Karpato-Rutenia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karpato-Ukraina i 1939

Karpato-Rutenia, Karpatisk Ukraina, Zakarpattja, Transkarpatisk Rutenia, Transkarpatisk Ukraina, Rusinko, Subkarpatisk Rus, Subkarpatia (ukrainsk: Карпатська Русь, Karpatska Rus’; eller Закарпаття, Zakarpattja; ungarsk Kárpátalja; slovakisk og tsjekkisk: Podkarpatská Rus; rumensk Transcarpatia; polsk Zakarpacie; tysk Karpatenukraine; russisk: Подкарпатская Русь, Podkarpatskaja Rus eller Закарпатье, Zakarpatje) er ein region i Aust-Europa, hovudsakleg vest i Zakarpattja oblast i Ukraina, med mindre delar aust i Slovakia (stort sett i Prešov kraj og Košice kraj) og i Lemkovyna i Polen.

Karpato-Ukraina var òg namnet på ein sjølverklært sjølvstendig stat i det same området i 1939, som berre varte i tre dagar før han vart annektert av Ungarn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rutenia er eigenleg eit latinsk namn på heile det austslaviske området, det hengjer saman med namnet på mellomalderestaten Kiev Rus. Han inneheldt det meste av dagens Ukraina, heile dagens Kviterussland og delar av dagens Russland, nærare avgjort område vest og sørvest for Moskva. Rus vart okkupert austfrå på 1100-talet. Namnet rutenarar vart seint i mellomalderen teke i bruk om austslavarar som budde vest for Karpatane.

Karpato-Rutenia var ein del av keisarriket Austerrike-Ungarn fram til 1. verdskrigen. I mellomkrigstida tilhøyrde det Tsjekkoslovakia, men fekk i 1938 indre sjølvstyre. Under 2. verdskrigen låg området under Ungarn. Etter krigen vart det innlema i Sovjetunionen og vart ein del av Ukrainske SSR under namnet Sakarpatskaja oblast. Ved oppløysinga av Sovjetunionen vart området ein del av Ukraina.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°20′N 23°14′E