Kasplja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kasplja
Utspring Kaspljasjøen
Munning Daugava
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Kviterussland Kviterussland
Lengd 224 km
Nedslagsfelt 5 410 km²

Kasplja (russisk Вишера) er ei elv i Kviterussland og Smolensk oblast i Russland og ei av sideelvane til Daugava frå venstre. Elva er 224 km lang og har eit nedslagsfelt på 5 410 km².

Dei første 157 km ligg i Russland, og resten i Vitebsk voblast i Kviterussland. Ho renn ut frå Kaspljasjøen, og renn saman med Daugava i byen Surazj. Byen Demidov ligg òg ved Kasplja.

Under vikingtida var elva ein viktig del av væringane sin handelsveg til Konstantinopel, då det her var ein dragstad frå Kasplja til ei av sideelvane av Dnepr, som renn saman med Dnepr nær Gnezdovo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]