Karpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karpe

Status i verda: VU Sårbar
Svartelista i Noreg: Svartelista i Noreg Ukjend risiko for lokalt biologisk mangfald

Karpe
Karpe

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Cypriniformes
Familie: Cyprinidae
Slekt: Cyprinus
Art: C. carpio
Vitskapleg namn
Cyprinus carpio
Karpe
Namn på andre språk
Svensk Karp
Dansk Karpe
Engelsk Carp
Tysk Karpfen
Fransk Carpe
Spansk Carpa
Russisk Karp (Карп), karpija (карпия), korop (короп)

Karpa er ein ferskvassfisk i karpefamilien. Ho kjem opphavleg frå Sentral-Asia, men har vorte innført til nesten heile verda. I nyare tid er den japanske varianten koi vorte populær som hagefisk.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Karpa er vanlegvis 75-80 cm lang med ei vekt på 8-10 kg, men eksemplar på 120 cm med ei vekt på nesten 40 kg har førekome. Ho har store skjel og er som regel blågrå langs ryggen, brun til grøn på sidene og gul på buken. I munnvikene har ho store skjeggtråder som vert nytta ved matsøk.

Sidan karpene har vore objekt for avl og oppdrett så lenge, veit me lite om korleis dei opphavleg såg ut. Me veit likevel at dei ville eksemplara er mindre, vanlegvis om lag 20-30 % av storleiken til dei framedla slektningane sine.

Karpa kan bli 20-25 år i vill tilstand. Alderen kan bestemmast ut frå skjela; som får ein ring for kvart gyteår.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Karpene likar seg best i små grupper på grunt, stilleståande vatn med mudder- eller gjørmebotn og mykje plantevekst, men dei finst òg i djupe elver med mykje straum. Karpa tolar temperaturar frå 3 til 35 °C, og er såleis ein særs tilpassingsdyktig og hardfør art. Ho har difor vore mellom dei første fiskane det vart drive oppdrett av.

Maten sin finn karpa på botnen med skjeggtrådene sine. Ho et særleg makk, insektlarver og krepsdyr som ho finn i mudderet, men òg sniglar, ferskvassmuslingar, symjande insekt og nokre planteartar går ned. Stundom leitar ho i tillegg etter mat i overflateområdet. Her et ho som regel insekt, men òg mat menneske kastar ut til ho.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Karpa gyt om forsommaren, helst på oversymd grasmark. Egga vert klistra til vegetasjonen i klumpar, og vert klekte etter 3-4 døger ved 18 °C. Ei stor ho kan produsera opp til 2 millionar egg.

Yngelen lever på grunnare vatn enn dei vaksne fiskane. Dette kan koma godt med, sidan vaksne karper gjerne kan finna på å eta sine eigne ungar.

Karpa og mennesket[endre | endre wikiteksten]

Karpa er sannsynlegvis den eldste oppdrettsfisken menneske har avla fram. Ho høyrer naturleg heime i Kina og Japan, men allereie i år 500 fvt vert ho omtalt av Aristoteles. Karpefisk vart derimot ikkje vanleg i Europa før i mellomalderen, då dei vart innført i store mengder.

Særleg i Japan har karpa vorte avla målretta som prydfisk lenge. Den vanlegaste fargevarianten i handelen vert kalla koi, og er m.a. populær i hagedammar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]