Kasakhstansk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Kasakhstan

Kasakhstan er eit land i Sentral-Asia, nordvest for Folkerepublikken Kina. Sjølv om området er geografisk vest for Uralelva, vert det politisk rekna som ein del av Europa. Med eit areal på 2 717 300 km² er landet meir enn dobbelt så stort som alle dei andre sentralasiatiske landa til saman. Det grensar til Turkmenistan, Usbekistan og Kirgisistan i sør, Russland i nord, Russland og Kaspihavet i vest og regionen Xinjiang i Kina i aust.

Geografiske koordinatar
48°N 68°EKoordinatar: 48°N 68°E

Topografi og drenasje[endre | endre wikiteksten]

Detaljert kart over Kasakhstan

Kasakhstan er topografisk særs variert. Det høgaste fjellet, Khan Tengri på grensa til Kirgisistan i Tian Shan-fjella er på 7 010 meter over havet, medan dei lågaste områda ligg i vest og nordvest. Karagije er det lågaste punktet med 132 meter under havnivå. Dei vestlege områda er ikkje berre låge, og Uralfjella strekkjer seg sørover frå Russland og inn i nordlege delar av Kasakhstan. Mange fjell i Altajfjella og Tian Shan er dekte med snø året rundt og avrenninga frå desse områda er kjelda til dei fleste elvane i Kasakhstan.

Bortsett frå Tobol, Isjim og Irtysj, som renn gjennom Kasakhstan, er alle elvane i Kasakhstan del av eit endorheisk system. Det vil sei at ingen av dei endar ut i havet til slutt, men i staden i innsjøar som Kaspihavet og Aralsjøen, eller rett og slett berre tørkar opp dei vidstrekte, tørre steppene og ørkenane. Mange elvar og innsjøar fordampar om sommaren og forsvinn. Dei tre største innsjøane er Balkhasjsjøen nær Almaty, der eine halvdelen er fersk og den andre salt, Kaspihavet og Aralsjøen, som begge berre delvis ligg i Kasakhstan.

Om lag 9,4 % av landområda til Kasakhstan er ei blanding av stepper og skog eller berre trelause stepper, hovudsakleg i nord eller i nedslagsfeltet til Uralelva i vest. Meir enn tre-fjerdedelar av landet, inkludert heile dei vestlege områda og det meste i sør er anten halvørken (33,2 %) eller ørken (44 %). Terrenget i desse område er bart, erodert med sanddyner i Kyzyl Kum og Moin Kum, som ligg sør i sentrale delar av Kasakhstan. Det meste av landet ligg i ei høgd mellom 200 og 300 meter over havet, men langs kysten av Kaspihavet finn ein nokre av dei lågastliggande områda i verda.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kasakhstan er det største landet i Sentral-Asia, men har eit klima som er lite variert. Berre Kaspihavet og Aralsjøen har ein viss påverknad på klimaet, elles er det stort sett berre kontinentalt steppeklima. Aktau på austkysten av Kaspihavet har mindre enn 150 mm nedbør i året med vind over 15 m/s (stiv kuling) meir enn 80 dagar i året. Fleire tiår med kunstig vatning har tappa Aralsjøen, som no nesten er tom. Dette har øydelagt både økonomien og dei økologiske forholda i området.

Dei nordlege steppene får ein del regn- og torebyger om sommaren, og har ein årleg normalnedbør på om lag 500 mm. Dei sørlege delane av fjellområda , inkludert byen Almaty, har ofte ein våtare periode frå mars til mai etterfølgd av torebyger tidleg på sommaren.

Temperaturane i landet varierer mykje i løpet av året, og ofte har ein mykje vind. Vinteren er skya og kald, og dei fleste stader får ofte temperaturar under -10 °C, og enkelte stader ned mot -50 °C. Av og til kan ein fønvind strøyme over fjella og gje stigande temperaturar. Denne vinden kan derimot verte kraftig i enkelte smale dalar, som Dzjungarisk Alatau i nordaustlege område av Almaty, og her kan vinden kome opp i 45 m/s. Om sommaren kan det verte særs varmt i dei lågareliggande områda (over 40 °C), medan områda i høgda har behagelege temperaturar.

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Delar av Kasakhstan (topp) og Kirgisistan i botn. Innsjøen i toppen er Balksajsjøen.

Miljøet i Kasakhstan har vorte hardt råka av menneskeleg aktivitet. Det meste av vatnet i Kasakhstan er forureina av industriell avrenning, insektmiddel og restar av gjødsel, og enkelte stader òg radioaktivitet. Den mest synlege skaden ser på Aralsjøen som så nyleg som i 1970-åra var ein av dei største innsjøane i verda. Innsjøen byrja raskt å tørke inn då vatnet i dei største elvane som renn ut her, Syr-Darja og Amu-Darja, vart nytta til vatning av dei tørre område rundt. I 1993 hadde Aralsjøen mista heile 60 % av volumet sitt og delt seg inn i tre mindre innsjøar. Auka saltinnhald og redusert habitat tok livet av fisken i innsjøen og øydela dermed ein aktiv fiskeindustri. Enkelte av dei tidlegare hamnebyane ved Aralsjøen ligg i dag meir enn seksti kilometer frå kysten. Sidan så mykje vatn er forsvunne har temperaturen auka i regionen, som igjen har fått innverknad på jordbruket. Salt- og gifthaldig jord frå den tidlegare innsjøbotn bles i veg med vinden og har hatt enno større effekt på jordbruket. Støvet vert ført heilt til Himalaya og Stillehavet med vinden. Støvet gjer jordsmonnet salt der det fell ned slik at plantene ikkje veks. Dette har òg påverka fødselsraten og dødsprosenten for spedbarn i regionen er om lag 10 %, samanlikna med 2,7 % i heile landet i 1991.

