Kaspihavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaspihavet
Kaspihavet - Satellittbilde av Kaspihavet. (Kjelde: NASA)
Satellittbilde av Kaspihavet. (Kjelde: NASA)
Koordinatar 40°N 51°EKoordinatar: 40°N 51°E
Type innsjø Endorheisk
Saltsjø
Tilsig Volga, Uralelva
Utsig Fordamping
Tilsigsområde 3 626 000 km²[1]
Tilknytte land Aserbajdsjan
Iran
Kasakhstan
Russland
Turkmenistan
Overflateareal 371000 km²
Middeldjupne 184 m
Største djupne 1 025 m
Vassvolum 78 200 km³
Hydraulisk opphaldstid 250 år
Høgd over havet -28 m

Kaspihavet eller Det kaspiske havet er verdas største innsjø og ligg mellom Asia og Europa. Det har ei overflatevidd på 371 000 km² og er 1 025 meter på det djupaste.

romarane først kom dit skal dei ha smakt på vatnet og merka at det var salt[treng kjelde]. Derfor kalla dei det eit hav.[2] I dag har innsjøen framleis namn med «havet» i på mange språk, og vert ofte rekna som eit innlandshav.

Kaspihavet er endorheisk, som vil seie at han ikkje har noko utsig. Det har ein salinitet på om lag 1,2 % som er ein tredjedel av dei fleste havområda.

Kaspihavet er kalla opp etter den gamle folkegruppa kaspiarar.

Innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Sjøen blei innelukka av land for om lag 5,5 millionar år sidan. Ettersom han ikkje har noko utløp er han eit lukka økosystem eller ein endorheisk innsjø. Flatevidda og vasstanden blir påverka av balansen mellom tilsig og fordamping. I dag ligg vassoverflata i Kaspihavet 28 meter under havnivå.

Kaspihavet har altså ikkje samband med vasstanden i verdshava, men blir påverka av kor mykje vatn det blir tilført frå elvar. Volga er den viktigaste vasskjelda og tilfører om lag 80 % av vatnet. Også Uralelva renn ut i sjøen. Sidan det ikkje har nokre utsig, fører fordampinga frå vatnet til at salt og mineral som vert ført ut i innsjøen via elvane ikkje forsvinn.

Vasstanden i sjøen har auka og minka fleire gonger, ofte svært raskt. Nokre russiske historikarar hevdar at ein slik rask auke i mellomalderen førte til at byar i Khazaria, til dømes Atil, blei oversvømde.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kaspihavet ved Baku i Aserbajdsjan

Landa som grensar til innsjøen er Aserbajdsjan i sørvest, Iran i sør, Turkmenistan i søraust, Kasakhstan i nord og nordaust, og Dagestan, Kalmykia og Astrakhan oblast i Russland i nordvest. Det går vassvegar frå Kaspihavet til Azovsjøen via Manytsj-kanalen og Volga-Don-kanalen.

Av større område rundt Kaspihavet finn ein Den kaspiske senkinga i nord, steppene i Sentral-Asia i nordaust, Store Kaukasus på grensa mellom Russland og Aserbajdsjan, og Garabogazköl på austkysten.

Viktige byar ved det kaspiske havet er Baku i Aserbajdsjan, Turkmenbashi i Turkmenistan, Astrakhan og Derbent i Russland, Atyrau og Aktau i Kasakhstan, og Astara, Anzali, Chalous, og Sari i Iran. Det går fleire ferjer over sjøen, mellom anna ei rute mellom Turkmenbashi og Baku.

Byar ved Kaspihavet[endre | endre wikiteksten]

Kart over Kaspihavet. Dei gule områda indikerer tilsigsområdet til innsjøen.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Ressursar[endre | endre wikiteksten]

Ulike typar stør som gjev kaviar.

Den mest kjende fisken i Kaspihavet er stør. Det er rogna hans som blir brukt til å laga russisk kaviar. På grunn av overfiske har bestanden minka kraftig, og miljøvernarar meiner ein bør forby fisket til han har teke seg opp igjen.

I dei siste åra har ein òg oppdaga at sjøen har store felt av olje og gass. Den nye moglege rikdommen har ført til forsøk på å setja vassgrenser mellom dei fem landa som grenser mot sjøen. Russland, Aserbajdsjan og Kasakhstan skreiv i 2003 under på ein avtale som delte dei nordlege 64 % av sjøen mellom dei, men Iran og Turkmenistan har ikkje gått med på dette. Avtalelanda vil truleg fortsetja oljeutbyggjinga trass i dette, medan dei to andre vil forseinka henne. Det norske verksemda Statoil er involvert i oljeutvinning i Kaspihavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historiske byar som har lege langs breiddene til Kaspiahavet er Hyrcania og Tamisheh i Iran og Atil og Khazaran i Russland. I tidlegare tider har sjøen blitt kalla Det hyrcaniske havet, Den mazandariske sjøen, Khazarsjøen og Den khvalissiske sjøen. Det var romarane som gav innsjøen det namnet han ber i dag, Mare caspium, ettersom han verka som eit hav for dei. På farsi heiter han framleis Dariae mazenderan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. van der Leeden, Troise, and Todd, eds., The Water Encyclopedia. Second Edition. Chelsea, MI: Lewis Publishers, 1990. s 196.
  2. Large Lakes of the World. Factmonster.com.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kaspihavet