Kartlav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kartlav


Rhizocarpon geographicum01.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Fungi
Klasse: Lecanoromycetes
Orden: Lecanorales
Familie: Rhizocarpaceae
Slekt: Rhizocarpon
Art: R. geographicum
Vitskapleg namn
Rhizocarpon geographicum

Kartlav er ein lavart av typen skorpelav som veks på stein, gjerne på sure bergartar og gjerne i fjellstrøk og høgareliggande område med liten luftureining. Det enkelte lavindivid er opp mot ein millimeter brei, grøn eller gulgrøn, og omgjeve av ein svart kant av sporar. Lavet har skiveforma svarte fruktlekamar opptil 1,5 mm i diameter. Kartlavet er godt festa til underlaget. Han kan danne store flater som gjerne står fram som kartliknande, derav namnet. Kartlavet er hardfør og kan vekse og trivast i svært ugjestmilde strøk høgt til fjells. I Noreg er han ofte dominerande i store fjellområde høgare oppe enn anna vegetasjon.

Kartlav har vore brukt til å utvikle ein dateringsmetode for stein og steinplassering. Metoden kallast lichenometri og baserer seg på at kartlavet har ein forholdsvis jamn ekspanderande vekst og at dei største førekomstane dermed er dei eldste. Metoden kan datere for eksempel stein i gamle gravstader og moreneførekomstar. Kartlav har mange nærskylde artar og er utbreidd over heile landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]