Vassnivået i Kaspihavet har derimot stige jamt sidan 1978 av grunnar som forskarane ikkje heilt finn ut av. I nordenden av innsjøen har meir enn 10 000 km² av landområda i provinsen Atyrau vorte oversvømd. Ekspertar har rekna ut at om den noverande auken held fram kan kystbyen Atyrau, 88 andre busetnader og mange av oljefelta i Kasakhstan vere under vatn i 2020.

Vinderosjon har råka dei nordlege og sentrale delane av landet etter at ein starta storskala dyrking av kveite i området. I 1950- og 1960-åra forsvann mykje jord då store område av Den kasakhstanske steppa vart ploga som ein del av Khrusjtsjev sitt jordbruksprosjekt. I midten av 1990-åra var det estimert at 60 % av beitemarkene i landet var i ferd med å verte ørkenar.

Industriell forureining er eit problem i dei større byane i Kasakhstan der gamle fabrikkar pumpar ut store mengder ufiltrert og miljøfarlege stoff i lufta og grunnvatnet. Hovudstaden, Almaty, er særleg truga, delvis på grunn av ein kraftig auke i talet på bileigarar.

Det mest alvorlege miljøtrugsmålet i Kasakhstan kjem frå radioaktiv stråling, særleg rundt Semej (Semipalatinsk) i nordaust der Sovjetunionen testa nesten 500 atomvåpen. 116 av desse var over bakken. Ofte var testane utført utan å evakuere eller til og med varsle dei lokale innbyggjarane. Sjølv om testinga tok slutt i 1990 er radioaktiv forgifting, medfødde feil, alvorleg anemi og leukemi er svært vanleg i området.

Bortsett frå nokre få tilfelle er det gjort lite frå offentleg hald for å løyse dei store økologiske problema. I februar 1989 førte motstand mot sovjetarane sine atomprøvesprengingar til at ein av dei største grasrotrørslene, Nevada-Semipalatinsk, vart oppretta av den kasakhstanske diktaren Olzjas Sulejmenov. Den første veka rørsla eksisterte samla dei saman meir enn to millionar signaturar frå alle etniske grupper i Kasakhstan i ein underskriftskampanje der dei kravde av Gorbatsjev stoppa atomprøvesprengingane i Kasakhstan. Etter eitt år med demonstrasjonar og protestar vart ønske deira endeleg innvilga i 1990. Forbodet vart halde i hevd i 1996, men i 1995 vart det rapportert om at det i alle fall var minst ein udetonert bombe att nær Semej.

Etter at Nevada-Semipalatinsk hadde oppnådd dette målet prøvde dei seg på fleire område og vart ei meir generell politisk rørsle, men har ikkje lagt seg på ei økologisk eller «grøn» linje.

Regjeringa oppretta eit departement for økologi og bioressursar med ein eigen administrasjon for radioøkologi. Planane til departementet har derimot låg prioritet og får lite midlar. I 1994 vart berre 23 % av budsjettet deira faktisk nytta på miljøplanar. Det har vorte halde mange møter og konferansar (meir enn 300 har omhandla Aralsjøen aleine), men få praktiske planar er sett i verk. I 1994 gav Verdsbanken om lag 370 millionar kroner til Kasakhstan for at dei skulle takle dei økologiske problema sine.

Naturfarar
Jordskjelv i sør, jordras rundt Almaty
Noverande miljøtrugsmål
Radioaktive eller giftige kjemiske stader etter tidlegare tungindustri og atomprøvesprengingar finn ein heile landet og desse utgjer framleis ein helsefare for menneske og dyr. Industriell forureining er framleis eit alvorleg problem i enkelte byar. Sidan dei to største elvane til Aralsjøen vert nytta til kunstig vatning har dei tørka opp før dei har nådd innsjøen, og han har igjen tørka inn og etterlate eit giftig dekke av kjemiske giftstoff og salt. Desse stoffa og saltet vert så ført bort med vinden i giftige sandstormar. Forureining i Kaspihavet. Forureining av jordsmonn på grunn av for store mengder jordbrukskjemikalie og saltinnhald på grunn av dårleg infrastruktur og dårlege vatningskanalar.
Internasjonale miljøvernsavtalar

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Areal
  • Totalt: 2&nbps;717&nbps;300 km²
  • Land: 2&nbps;669&nbps;800 km²
  • Vatn: 47&nbps;500 km²
Landegrenser
Kystlinje
0 km (omgjeve av land). Den kasakhstanske grensa mot Aralsjøen, som no er delt i to mindre innsjøar er 1&nbps;070 km og mot Kaspihavet (1&nbps;894 km).
Maritime krav
Ingen
Geografiske ytterpunkt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]