita gruppe musikarar. Dei treng ikkje å ha øvd saman tidlegare, mange konsertar er faktisk første gongen dei ulike musikarane treffer kvarandre.

I gruppa finn ein vanlegvis ein songar, eit hovudinstrument og ein som spelar tromme, nemnd i rekkefølgje etter kor viktige dei er. Hovudinstrument er ofte stengeinstrument som ein vina eller ein karnatisk fiolin, men blåseinstrument som ei bambusfløyte kan òg brukast. Perkusjonsinstrument, som mridangam og ghatam, vert brukte for å hjelpa songaren å følgja rytmen, men dei kan òg improvisera åleine.

At songaren er viktigast viser tilbake til den karnatiske musikken sine røter i Samaveda. Dersom ein spelar melodien på eit instrument utførar ein berre ei instrumental tolking av den viktige songen. Likevel er reine instrumentelle konsertar vorte populære i nyare tid.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Konsertar startar nesten alltid med ein song til Ganapathi, guden for gode byrjingar og som fjernar hindringar. Vināyakā ninnuvinā brōcuḍaku, vātāpi gaṇapatiṁ og gam gaṇapatē er nokre av dei mange songane som vert brukte til dette.

I midtdelen har ein ei rekke komposisjonar, gjerne med ulike kjensler som svarar mot kvarandre. Ein syng gjerne ein rāgam før kvar av desse komposisjonane og kalpanāswaram etterpå.

Ein avsluttar med ein lystig song, tillana, og deretter ein maṅgaḷam, ein song med gode ønskjer.

Karnatisk musikkundervisning[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt kjem ein som studerer karnatisk musikk heim til læraren sin for å få undervisning. Lærar og elev sit overfor kvarandre på ei matte på golvet. Læraren gjer rytmen ved å spela på ein tambūrā eller skru på ein śrutiboks. Eleven syng ein langtrukken "Sā...Pā...Sā (høg oktav)...Pā...Sā..." og timen tek til.

I moderne tid har ein fått andre måtar å halda timar på. Det er no vanleg med undervisning over telefonen, gjennom skjermbrev eller ved å bruka webkamera.

Musikknotasjon[endre | endre wikiteksten]

Historisk oversyn[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til kva mange trur, så er ikkje notasjon eit nytt konsept i indisk musikk. Endatil Vedaene, sjølv om dei hovudsakleg var munnleg tradert, var skrive med enkel notasjon av intonasjonen. Idéen om musikalsk notasjon i karnatisk musikk vart likevel ikkje godt motteken, og karnatisk musikk var framleis munnleg tradert i fleire århundre. Bakdelen med dette systemet var at om ein ville lære ein kīrtanam av, t.d., Purandara Dasa, så laut ein finne Purandara Dasas students students ... students student — om nokon slik framleis fanst!

Skriftleg notasjon av karnatisk musikk vart atteroppliva på seint 1600-tal, under styret til Shahaji II i Tanjore. Avskrifter av Shahajis musikkmanuskript finst framleis i Saraswati Mahal-biblioteket i Tanjore, og dei gjev oss eit inntrykk av musikken og musikkstrukturen. Dei inneheld hovudsakleg korte rekkjer av solfège til bruk for oppføring av dei nemnde ragamane.

Ein moderne notasjonsmåte[endre | endre wikiteksten]

Alfabet Skalatrinn
  1 2 3 4 5 6 7
Devanagari: रि नि
Telugu: రి ని
Tamil: ரி நி
Kannada: ರಿ ನಿ
Malayalam: രി നി
Latinsk: s r g m p d n

Melodi[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til vestleg musikk, så blir karnatisk musikk notert mesta utelukkande i solfège — sjølv om talrike forsøk er vortne gjorde på å transkribere musikken med vestleg femliners musikknotasjon. I dei meir nøyaktige formene av karnatisk notasjon finst det symbol over notane som viser korleis notane skal syngjast. Dette meir omstendelege systemet blir oftast sett bort frå i meir uformelle samanhengar.

For å vise lengda av ein note kan fleire metodar bli brukte. Om noten blir sungen dobbelt så lenge som referanseverdien, blir notebokstaven anten skriven som versal (stor bokstav — bruka ved notasjon i det latinske alfabetet) eller lengd med eit diakritisk teikn (ved notasjon i indiske skriftsystem). Ved tredobbel notelengd legg ein til eit komma etter teiknet for den doble verdien. Firedobbel lengd blir markert som dobbel lengd etterfølgd av eit semikolon. På dette viset kan alle notelengder bli noterte med ein serie av komma og semikolon.

I nyare tid har ein annan, lettare metode komme i bruk. Denne metoden ser bort frå diakritiske teikn, store bokstavar og semikolon, men markerer all lengd med eitt komma per ekstra lengdeeining. Dermed vil t.d. ein med ei lengd på fire einingar bli notert som «S , , , ».

Rytme[endre | endre wikiteksten]

Notasjonen er delt inn i kolonnar ut frå strukturen av talamen. Skiljet mellom ein laghu og ein dhṛtaṃ er vist ved ein । (ein såkalla «ḍaṇḍā»), og same skiljet blir bruka mellom to dhṛtaṃar eller ein dhṛtaṃ og ein anudhṛtaṃ. Slutten av ein syklus blir markert med ein ॥. Dette teiknet blir kalla ein dobbel ḍaṇḍā og ser ut som ein cesur.

Viktige komponistar[endre | endre wikiteksten]

  • Purandara Dasa (1480-1564) er rekna som den første store komponisten.

«Dei tre klassikarane» er:

Andre viktige komponistar:

Vidkjende utøvarar[endre | endre wikiteksten]

Mannlege songarar[endre | endre wikiteksten]

Kvinnelege songarar[endre | endre wikiteksten]

Instrumentalistar:

Chitravina (gotuvadam)[endre | endre wikiteksten]

Karnatisk fiolin[endre | endre wikiteksten]

Moderne vestlege instrument[endre | endre wikiteksten]

Høyr døme[endre | endre wikiteksten]

Noter[endre | endre wikiteksten]

Ein kommentar om skrivemåte og uttale i denne artikkelen
Mange ord i denne artikkelen er på den gamle indoeuropeiske språket sanskrit. Skrivemåten her følgjer dei etablerte prinsippa for vitskapleg transkripsjon av indiske språk. Merk særleg at bokstaven c ikkje står for ein k-lyd, men for ein ustemd palatal plosiv som i trøndske målføre «itj». I dravidiske språk kan denne stundom bli uttala som s, og ein kan òg stundom høyre affrikatuttalen tsj.