Karolingarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Karolingarar)
Karolingisk slektstre frå 1100-talet.

Karolingarane eller karolingane var eit frankisk dynasti som overtok makta i Frankarriket frå merovingarane i 751 og herska fram til 900-talet. Ætta har namn etter Karl Martell[1] (gjennom fransk frå latin Carolus). Riket deira er blitt kjent som Det karolingiske riket.

Dynasti hadde røter i Austrasia, som låg mellom Maas og Rhinen.[1] Ho stamma frå biskop Arnulf av Metz (ca. 600),[1] ein viktig maktfaktor i dei merovingiske kongedøma. Pippin av Herstal var hushovmeister (maior domus) i Austrasia og blei etterfølgd av sonen Karl Martell, som var far til Pippin den litle. Denne Pippin klarte utmanøvrera den siste merovingiske kongen Childerik III og sjølv bli konge mad støtte frå mange leiande adelsmenn og paven. Sonen til Pippin, Karl den store, blei konge av frankarane i 768 og kront til keisar av pave Leo III i år 800. Han utvida riket med erobringar i Italia og sør for Pyreneane.

Historisk kart over dei karolingiske statane etter delinga i Verdun i 843.

I 843 blei riket delt mellom dei tre sønene til Ludvig den fromme ved traktaten i Verdun i ein vestre del, tilsvarande dagens Frankrike, ein midtre del (Nederlanda, Alsace, Lorraine, Bourgogne, Provence og kongeriket Italia) og ein austre del (Det tysk-romerske riket). Dei ulike linjene av karolingarar blei sitjande ved makta til 875 i det italienske (opphavleg midtre) riket, 987 i det vestre og 911 i det austlege.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Karolingarane
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.