Karon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Plutomånen Charon
Ferjemannen teikna av Gustave Doré.

Karon, Kharon eller Charon (gresk Χάρων, 'den klåre') var ein ferjemann som i gresk gudetru frakta døde over grenseelva Akheron (eller Styx) til dødsriket i underverda (Hades). Etruskarane hadde ein tilsvarande figur Charun eller Karun.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Karon skal ha vore sonen til Nyx og Erebos. Han er gjerne skildra som ein gamal, gretten og uflidd mann. På greske vasar blir Kharon vist som ein gammal skjeggut mann med lue, arbeidskappe, støvlar og med stav medan han står i båten sin.

Ingen kom over elva utan hans hjelp, verken den eine eller den andre vegen. Unntaka er nokre greske og romerske heltar. Herakles brukte styrken sin til å tvinga til seg ferjing begge vegar, medan Orfevs fortrylde ferjemannen med musikken sin for å oppnå det same. I romerskalden Vergil sin Æneide vert Æneas vist vegen til den gyldne bogen der ein kan koma over elva og koma attende i live.

Som ferjeløn kravde Karon han ein mynt. Den som ikkje hadde ein slik mynt, måtte flakka rundt som skuggar på elvebreidda, eller venda attende til grava som attergangarar. Lenge var det tradisjon i den greske verda å leggja ein mynt i dei døde sin munn (under tunga) eller oppå kvart av auga deira.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Ferjemannen er òg skildra som ein ein demon med venger og ein dobbel hamar som våpen. Etterkvart vart han sett på som ein dødsengel, og i gresk folketru lever han vidare den dag i dag som dødsengel Charos eller Charontas.

Engelsk staving av namnet er «Charon», og herfrå har plutomånen Charon fått namnet sitt.

Charon og elva hans måla av Joachim Patenier.

Styx eller Akheron?[endre | endre wikiteksten]

Ofte vert det sagt at Karon ferja over elva Styx. Dette skriv Vergil i diktverket sitt, Æneiden. I dei fleste andre kjelder, som Pausanias og Dantes Inferno, oppgjer ein Akheron som rett elv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karon