Karpás
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karpás (hebr. כַּרְפָּס [karpās], ‘selleri’) er nemninga på den grønsaken som blir dyppa i anten eddik (sef.), salt vatn (ask.), haróset (eldre skikk, framleis vanleg blant jemenittiske jødar) eller raudvin (nokre ask. kjelder) under sedermåltidet på dei første to kveldane av den jødiske høgtida pesah (jødisk påske). I den sefardiske tradisjonen brukar ein oftast selleri som karpás. Askenasim brukar oftast persille, men òg andre grønsaker blir ofte bruka.
|
|
|
|---|---|
| Sentrale delar | Haggadá sjel pesah · Moses · Utgangen av Egypt |
| Sedermåltid | Haróset · karpás · marór · massá · zeroa |
| Anna | Hol hammo‘éd · mimouna · pesah sjení |