Karneval
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karneval er ein fest som vert arrangert før inngangen til fastetida. Karnevalperioden vert avslutta på fetetirsdag, med askeonsdag som den fyrste dagen etter karnevalet. Karnevalet er en folkelig fest som ikkje har nokon plass i liturgiske kalendrar.
Karneval en romersk-katolsk tradisjon. Karnevalet vert òg feira i en del ortodokse områder, medan karnevalet ikkje tradisjonell tyding ikkje vert feira i protestantiske eller ikke-kristne område. Karneval i ydinga maskeball eller ein annan fest der deltakarane kler seg ut, er kjend over heile den vestlege verda.
[endre] Etymologi
Opphavet til ordet karneval er uklart:
- Det kan stamme frå italiensk carne- eller carnovale, frå latin carnem (kjøtt) + levare (lette eller løfte), som tyder «å fjerne kjøttet».
- Det kan stamme frå latin caro (kjøtt) og vale (farvel), med andre ord «farvel til kjøttet».
- Det kan stamme frå det latinske carrus navalis, ei vogn som vart brukt i samband med feiringa av den greske guden Apollo.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

