Kassel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kassel
Wilhelmshöher Allee
Wilhelmshöher Allee
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Kassel
Kassel is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Hessen
Kassel
Kreisfri by
Grunnlagd 1862
Geografi
Flatevidd
 - By

106,79 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

198 589
  1 812/km²
Koordinatar 51°19′0″N 9°30′0″EKoordinatar: 51°19′0″N 9°30′0″E
Høgd over havet 139 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 34117-34134
Telefon-retningsnummer 0561
Bilnummer KS
Nettstad: www.kassel.de

Kassel (fram til 1926 offisielt Cassel) er ein by i Tyskland ved elva Fulda nord i delstaten Hessen med om lag 200 000 innbyggjarar. Byen ligg ved ei av dei to kjeldene til elva Weser. Han er det administrative setet i regionen Kassel

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på byen har opphav i det antikke Castellum Cattorum, eit slott bygd av den germanske stamma Catti, som budde her i romartida.

Kassel vart først nemnd i 913, som ein stad der to dokument vart signert av kong Konrad I. Staden vart kalla Chasella og var ei festning ved ei bru over elva Fulda. Eit dokument frå 1189 viser at Kassel hadde byrettar, men datoen han fekk desse rettane er ukjend.

Kart over Kassel i 1648.

I 1567 vart landgrevskapet Hessen, som fram til då hadde senter i Marburg, delt mellom fire søner, der Hessen-Kassel vart ein av statane. Kassel vart hovudstad og senter for calvinistisk protestantisme i Tyskland. Kraftige festningsverk vart bygd for å verne protestantane mot katolske fiendar. I 1685 vart Kassel tilfluktsstad for 1 700 hugenottar som busette seg i den nye bydelen Oberneustadt. Landgreve Karl, som var ansvarleg for denne humanitære gjerninga, gav òg ordre om å byggje Oktogon og Orangerie. Seint på 1700-talet vart grevskapet berykta for å selje leigesoldatar (hessarar) til den britiske krona for å hjelpe til under den amerikanske revolusjonen og for å finansiere bygginga av palass og landgreven sin overdådige livsstil.

Tidleg på 1800-talet budde Grimm-brørne i Kassel og samla saman og skreiv deira mest kjende eventyr. I 1803 vart landgrevskapet forfremma til eit kurfyrstedøme. Kort tid etter vart området annektert av Napoleon I og Frankrike, og i 1807 vart han hovudstad i det kortvarige Kongedømet Westfalen under Napoleon sin bror Jérôme. Kurfyrstedømet vart gjenoppretta i 1813.

Orangerie

Sidan dei valde Austerrike si side under den austerriksk-prøyssiske krigen vart fyrstedømet annektert av Preussen i 1866. Den prøyssiske administrasjonen slo saman Nassau, Frankfurt og Hesse-Kassel til den nye prøyssiske provinsen Hesse-Nassau. Kassel utvikla seg kort tid etter til eit stort industrisenter, og vart eit viktig jernbaneknutepunkt.

I 1870, etter slaget ved Sedan, vart Napoleon III send som fange til slottet Wilhelmshöhe ovanfor byen.

Under den andre verdskrigen låg ein underleir frå Dachau konsentrasjonsleir her. Dette gav slavearbeidarar for Henschel. Natt til 23. oktober 1943 øydela 569 britiske bombefly Kassel, og om lag 90 % av bysentrumet. 10 000 innbyggjarar mista livet og 150 000 vart heimlause i ein kraftig brannstorm som oppstod. Åtaket vart utført med krigslist, der ein først gjekk til åtak på Frankfurt am Main i om lag fem minutt før ein haldt fram mot Kassel. Dei fleste som omkom var sivile eller skada soldatar på lokale sjukehus, medan våpenfabrikkane stort sett stod uskada. Britane introduserte her Operasjon Corona for å forvirre dei tyske kampflya, noko som gjorde toktet til ein stor suksess for britane, medan den regionale Gauleiter, Karl Weinrich vart fjerna frå posisjonen sin kort tid etter og erstatta av Karl Gerland.

Den amerikanske hæren erobra Kassel 3. april 1945. Kort tid etter krigen vart byen bygd opp att, men lite av han slik han såg ut før krigen. Berre eit par historiske bygningar vart rekonstruert, medan resten vart bygd opp med bygningar i 1950-talsstil.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kassel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]