Karoten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Karoten (frå latin carota, gulrot) er eit provitamin til vitamin A.

Karoten er eit av dei fargestoffa som finst naturleg i plantar, særleg i frukt og grønsaker og i blada på mange plantar. Karoten virkar som ein antioksidant og kan verke førebyggjande mot kreft og andre sjukdommar.

β-Karotin (beta-karoten) kan dannast om til (Vitamin A) og vert ofte, forenkla, kalla for A-vitamin.

Karoten vert brukt som fargestoff i matvarer.

Gulrot er ei viktig kjelde til karoten og vitamin A. Den typiske gulrotfargen skuldast ein balanse mellom gule fargestoff (a- og b-karoten) og raudlege fargestoff (lykopen og andre). b-karoten er byggestein til A-vitamin, og gulrot er derfor viktig i kosthaldet.

Det er ein nær samanheng mellom god fargeutvikling og innhaldet av karoten. Høg jordtemperatur og tilstrekkeleg med plantenæringsstoff er ein føresetnad for at desse fargestoffa skal dannast. Difor gjev våt og kald jord eller kjølig sesong ei lysare gulrot.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.